Monthly Archives: oktober 2015
Da Per Tofte møtte munken i Nidarosdomen
Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn
Ta farvel med gamle E6

Her kjem nye E6. På tide å ta farvel med den gamle. Foto: Fredrik Weikle
Nye E6 som nå skjer seg gjennom bygdene, er truleg det største menneskeskapte inngrepet i bygdene våre nokon gong. Trass i to lange tunnelar og at planleggjarane er mykje flinkarere til å ta estetiske omsyn enn før, er dette eit inngrep som set eit varig skilje. På Rudi gard torsdag kl 1830 kan du få med deg Fronsbygdin 2015, der fleire artiklar tar farvel med gamle E6, med riksveg 50 og Kongsvegen som gjennomfartsårene. Du kan ôg lese om aktiviteten som har vore knytt til desse vegane: bensinstasjonar, campingplassar og serveringsstader. Bygdene våre er i stor endring. Derfor er dokumentasjon av fortida viktigare enn nokon gang før.
Filed under Informasjon
Møt Per Tofte på Rudi
Per Tofte kjem til boklanseringa på Rudi gard! «Den heilt store begivenheta i teaterlivet mitt var Peer Gynt ved Gålåvatnet,» skriv han i årets utgåve av Fronsbygdin. «Dei seks somrane som Peer står som eit heilt uutsletteleg minne, (…) noko eg ber med meg som ein dyrebar del av livet mitt«. I boka kan du lese om gardguten som ville ut og vart trygla om å finne på noko anna enn å bli skodespelar. Men – du kan altså attpåtil høyre han sjølv fortelje – når du kjem til Rudi gard torsdag 29. oktober kl 1830 til bokslepp, kål og konsert.
Filed under Informasjon, Kunst og handverk
Tre timar frå Listad til Golaa
Noko å lære her? ..»veien stiger nu jevnt opp gjennem den øvre del av bygden, den såkalte Skurdal, inntil man har passert de øverste gårder, hvorfra man har en vakker utsikt over de veldyrkede Fronsbygder.» Slik marknadsførte dei Gålå i 1895: Les meir
Filed under Kommunikasjon, Verksemder
Litt av ein kveld!
Er du kvamvær og har fått deg eit klengjenamn, trivst du med det. Truleg. Det skriv Håkon Sveen om i årets utgåve av Fronsbygdin. Ta deg ein tur til Rudi gard torsdag 29. oktober kl 1830 – og du får med deg litt av ein kveld! Først lansering av boka med mykje gildt lesestoff. Så servering av kål. Og så – medlemmane i Fron historielag får spesialpris – kr 200 – til konserten som tar til kl 2030. Og det er litt av ein konsert! Med trykket og drivet frå rock & pop, men ôg finstemt og delikat musikk som går rett til hjartet. Vel møtt!
STINNERBOM, kVITNES &VÄSTANÅ ORCHESTRA
Filed under Uncategorized
Dei underbuande: Felespel ved Furusjøen
IVAR KLEIVEN: Huldra hadde godhug til å halde seg på setrene innover mot Furusjøen og Rondane, og det var ikkje lenge mellom kvar gong budeiene merkte at ho var framme. Så var det ein kveld mosefolket kom ned frå fjellet. Da fekk dei høyre levande friskt felespel oppe på ei haug.
Frøningenes merkverdige skikker ved brylluper
HUGO FREDRIK HJORTHØY: Brudeparet geleides til sengs av svennene og kjøgemesteren, og etterat bruden er avkledt sin brudestas, synges en salme. Brudgommen tar kronen av bruden og setter en sort hue på henne, og bruden setter en mannshue på brudgommen, derpå synges tvende vers av en salme om ektestandens lykksalighet. Les meir
Filed under Biografiar, Menn
Basen etter Pål Kluften på motorsykkel

Pål Kluften med fele. Basen hans fekk seg ein tur.
HARALD RUDI: Den gamle kontrabasen etter Pål Kluften var i bruk i ulike samanhengar. Instrumentet er stort – det er vanskeleg å handtere under transport og med skiftande temperaturar. Ved eit tilfelle gjekk det ikkje betre enn at det synte seg sprekk i ein sarg. Instrumentet tok til å skurre på visse tonar, og vart heller ubrukeleg. I heimbygda fanst mange flinke benksnikkarar, men det var knapt nokon som hadde ein kontrabas i verkstaden sin. Men gjennom ymse kontaktar inna spelmannsmiljøet fekk eg nyss om ein felemakar i Ottadalen. Han hadde godt ord på seg, og det han visste om godt felemakeri kunne koma til nytte i ein såra kontrabas. Etter å ha fått kontakt, kunne eg førebu med på å reise til han på Lalm. Men det var langt mellom bilane på femtitalet. Transporten vart eit problem. Men etter ei tid vart det ei løysing.
Filed under Kunst og handverk, Musikk