Dei åtte absolutt ingenting

Erland Olsen (Byrberget) Tjæreboden, født 17 11 1821 død 05 03 1912.

Han levde gjennom denne tida og kunne nok fortald mykje, Erland Olsen (Byrberget) Tjæreboden, født 17. 11. 1821 død 05. 03. 1912. Bilde frå Vegar Skar.

EINAR HOVDHAUGEN: På 1800-talet sprengde folkepresset alle grenser. Bygdesamfunnet stod avmektig når det galdt absorbere folkepresset på ein menneskeverdig måte. Jordlause husmenn, som sit i ei stugu utan jord, eller med ein skrinn jordflekk kring stugua, representerar den største armodsdom inna husmannsklassa. All jord som ut frå den tids krav var brukbar, var tatt i bruk.

Gardane hadde verken bruk for, interesse av, eller jordresursar for oppretting av nye heimar. Mange av dei yngste husmannsplassane er oppretta på stader der vilkåra for eit næringsmessig tilskott av plassen er svært lite. Den som nå kunne få tak i ein husmannsplass, kunne prise seg heldig. Om kåra var tronge, kunne han likevel etablere ein heim og eit nokonlunde trygt tilvære.

Men nå var det ikkje lenger husmannsplassar til brått alle. Det voks nå raskt fram ei stor gruppe av inderstar og lausfolk, eit fullstendig eigedomslaust proletariat, som bodde i huset hos andre, tok dagarbeid når noko baud seg, og for ein ikkje liten del hangla gjennom med betling.

Betleriet, folk som gjekk og bad seg, hadde eit uhyggeleg stort omfang til sine tider på 1800-talet. Mange av desse folka åtte absolutt ingenting. Dei hadde kanskje ei gryte som dei både kokte i og åt utav. Dei var i ein vonlaus og fornedrande livssituasjon, som i seg sjølv måtte verke demoraliserande og forråande.

I denne situasjonen blir husmannen faktisk ei mellomklasse i bygdasamfunnet. Men samstundes var det folkeoverskottet i husmannsklassa som skapte dette proletariatet av inderstar og lausfolk. Dei var av hans folk, og han kjende samkjensle med dei.

Publisert her første gong 9. mai 2014

2 kommentarar

Filed under Jordbruk

2 responses to “Dei åtte absolutt ingenting

  1. Marianne Kristiansen

    Erland Olsen Bynberget er min tipp-tipp oldefar!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s