Du må vera frå ein stad for å vera nokon

Ein stad å vera frå. Fronsbygdin 2015 blir lansert på Rudi Gard torsdag 29. oktober. Foto: XC Paragliding

RASMUS STAURI: Tor Jonsson skriv at når du kjem til ein ny plass, skal du gå på kyrkjegarden og lære deg namn. Da kjenner du plassen du har kome til med ein gong. Eg gjorde som Lomsdiktaren skreiv her ein dagen – gjekk på heimekyrkjegarden på Sør-Fron og såg på namn. Det slo meg kor mange kjenningar eg møtte – på steinane. Når eit gammalt menneske døyr, blir eit kunnskapsarkiv borte, seier eit gammalt ord. Ei dør mot fortida blir brått stengt att, og vi sit der med mange spørsmål som vi så gjerne skulle ha hatt svar på. Brått ein dag er det for seint.

For nokre år sidan var det ein debatt i GD: Er vi overfora på lokalhistorie? Stengjer lokalhistora for framtida, og lullar vi oss inn i fortida berre – utan å sjå framover? Er lokalhistoria berre ein rømningsveg for å koma utanom alt som er utfordrande? Burde ein ikkje heller i større grad tenkje nytt og vera skapande? Det er rett å spørja.

Men debatten synte at folk likar lokalhistorie. Lokalhistoriske bøker er bestseljande. Ikkje minst her i dalen. Journalisten som tenkte sine kjettartankar, fekk kanskje det svaret han mest ønskte. Folk sa han beint i mot! Ein treng kunnskap om lokalhistoria si for å vera med mot framtida. Ein må sjå seg tilbake for ikkje å miste orienteringssansen mot det som ligg framom. Med det er ikkje det same som at ”det var så mykje betre før”. Det er gammalmannstankar. Historia bør vera inspirator og bakgrunnteppe..

Den lokalhistoriske Fronsbygdin, kjem snart i ny utgåve. Her finst artiklar skrivne av vår tids frøningar og ein og annan gjesteskribenten. Det er eit fellesarbeid. Det er viktig og rett å sjå bygdene utanfrå også, for elles kan ein fort bli navleorientert og trong i blikket. Det er elles ei glede å vera medredaktør. Ikkje minst fordi boka sel, og fordi folk har skrivelyst og ikkje minst skriveglede.

For ti år sidan vart eg oppringt av ein kar eg berre kjende av namn. Du må vera med meg på ein tur til Lillehammer, sa han. Der lever ho Aud, og ho har ei historie som er uvanleg, og ”eg trur vi har dårleg tid”. Det siste var dessverre rett. Vi drog ned til dølabyen og fekk nokre timar i hop med Aud, som eg ikkje vil gløyme så fort. Aud var ei av tre jenter som hadde 9 kilometers skuleveg alt frå ho var folkeskuleelev som 7-åring. Det vart 18 kilometer kvar skuledag utan skulebuss. Ho og systrene hennar tok seg fram til fots, med ski og på kjelke dei lange metrane fram til skulen frå heimen øvst i Frydalen. Haust, vinter, vår i skiftande lende og vêr. Ein plass der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Vi drog seinare ned til den vesle plassen Storlykkja innafor Standarstulen på Sør-Frons austkjøl, og tok oss fram til det fråflytte bruket. Her nede låg inntrykka og historia og venta på oss. Ikkje eit hus stod att i brukande stand, berre steinmurane etter husa låg att i det friske junigraset.

I Fronsbygdin 2005 skreiv Johan Dalseg og Einar Rolvsbakken ein artikkel om desse tre jentene som sleit meir enn mange for å koma seg til skulen tre gonger i vek: Storlykkja – ein buplass verd å minnast Ei nesten gløymt side ved bygdalivet vart drege fram på nytt – i milevid mentalitetsforskjell og veremåte frå dagens kvardag. Å romantisere slike kvardagar som Aud og systrene hennar laut leva i, har ingenting for seg, men historiene deira og livsminnet deira bør vera oss til hjelp i dette å sjå større samanhengar i vår moderne kvardag. Berre det kan vera eit godt argument for å bry seg med lokalhistoria i ei global verd – ei verd som blir stadig mindre og større samtidig. Du må vera frå ein stad for å vera nokon, er eit gammalt ord. Sant er det au.

Og Fronsbygdin 2015 blir altså  lansert på Rudi Gard torsdag 29. oktober.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s