Noko jentemat var ikkje han Ellev Moen

R.Fot_.36793w

Ellev Moen var berre ein litenvorin kar, men nauende god og kraftig, ein vågal hardkavel. Noko bilde av hans finst sjølvsagt ikkje. Vi får ta til takke med denne bjørneveidaren frå Hoem bygdalag og sjå for oss ein grovsleg kar som vart rekna for stygg.

IVAR KLEIVEN: Ellev Moen var ein av dei beste jegarane som har vore ala i Skåbu, bjønnskyttar og fuglskyttar. Han var en grovslig kar og rekna for stygg. Attåt var han både kleis og leisp. Noko jentemat var ikkje han Ellev Moen. Far til ho som var kjerringa hans, tykte det tok overhand at ho Kjersti ville ha så stygg ein kropp. Ja, ho Kjersti kunne ikkje nekte for at han Ellev såg ut som ein bjønn. Bjønn? sa faren. Bjønn er vakker, han, imot han Ellev. Men ho Kjersti ville nå ha han Ellev likevel, og ho fekk viljen sin. «Nå har du vunne seier, Ellev!» sa ho Kjersti da dei kom ut av kyrkja og var vigde.

Ellev Moen var berre ein litenvorin kar, men nauende god og kraftig, ein vågal hardkavel. Han var så brennandest sint straks noko gjekk han imot eller arga han opp, at det tandra og gnistra av han. Var han tobakkslaus, var det reint ille med bråsinnet hans. Garden dreiv han nok på gamalt vis og forsømde ikkje arbeidet, men det var nok veidinga og fiskinga som drog han hardast, og bjønn hadde han nok beste hjartelaget åt; han skaut manger bjørnar, og han Ellev har ikkje den som skvatt, om det kunne sjå skummelt ut. Ein gong hadde Ellev, bror hans, Lars Dalshaugen, og Ivar Slåen rekkt i hi ein bjønn i Snjolia, men han ville ikkje ut av hiet da dei skulle prøve å få skot på han. Bjørnen låg inne i ei trong, mørk bergklove, så han var skottfri i hiet sitt. Ellev kraup inn i klova til han, og da vart bjørnen endeleg ferdig til å kome ut. «Nå sem´n, nå sem´n», sa Ellev og kom krypande ut av den tronge klova. Men det same bjørnen kom frami dagslyset, flekte han tennene og ga ut eit gaul som ikkje lyddest til å vera av det gode. «Jau, nå var du bra lik deg sjølv att,» sa´n Ellev. Dei to kameratane hans sto reide til å smelle på bjørnen straks han var utkomen, og både skota kom på ein gong, og bjørnen datt dau med det same.

Men nå vart det eit kast for å få veta kva det var for ein av dei to karane som hadde gitt bjørnen sjølve dauhogget. Dalshaugen var ein gløgg rifleskyttar, men han var ein stor røv og let støtt som han var både redd og tufsat: «Ja, e var nå så skjølvin og redd, e», sa han, «at e såg nå vel ikkje kå for ende på rifla e brukte.»

Da karane hadde flådd og opna skroten, fann dei att kula som hadde avliva bjørnen. Ho var merkt, og Ivar Slåen kjende til at Dalshaugen brukte å merke kulene sine. Han tok kula og flidde ho til n´Lars: «Der har du att kula di, Lars,» sa han. Lars lests blir hardleg forundra: «Nei, jadden har e nok fare med å sikta lell, da´ma», sa han.

Det var kanskje da dei hadde skote denne bjørnen at Ellev vart så rasande sint fordi ho Kjersti hadde lånt han Anders Korstahågå merra. Ellev kom heim, tobakkslaus og morkagretten, og så sa ho Kjersti: «n´Anders Kostahågå va innom her og fekk lånt merra vår.» «Djeven brennsteike Korsthågån!» svara Ellev. «N´ la att någå tobakk åt deg au, n`Anders», sa ho Kjersti – jau, da vende veret seg med ein gong_ «E´tykjy rett dæ e dæ såmå om Korstahågån fekk lånt mella vål, e, Testi, men vel med n´i Slåa nå, Testi, så ska du få sjå eit lækkelt dyl!»

Var Ellev tobakkslaus, var han nok ikkje god å omgå, og ho «Testi» hadde noko av kvart å gå igjennom, men samlivet deira var godt likevel, for ho hadde lært å ta tindaurin på rette måten. Men det hende han fekk slike rier med svartsinne at han var som frå seg sjølv. Såleis var det ein haust Ellev dreiv i skogen og lauva, og medan han skulle binde eit kjørv, spratt det oppatt ein svilk, så han fekk eit drugeleg drag over kjeften. Storsinnet spraka på han på flugande timen. Han tok til å tryske og dengje den armen svilken: «Gud gje du hadde hatt liv – eg skull´sli´i deg små som hollandsk gryn!»

Når dei ikkje hadde hest på Moen, kjørte Ellev med okse, men ein gong gjorde oksen seg sta på ei svellkule og sto som han skulle vore staura ned. Da tok sinnaria han Ellev med full makt. Han drog tollekniven og rispa og skar, rispa og skar rundt klauvane på oksen og banna som eit rasande menneskje. Svelle stod som eit drev frå tollekniven hans Ellev, og oksen vart så livande redd at han sprang avlaus.

Det er fortald mykje om desse ustyrlege sinnafikta hans Ellev Moen, men han var nå ikkje noko umenneskje likevel. Han levde eit skikkeleg husliv med «Testi»; det var vondt for han da kjerringa døde frå han.

Ellev Moen levde til han var 86 år gamal og døde i 1857. Med han vart det borte ein av dei glupaste veidarane og fiskarane bygda har ala.

Frå Fronsbygdin 1930

Publiser her første gong 8,. august 2014

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Jordbruk, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s