Kvam i mine oppvekstår 3: 40 km i timen!

Chevrolet

Vi fekk rista ut vintermøkka i ein Chevrolet 1930. Foto: berglitruckstop.no

HELGE STORMORKEN: Odd bror og eg fekk bli med Fredrik Moen i grusbilen på veg til skulen, og Fredrik gav skikkeleg gass, så vi kunne skryte tå oss at vi hadde vore med i 40 km i timen. Men da fekk oss «rista ut vintermøkka au», som uttrykket var, når nokon skulle setjast til veggs for noko. Oppgåva til Fredrik Moen inneheld ikkje snøbrøyting, slik at gardbrukarane i fleire år brukte ein tresnøplog for seks hestar.

treplog

Med seks hestar foran. Foto: Digitalt museum

Det var berre om vinteren at det kunne kjørast etter gardrekka, eller måtte alle «ni vægen» for å koma dit dei tenkte seg. Og vare, mjølk ned og alt som trongst utefrå opp, enten med håndmakt, på rygg, kjelke eller hest. Det kunne bli strevsame turar i bratta, når det låg blanksvell. Ikkje få mjølkeliter gjekk tapt når kjelken eller sleden kom ut av styring og segla sin egen sjø. Det vart lett hard refs eller det som verre var av det, for slikt arbeid var for unge.

Baksida hadde heller ikkje veg eller bru, om sommaren måtte alle ro. Derfor var det mange båtar, minst ein på kvart bruk. Store ferjer til å frakte husdyr over var det både i sør- og nordbygda. Det skulle sterke karar til for å ta seg over i stri strøm med ein slik fullasta farkost. Ofte svom budskapen – ikkje kalv og småfe – og landa langt frå utgangen, men berre nokre få kom seg ikkje tidsnok til lands. Elva var ei viktig ferdselsåre om vinteren au. Ho var issikker kvart år før reguleringa, slik at det var lett å ta seg over både for folk og hest. Men isløysinga var lei. Da måtte dei ofte hogge seg isbruer: At ikkje fleire drukna, er eit under. Råk var det berre på dei stridaste stryka. Der skaffa dei stakkars kvinnfolka seg gikt og lungesjuke med skylling av klesvasken.

Det var ingen fornøyelse å sykle på Kongsvegen, ein smal grusveg med store stabbesteinar,der den gjekk nær elva eller jernbanen. Sykkelen var blytung med grove dekk og utan gir. Hesteskosøm lurte over alt etter vintertrafikken, så lapping var eit fortredeleg onde. «Gauvinga» (støvplaga) var ikkje noko stort problem før bilbruken kom igang, men da var den utåleleg, og finklede passa dårleg i regnvêr. Til alt hell var ikkje trafikken plagsam før sist i tredveåra.

Publisert her første gong 7. mars 2015

Éin kommentar

Filed under Kommunikasjon

One response to “Kvam i mine oppvekstår 3: 40 km i timen!

  1. Ivar Myrrusten

    Mange flotte minner som går i historie, morro og les her for den som dro fra KVAM I 62

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s