Basen etter Pål Kluften på motorsykkel

Pål Kluften med fele. Basen hans fekk seg ein tur.

HARALD RUDI: Den gamle kontrabasen etter Pål Kluften var i bruk i ulike samanhengar. Instrumentet er stort – det er vanskeleg å handtere under transport og med skiftande temperaturar. Ved eit tilfelle gjekk det ikkje betre enn at det synte seg sprekk i ein sarg. Instrumentet tok til å skurre på visse tonar, og vart heller ubrukeleg. I heimbygda fanst mange flinke benksnikkarar, men det var knapt nokon som hadde ein kontrabas i verkstaden sin. Men gjennom ymse kontaktar inna spelmannsmiljøet fekk eg nyss om ein felemakar i Ottadalen. Han hadde godt ord på seg, og det han visste om godt felemakeri kunne koma til nytte i ein såra kontrabas. Etter å ha fått kontakt, kunne eg førebu med på å reise til han på Lalm. Men det var langt mellom bilane på femtitalet. Transporten vart eit problem. Men etter ei tid vart det ei  løysing.

Eg spurde ein kamerat som var i arbeid om han kunne tenkje seg denne turen til Lalm, og ein ettermiddag strauk vi av garde. Vi kom til Lalm, spurde etter vegen til Ola Eide, fekk god forklaring og heldt fram. Vi fann heimen hans, tok oss varsamt inn på tunet, men der var det ingen å sjå. Med små steg nærma vi oss bustadhuset, utan å høre ein lyd frå innsida. Men ein eller annan stad måtte vi finne felemakaren, og etter å ha teke oss forsiktig inn i eit hus på garden, kom han i døra. ”Nå fekk døkk sjå någå som døkk ikkje skull´ sett!” På eit langt bord stod ei rad med flasker med handskrivne merkelappar. Dette var tydelegvis noko av løyndomen til felemakaren. Eg brydde meg heller lite om lakkblandinga, men freista minne han på kvifor eg var komen med denne basen. Han såg på instrumentet, grunda noko, men nikka forsiktig.

Dette vart løysinga, og eg takk for hjelpa så langt. Skysskaren min og eg kasta oss på motorsykkelen og reiste heim.

Publisert her første gong 18. november 2013

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s