HARALD RUDI: Eit ungdomslag i bygda skulle feire jubileum, huset gav seg sjølv, ei lang rad menneske var invitert, gamle som unge. Feiringa gjekk føre seg midt i femtiåra. Her vart servert tradisjonell landsens mat – rumgraut og spekemat, drikke var heimebrygd øl. Stemninga steig etter kvart, og på full mage skulle festlyden ta til med gamaldans. Festen gjekk retteleg fint utover kvelden og natta, men så kom festkomiteen på at det kunne smaka med mat att. Grauten og spekematen kom fram andre gongen, og alle fekk ei god pause. Men med ny energi laut festen halde fram.
Dette var eit privat opplegg, så øvrigheita kunne berre hald seg borte. Dette jubileet vart halde i den lyse årstida, og ettersom dansen gjekk lystig vidare, begynte sola å vise seg. Med stutte pauser heldt festen likevel fram utover morgonen, men ein gong måtte denne trivelege samkoma ta slutt. Leiaren for trioen reiste seg og ropte ut i salen: SISTE DANS! Vi fekk spela ein til, takka for oss og skulle til å pakke ned instrumenta, da ein velvaksen og framleis feststemt kar kom opp på scena og sa følgjande:
Spelle ´økk itte ein té åt mé, så spæinne e´hol ti bassen din!
Vi hadde ikkje noko val. Men da var klokka halv ni sundagsmorgonen…
Publisert her første gong 25. mars 2014