Bjørnen på Jostugusalen

53283_119993818065255_8263221_o

Jostugu låg opp frå elva Augla i svingen vest for butikken.

GUNNAR LIEN: I Jostugun var det alltid folk som rak innom for å få seg ein kaffikopp og slå av ein prat. Særleg var det populært blant karane å spela kort om kaffi. Det var nok mest kortspela 101 og 5-kort det gjekk i. Og oppe i andre høgda, på Jostugusalen, vart det arrangert dansefestar. Pipa stod midt i huset slik at dansen gjekk rundt pipa. Men Mathea som var stor og før, kunne vera ei ganske så bestemt vertinne. Det vart sagt at på ein ball eingong var det to karar som rauk i hop og slost. Da vart Mathea så harm at ho tok ein under kvar arm, og bar dei med seg ut på garden.I mars 2005 kunne vi lesa i lokalavisene at nå var Jostugu ved Jensbakken på Sør-Fron riven. Ein stad ved vegen var ved vegs ende. Omtala i avisa synte foto av ei stor gravemaskin som med grådige jafs med klørne sine reiv i sund det gamle huset på berre nokre få timar. Huset, eller stugu som slike hus vart kalla i tidlegare tider, stod så nær inntil E6-en at det nå var farleg å bu der. Statens vegvesen hadde kjøpt huset for å rive det ned. Jostugu hadde ei rik historie bak seg, mellom anna med fremmon ikkje mange kan syne maken til. Ein bjørn hadde vore på vitjing der, og det til og med i andre høgda.

Den gongen såg huset heilt annleis ut enn det som vart rivi ned. Det var ei tvihøgda ”timrastugu” med ope sval på langsida som vende ut mot vegen. I svala gjekk troppa opp til andre høgda der det berre var eit stort rom som vart kalla Jostugusalen. Grunnen som staden låg på, høyrde til sameiga som dei tre Rolstadgardane hadde i Auggelmoen. I ein kontrakt frå 1884 fekk ein som heitte Peder O. Jostuen leige grunn for kvileplass og tomt for ein stugubygning som han hadde bygd opp der. Festeavgifta var symbolsk låg sjøl ut frå pengeverdien på den tida, berre 50 øre i året. Men det stod òg i kontrakten at han måtte føre eit ordentleg hus og ikkje ta inn innerstar. Sidan Peder O. kalla seg Jostuen i 1984, er det nærliggjande å tru at det hadde stått ei mindre stugu på staden tidlegare som ein som heitte Jo hadde budd i. Men kven denne Jo var, har det ikkje vore råd å finne ut av.

Ferdamannskvile og kafé

Jostugu låg sentralt til tett inntil Kongsvegen og like ved landhandleriet på Jensbakken på den andre sida av Auggla. Dette gjorde staden særs høveleg som fermannskvile. Her var folk som fòr og rak etter vegen både med og utan øyk, innom. Det var nok mest lokale, men på sommarstid var det nok òg ein del langvegsfarande som kom innom for å kvile og eta nista si til ein nykokt kaffetår. Og den som trong husrom for natta, kunne berre finne seg ei boso borte i ein krok. Her var det eit rikt sosialt miljø der praten gjekk med gamle og nye kjenningar og her fekk ein nyss om nye hendingar både lokalt og frå lengre utanfrå.
Under folketeljinga i 1900 budde Peder O. ikkje lenger i Jostugun. Dei som bodde der nå var: Stener Knutsen f. 1864 i Heidal, med yrke dagarbeidar i kjøring, kona Oline Olsdatter f. 1865 og borna Ole f. 1886, Marit f. 1888,Kristian f. 1890, Sigurd f. 1893, Redvald f. 1895, Oline f. 1897 og Ottine f. 1899. Og som ikkje det var nok, hadde dei ein leigebuar som dreiv med næringsverksemd, urmakar Kristian Andersen f. 1854 i Eidsberg. Denne Stener Knutsen er den same som vart kalla Steinar Jostugun. Han var ein kjent spelemann som det er samla fleira leikar etter.
Ettersom tog- og biltraffikken tok meir over, fekk nok Jostugu ein gradvis overgang frå ferdamannskvile til bygdakafe. Slike kafear var det mange av i Sør-Fron som i andre bydger på den tida. Steinar Jostugun og huslyden hans vart borte frå staden og inn flytte nye folk. Dei eldste som lever nå, hugsar godt folket som budde der og korleis det var i Jostugun før siste krigen. Da var det Jostugukvinnfolka, Mathea og Mari frå Dalseghagen, som budde der. Dei kalla seg Ødegård til etternamn. Mathea var sjølve kafévertinna. Ho hadde sonen Ole som reiste ut på kvalfangst og seinare busette seg i nærleiken av Sandefjord. Systera Mari hadde døtrene Signe og Marit. Og så budde det ein kar der som vart kalla «Brokkokken» eller berre «Kokken». Det namnet hadde han fått av di han var griskokk på Oden. «Kokken» som var kjærasten til Mari, kom opphaveleg frå Kvam, og rette namnet hans var Mattias Brendeløkken.
Som så ofte for slike bygdakafear, vart det og dikta vise om Jostugu. Dette er Jostuguvisa slik som mor mi, Oddrun Lien f. 1911 på Rolstad, hugsar ho:
(Melodien er den same som for skillingsvisa I en sal på hospitalet)

Tett ved veien står en kafé,
Jostuen er dens rette navn.
Men kalles også Basso,
med en mild og munter klang.

Den som før var kaféens eier,
var en tynn og mager mann.
Den som nu den innehaver,
er en tykk og fet madam.

Du kan tro det er liv i Basso,
tre kortleiker er i gang,
Og ho Matja fort seg svinger,
for å kaffen få i stand.

Den tynne og magre mannen som var kaféeigar før Mathea kom dit, var nok Steinar Jostugun.

Besøk av bjørn

Men kvifor vart kaféen kalla Basso?
Det er her historia om bjørnen kjem inn i bildet. Det hadde seg slik at ein mann fòr omkring og synte fram ein tam bjørn. Ei av framsyningane hadde denne bjørnetrenaren lagt til Jostugu og til og med greidd å få med seg bjørnen opp den bratte troppa i svala til salen. Kva årstal dette hende, har det ikkje vore råd å tidfeste heilt. Men Torstein Rolstad (f. 1927) fortel at mor hans, Ragnhild Rolstad i Fautgarden (f.1896), var med og såg denne framsyninga som jentunge. Det skulle tyde på at det var i eit av dei fyrste åra på 1900-talet, truleg på den tida Steinar Jostugun budde der. Denne bjørnen, som hadde namnet Basso, var trena opp til å gjera ymse kunststykke slik som bjørnar på sirkus gjer. Mellom anna kunne han brote ryggjetak med ein mann. Bjørnen var da lært opp slik at i det fyrste taket han tok med mannen, var det mannen som vann. Men i det andre ryggjetaket dei tok, fekk bjørnen bruke kjempekreftene sine og braut mannen lett i golvet. På den måten enda brytekampen mellom mann og bjørn uavgjort 1-1.
Emil Fevolden (f. 1922) fortel at naboen hans da han var guttunge, Bersvein Akslevolden (f.1863), hadde fortalt at han hadde våga seg til å ta ryggjetak med bjørnen. Med det same Bersvein tok i på fyrste taket, velta bjørnen seg bakover slik at han vart liggjande oppå bamsen. Etterpå, da dei hadde reist seg oppatt, spurde trenaren bjørnen sin: «Syn meg den sterke mannen som du braut ryggjetak med». Bjørnen gjekk da bort til Bersvein som nå stod blant dei andre, reiste seg opp på bakbeina, la eine framlabben på oksla hans og klemde han ned i golvet.
Men dette opphaldet på Sør-Fron fekk ei tragisk avslutning. Farfar min, Gustav O. Lien (1880-1962), fortalte at dei stengde bjørnen inn i ein stall på Nigard Rolstad for natta. Da tok nokre rampegutar og stakk bjørnen med lange spisse staurar gjennom gluggen i veggen. Bjørnen vart rasande og braut åv staurane like fort som gutane stakk dei inn. Etter denne ugjerninga vart bjørnen så mannevond at han ei tid seinare drap trenaren sin.
Det hadde nok hendt fleire gonger tidlegare at det har fare karar gjennon dalen her og synt fram tamme bjørnar. Anton Tagestad (f. 1920) fortel at da bestemor hans var tenestegjente på Uppigard Rolstad på 1880-talet, var det ein kar som var innom i Rolstadgardane for å syne fram ein bjørn. Andre historier om framsyning av bjørnar finst både frå Skåbu og Heidal.
Etter Mathea og Mari var det Olaf Dalseghagen, ein slektning av dei, som flytte inn i Jostugun med kona Nelly og borna deira. Dette var under siste krigen. Kaféverksemda tok slutt, men dansefestane oppå salen heldt fram i fleire år etter krigen. Audun Dalseghagen f. 1941, son av Olaf og Nelly, kjem godt i hug at når det var dans oppe, måtte dei setja støtter oppunder taket nede for at ikkje golvet oppå salen skulle svaie for mykje.
I 1951 vart huset bygd heilt om. Svala på øversida vart riven ned og tømmerveggene var kledde inn slik at huset i det ytre fekk form som eit moderne hus på den tida. Etter det vart huset berre brukt som eit vanleg bustadhus.

Jostugu ute av soga

Så gjekk åra både for Jostugu og for folket som budde der. Det som tidlegare hadde vore ein stor føremonn for Jostugu, at huset stod så nær hovudvegen, vart etterkvart meir og meir ei ulempe. Den aukande biltrafikken vart stadig meir plagsam. Støyplaga kunne gå ut over nattesøvnen og fleire gonger hende det at uheldige bilførarar køyrde inn i veggen. Eit slikt hus var ikkje til å bo i lenger, og derfor gjekk det som det måtte gå, at historia til Jostugu enda i klørne på den store gravemaskina.

Publisert her første gong 28. oktober 2013

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn, Verksemder

One response to “Bjørnen på Jostugusalen

  1. Grethe Nilsen, Oslo

    Dette var artig og lese, da besteforeldrene mine het Stener og Oline jostuen (Knudsen) Moren min hette Oline og hun fortalte om bjørnen, men vi barna trodde hun skrønte.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s