IVAR KLEIVEN: Huldra hadde godhug til å halde seg på setrene innover mot Furusjøen og Rondane, og det var ikkje lenge mellom kvar gong budeiene merkte at ho var framme. Så var det ein kveld mosefolket kom ned frå fjellet. Da fekk dei høyre levande friskt felespel oppe på ei haug.