Dei underbuande: Felespel ved Furusjøen

fursjoen

Sett rauluva rang på hovudet! Bilde frå Furusjøen rundt.

IVAR KLEIVEN: Huldra hadde godhug til å halde seg på setrene innover mot Furusjøen og Rondane, og det var ikkje lenge mellom kvar gong budeiene merkte at ho var framme. Så var det ein kveld mosefolket kom ned frå fjellet. Da fekk dei høyre levande friskt felespel oppe på ei haug.

Det lêt ein god springleik, og alle høyrde det godt. Ein ung gut tok til å kaste på seg etter springleiken, og da spelet heldt ved, drog dansarhaugen på meir og meir, guten klemte på med stort liv og drog seg nærare og nærare oppover mot haugen der spelet lyddest. Nokon ropte til han at skulle gje seg, men det hjelpte ikkje, og det såg ut til at han ikkje var kar om å slutte, og nærare og nærare haugen kom han. Da var det eit av kvinnfolka som var med, som gjekk bort og tok av han rauluva, rengde ho og sette ho rang på hovudet hans – jau, da gav han seg med dansen, og spelet vart slutt med det same.

Frå Fronsbygdin 1930. Publisert her første gong 5. mai 2014

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s