Daily Archives: 22. september 2015

Du må vera frå ein stad for å vera nokon

Ein stad å vera frå. Fronsbygdin 2015 blir lansert på Rudi Gard torsdag 29. oktober. Foto: XC Paragliding

RASMUS STAURI: Tor Jonsson skriv at når du kjem til ein ny plass, skal du gå på kyrkjegarden og lære deg namn. Da kjenner du plassen du har kome til med ein gong. Eg gjorde som Lomsdiktaren skreiv her ein dagen – gjekk på heimekyrkjegarden på Sør-Fron og såg på namn. Det slo meg kor mange kjenningar eg møtte – på steinane. Når eit gammalt menneske døyr, blir eit kunnskapsarkiv borte, seier eit gammalt ord. Ei dør mot fortida blir brått stengt att, og vi sit der med mange spørsmål som vi så gjerne skulle ha hatt svar på. Brått ein dag er det for seint. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk