Skotet gjekk av så måsåspruten stod

reinJOHAN DALSEG: Det var berre eit par dagar att av reinsjakta om hausten. Da var det naboen, Sigurd Dalseghagen, dukka opp. Han hadde reinsjakt, men ikkje fått dyr, og spørsmålet var om eg ville vera med til fjells. Eg sleit med influensa, og tvilen var der om eg orka med dette, for eg visste at det var ingen spasertur eg ga meg ut på, sterk og fjellvant og lett på foten som Sigurd var.

Fjell-lengten og brennande hug til å bli med vart sterkare enn tvilen, og det bar i veg.

Det hører med til denne historia at dette var nett det året det hadde kome nye forskrifter om våpen til reinsjakt. Minste lovlege kaliber skulle vera 7,62 mm og da med hylselengde ikkje under 63 mm. Skyteprøve var enda ikkje innført, og anlagsenergi var tydeleg eit framandord for forskriftmakarane. Ikkje berre Krag-Jørgensenrifla, men fleire kalibrar brukt til storviltjakt over heile verda, var soleis utelatt. Derimot kunne gamle Remingtonrifler og andre grovkalibra børser, som forlengst var gått ut på dato, tas i bruk. Berre «såtuten» hadde stort nok hol, var børsa lovleg på reinsjakt. Dette er eit slåande døme på når skrivebordsfanteri overkjører vit og forstand. Sigurd hadde fått låne ei amerikansk «muskedundre», halvautomatisk, men nå utan magasin.

Frå Eldåsetra tok vi leia mellom Rundhøa og Gråhøa, og komne inn mot Storslette gjekk vi oss beint på fire småvorne reinsdyr. I skjul av måsårabbane framfor oss var det berre å la børsa og krype i stilling. Mens Sigurd putta patronen i kammeret og skuvde sluttstykket fram att, gjekk skotet av så måsåspruten stod. Børsa spente stygt, og i tillegg kom rekylen på denne halvautomatiske greia. Knarten på sluttstykket fekk tak i tjukklompen i neven og reiv den nesten laus. Det vart eit vinkelforma stort sår, som blødde fælt. Å snu nasen heimover att kom ikkje på tale, vi bandasjerte så godt vi kunne og la i veg att. Reinsdyra fann vi ikkje att, og i skumringa nådde vi fram til gjætarbua i Vuludalen. Der overnatta vi.

Tidleg om morgonen kunne vi i kikkerten skimte rein mot himmelranda lengst inne på Geitsida. Det tek om lag ein time å gå dit frå gjætarbua, og da ser ein like ned på Atnasjøen. Den vesle reinsflokken på 10-15 dyr heldt seg i ro til vi nådde fra, men vart med eitt så uroleg da vi skulle stille innpå. Ein stor langskjeggut bukk kom snøgt til syne, men skotsjanse vart det ikkje. «E såg for me n’Amund Roven», spøkte Sigurd da han snudde seg mot meg. Amund hadde au langt skjegg.

Reinsflokken sette kursen nedover. Da vi kom på toppen over Blåknappen, såg vi flokken fôr over Blåknappen med retning mot Hornflågan, men da vi nådde Blåknappen, såg vi ikkje snurten av dyra. Vi rekna med at flokken var i Hornflågan og fortsette etter. I Steindalen melde kaffetørsten seg for fullt. Der var det vatn, og det vart kvild og kaffekoking. Eg hugsar Sigurd drakk åtte kruttsterke koppar før vi fortsette.

Reinsflokken var tydelegvis på trekk nordover, og einaste sjansen vår til å få kontakt att, var om vi greidde kome oss nordom Hornflågan før flokken passerte der. Vi tok snøggaste leia over Benkin, og på tur over mot Hornflågdalen hørte vi det rulla stein i brattura ovafor oss. Rett nok var det reinsflokken som kom ned frå Hornflågan. Vi la oss ned og ville få skotmål når flokken passerte. Ein stor bukk vart fri, og Sigurd skaut. Skotet gjekk diverre over, og flokken forsvann mot Illmannhøa. Ja, da var det ikkje anna å gjera enn å finna snøggaste leia heim – framover Hornflågådalen, mellom Simlehøa og Veslehøa, over Djupbekken og fram til råket ved Vesle Eldålægeret.

Vi kom fam til Eldåsetra om kvelden. Hadde Sigurd hatt lov til å bruke Kraga si, som han var van med og sikker skyttar som han var, er eg viss om at jaktturen vår hadde endt ved Storslette på innoverturen. Reinskjøt vart det ikkje på oss, men ein svært lang og minnerik jakttur. Og for min del – influensa var som blåse bort. Frisk fjell-luft i store mengder var det som skulle til.

Frå artikkelen «Glimt frå Vulufjell» i Fronsbygdin 2004. Publisert her første gong 20.3. 2015

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s