Skulestova har vore ein fin arbeidsplass!

«På den tida dreiv kommunen ein realskule på Furuheim. Der skulle læraren i fysikk og matematikk stelle i stand sprengstoff til første mai. Han blanda i hop svovel, kol og andre nødvendige ingrediensar. Då blandinga eksploderte under prosessen, vart han blind for ei tid. Slik hadde det seg at eg vart spurt om å vikariere. «

NILS OS FORTEL TIL OTTAR HOVDE: Det første møtet med Fron vart heller dramatisk. Ettersom kona mi, Else, var bunden opp av ein lærarpost på Vestlandet, kom eg åleine til Vinstra stasjon ein regnversdag i midten av oktober hausten 1945. På stasjonen fann eg ein buss med 25 sete, men dei var alle opptekne, så eg hamna på eit reservehjul oppe på taket saman med tre staute karar frå Kvikne. Vegen gjekk den gongen gjennom Liadalen ettersom nyvegen over Kongsli enno ikkje var bygd. Då vi kom forbi Lo og oppigjennom Liadalen, stirde vi snart rett ned i fossestryka langt der nede i Vinstradalen. Frå Vestlandet var eg jo vandt med litt av kvart når det galdt framkommelege og uframkommelege vegar, men når eg tenkte på at det var mest tre mil opp til Skåbu, spurte eg forsiktig om det var slik mykje av vegen. – Å ja, drog karane frå Kvikne på det! Men snart vart det plass inne i bussen, og eg kom vel fram.

Nils Os fortel: Eg vart fødd på ein av Os-gardane på Nordfjordeid i 1915. Som mange bondegutar hadde eg ”hug til boka”. Men eg var heldigare enn dei aller fleste på den tida ettersom det var gymnas på heimstaden min. Derfor kunne eg ta examen artium ved Eids Gymnas i 1936. Før eg starta på lærarutdanninga ved lærarskulen i Volda, rakk eg også å få med meg befalsskulen for ingeniørvåpenet. Eg vart uteksaminert frå Volda i 1940. I krigsåra opplevde eg eineståande samhald, men det var sjølvsagt også vanskelege år. Ei tid arbeidde eg som snikkarlærling i Volda, og eg fekk også med meg ein halvårig handelsskule og eit halvt års utdanning ved Statens sløyd- og tegnelærerskole på Notodden. Desse aktivitetane var delvis motiverte ut frå eit ønske om å følgje parolen til motstandsrørsla, som gjekk ut på at lærarar ikkje skulle søke stilling i skulen. For meg førte dette til at eg slapp å komme inn i det nazifiserte lærarsambandet.

Hausten 1945 søkte eg så, og fekk, stilling ved framhaldsskulen i Skåbu. Eg var elles langtfrå den første vestlendingen som kom flyttande over fjellet til Gudbrandsdalen. Alt på slutten av 1800-talet kom Ole Gjørven og Jon Sætre, begge frå Stryn. Den siste vart lærar og kyrkjesongar i Kvam. Frå Stryn var også Rasmus Stauri, som kom til Kvam og etablerte folkehøgskulen på Vik i 1902. Seinare kom N. N. Ringdal frå Sunnylven til Brekka skule. Frå Hardanger kom Isak Haabrekke. Albert Kvammen kom frå Sogn i 1912 og Jon Bugge frå Romsdalen i 1918, om eg minnest rett. Etter meg kom mellom andre Ola Blakseth frå Nordfjord, Jon Brunvoll frå Aukra, Rangvald Skarstein frå Breim og Marta Brekke Furuheim frå Sogn.

I Skåbu

Eg kom til ei vakker fjellbygd og vart teken fint imot. Privat budde eg hos Emil Heide og kona hans, ho Petra. Klassen utgjorde ein ungdomsflokk på 22 elevar, det var fine, interesserte elevar, dei fleste i 14- 15-årsalderen, men nokre få var nærare 20. Vi hadde fast skulebygning og firdelt skule. Utstyret var meir enn enkelt, det var tavle og krit. Elevane fekk eit tilskot på 39 kroner til bokkjøp. Mellom anna hugsar eg at vi måtte bestille reknebøker, men dei kom ikkje før i februar, slik at 22 elevar og ein lærar måtte greie seg med fem bøker. Men det gjekk no det også, på eit vis. Hovudfaga var rekning og norsk, og så minnest eg at vi hadde ein time religion i veka.

Lønna den gongen var 50 kroner veka i småskulen og 60 kroner i storskulen. Her må det leggast til at undervisningsplikta var 30 timar i småskulen og 36 timar i storskulen, slik at timelønna vart den same. I framhaldsskulen fekk vi 90 kroner i veka. Postane var ordna i 24 veker, så eg fekk då 2160 kroner i året. I tillegg kom 300 kroner i butillegg og 600 kroner i såkalla rikstillegg. Frå dette gjekk 10 % i pensjonsinnskot.

Eg var uvanleg heldig med kollegaene. Sigmund Hernæs tok vel imot meg. Vi var så ulike, sa kona hans, ho Nora, men passa så godt i lag. Han var kunstnaren og eg bondegut og realist frå Vestlandet. Den andre kollegaen var Margit Blekastad. Syster hennar var gift med Olav Aukrust, slik at Margit var godt forankra i folkehøgskulemiljøet. Ho rådde til å ha elevkveldar, så det arrangerte vi annankvar fredag, om eg minnest rett. Det var opplesing, musikk og song, og elevane førte bok. Alle møtte fram på kveldstid, jamvel om dei måtte gå lange vegar, særleg dei frå baksida.

Sus i serken

Munnleg kommunikasjon med Else, som var att på Vestlandet, var meir enn vanskeleg. Telefonlina den gongen hadde ein tråd i tillegg til jording. Ein gong prøvde eg å ringe.

– Hallo, hallo, høyrde eg langt, langt borte, og så vart det mest susing og skraping, men med innskot av meldingar om kalving og andre forvitnelege ting inn i blant. Og desse meldingane kom svært tydeleg igjennom, men ”halloen” i andre enden kom heilt bort. Det vart med det eine ringeforsøket. Utpå vinteren kom forresten Else flyttande etter, og no vart det skikkeleg sus i serken, får eg seie. Else var leikleiar og arrangerte kurs i folkeviseleik. På den måten fekk ho kontakt med heile bygda, medan eg hadde mest kontakt med elevane mine.

På den tida dreiv kommunen ein realskule på Furuheim. Der skulle læraren i fysikk og matematikk stelle i stand sprengstoff til første mai. Han blanda i hop svovel, kol og andre nødvendige ingrediensar. Då blandinga eksploderte under prosessen, vart han blind for ei tid. Slik hadde det seg at eg vart spurt om å vikariere. Det sa eg ja til, og kom såleis til å pendle mellom Skåbu og Vinstra for ei stutt tid, men på slutten budde eg på Hønhaugen. Det var ei fin tid, men strevsamt for elevane, som måtte dra til Lillehammer for å ta eksamen, då skulen ikkje hadde eksamensrett. Dette vart elles siste året for realskulen, for gymnaset vart starta opp på Furuheim frå hausten 1946.

På Sjoa

Same hausten vart framhaldsskulen flytta til Sjoa, og eg vart på nytt tilsett i mellombels stilling for eitt år. På Sjoa møtte eg elevar frå dei tre krinsane Sandbu, Kjørum og Sjoa, og så kom fem elevar frå Heidalen, som den gongen var eigen kommune. Somme av dei sykla til skulen i allslags ver og føre. Fantastisk! Spesielt hugsar eg ei jente frå fjellsida opp mot Faukstad. Ho gjekk ned på vegen, sykla til Sjoa og attende om kvelden, og så var det å gå det siste stykke igjen for å kome heilt heim. Det var ei kjekk tid. På eit 50-årsjubileum for nokre år sidan møtte alle som då levde, og eg kjente dei att alle saman.

Hausten etter vart det lyst ut fast stilling i barneskulen. Til denne stillinga var det heile 55 søkjarar. Eg hadde den føremonen at eg hadde vore ved skulen året før og vart svært glad då eg var så heldig å bli tilsett. Det var todelt skule, småskule og storskule, slik at elevane gjekk på skule annankvar dag. Skulehuset hadde både lærarbustad og lærarinnebustad. Den siste hadde eit rom mindre. Om ein ikkje kunne få slik bustad, fekk ein lærar ei godtgjersle på 300 kroner og ei lærarinne 200 kroner i året. Huset stod på ein morene, og vassforsyninga var eit spesielt problem. Vi hadde ein brønn der det var 18 meter ned til vassyta. Denne brønnen vart forresten seinare gjenkasta. Når ein elev vart tyst i skuletida, ordna eg det slik at ho eller han kunne gå inn i lærarbustaden og drikke der. Seinare fekk vi ordna med innlagd vatn, og vi fekk då også ein kran inne i sjølve skulestova.

Frå denne tida minnest eg med stor glede eit ”prosjekt” som vi gjennomførte. Vi ynskte oss radio for å kunne ta inn nokre av dei mange gode programma i NRK. Fylket gav 50 % i tilskot til slike innkjøp, medan skulen og krinsen måtte skaffe resten. For å skaffe inntekter tok vi utgangspunkt i ei stor, fin trekasse, som vart omgjort til dokkehus med to rom og kjøkken! Inventaret ordna elevane med på eiga hand, for det meste på fridagane heime. Det vart gardiner og golvteppe, det kom møblar på kjøkken og stove og soverommet fekk sengeutstyr. Byggverket stod på golvet i klasserommet og vi fryda oss over velgjort arbeid. Så vart det loddsal. Folk støtta godt opp om oss, slik at det kom inn om lag 500 kroner. Saman med tilskotet frå fylket var dette nok til ein god radio, som fekk plass på ei hylle på veggen mot Heidal. No kunne vi endeleg få glede av gode NRK-program, rett nok ispedd ymse slags skurring – for det meste ein monoton brummetone, som ein transformator i nabolaget fekk skulda for. Ulydane vart svakare etter kvart, og vi fekk meir og meir glede av det som kom frå radioen.

Andre funksjonar

I folkeskulen var det den gongen slik at ein lærar kunne bli beden om andre ting enn det som hadde direkte med skulen å gjere, og eg fekk god kontakt med folk både i glede og sorg. Det var langt til presten, som budde på Vinstra, og ein kunne bli beden om å synge ut, som dei sa. Sjølv om eg ikkje var nokon stor songar og sjølv om eg kunne gruve meg litt på førehand, har eg aldri angra på at eg var med i heimane i slike høve. Det var forholdsvis greitt når det var gamle folk, men annleis når det var unge. Særleg hugsar eg kor vondt det var å synge ut ein av mine eigne elevar.

Eg har aldri søkt stilling som klokkar, men måtte ta på meg funksjonen, og Else var organist. Prosten var Nordrum, ein eldre, myndig kar, som eg kom veldig godt ut av det med. Ein gong skulle eg vere klokkar på ungdomshuset, og mellom anna lese inngangsbøna. Framføre meg hadde eg altarboka, men ettersom eg kunne denne bøna utanboks, tok eg til: – Herre, eg er komen inn i dette heilage huset ditt. Så såg eg ned i boka, der det stod: – Herre, jeg er kommet inn i dette ditt hellige hus. Men eg heldt då fram og las resten av bøna på nynorsk. Seinare, då Nordum var oppe hos oss til kaffi, sa eg meg lei for at eg ikkje hadde halde meg til boka. – Å, det var flott det Os, at du leste på nynorsk, jeg skulle så gjerne ha kunnet gjøre det selv også! sa prosten.

Ein annan tilleggsfunksjon var å vere bibliotekar. Det var betalt, men eg må seie at kommunen fekk billege tenester den gongen. Løna var 25 kroner året, med opningstid midt på dagen på søndagar – noko eg fekk endra på. Tilbodet om boklån var elles svært populært, med store utlån til born og vaksne i alle dei tre krinsane som eg før har nemnt. I denne tida snikra eg også eit biblioteksrom for kommunen.

Vestlandsk mellomspel og tilbake til dalen

Eg var på Sjoa i åtte år. Det var ei fin tid med flotte elevar, som det alltid har vore kjekt å treffe att seinare, og eg kan ikkje hugse at det var problem av noko slag i så måte. Likevel fekk eg lyst til å søkje meg til ein større skule, ikkje minst fordi eg ville ha ein post med såkalla lærarjord. Her i kommunen var det berre eit par krinsar som ikkje hadde jordveg knytt til lærarstillinga. Til slutt vart eg tilsett i ei stilling med lærarjord og gode vilkår på alle vis i Barstadvika på Sunnmøre. Vi hadde mellom anna 20 høner og to griser. Det var lakseelv og høve til sjøfiske. Else planta blomster og eg braut jord! Dette vart likevel berre eit kort mellomspel. Else fekk snart store helseproblem som var knytte til klimaet, og ein lege i Ålesund rådde oss til å flytte tilbake til Gudbrandsdalen. Det var eit råd som vart heilt utslagsgjevande for oss.

Posten på Sjoa var det sjølvsagt ein annan som hadde no. Men då det vart bygd ny skule på Vinstra i 1955, og framhaldsskulen vart utvida, slik at det skulle vere to teorilærarar, fekk eg post der. Inge Arnekleiv var tilsett som førstelærar den gongen. Dei praktiske avdelingane kom først noko seinare. Det hadde samanheng med ein regel som sa at dersom skuleåret vart lenger enn 17 og 5/6 veker, skulle resten av tida nyttast til praktiske fag. Slik hadde det seg at Anders Storrvik kom inn som sløydlærar og frøken Åsta Osnes som husstellærar. Noko seinare kom Gunnvald Høyberg og Sigurd Trætteberg.

Skuleåret varte då i 30 veker, og dette syntest eg gav gode høve til etterutdanning. Først gav eg meg med på eit sommarkurs over to år i matematikk ved Universitetet i Oslo. Seinare tok eg eit tilsvarande kurs i biologi ved Universitetet i Bergen. Denne etterutdanninga var avslutta i 1960 og gav meg adjunktkompetanse. Noko av denne tida budde vi i Kvam, men i 1957 kjøpte vi tomt her i Toksevegen og kunne flytte inn i nytt hus i 1958. Det var storveges å komme inn i nytt og godt isolert hus og kunne gå berrføtt inne(!) for det hadde vore litt av kvart i bustadvegen nedgjennom tida.

Den nye skulen var godt utrusta, får eg seie, men med heller små rom. Særleg galdt det to av klasseromma i første høgda, som ikkje var meir enn 30 kvadratmeter, meiner eg. Tretti elevar måtte då sitte på denne plassen, dei fremste heilt inn i tavla på begge sider av læraren. Ventilasjonen var også dårleg, og det gjekk visst ein mannsalder før det vart orden på det, har eg forstått. Men elles var det gode forhold, ikkje minst kollegialt.

Byggesak

Etter nokre år kom det eit nytt bygg for praktiske fag i framhaldsskulen. Det er den store kvite bygningen som no har fått ark på toppen. I 60-åra flytta så folkeskulen inn i det nye mursteinsbygget ned mot vegen. Då det skulle byggast, fekk eg æra av å vere formann i byggekomiteen. Vi fekk ikkje til så mykje, men nokre positive endringar fekk vi til. Mellom anna var det teikna inn eitt felles klosett for kvinnelege og mannlege lærarar. Då vi i komiteen peikte på dette, fortalde arkitekt Skaaden at fylkeskolestyret hadde sagt at han måtte ta bort det eine klosettet som han først hadde teikna inn. Også i ein heim måtte ein greie seg med eitt klosett, vart det påpeikt! Her fekk vi til ei ordning med to klosett mot at arealet ikkje skulle utvidast. Vi arbeidde også for å få til materialrom både i første og andre høgda. Skuleinspektøren sa at om vi skulle få ordna på dette, kunne heile saka bli utsett, og dersom arealet vart utvida, ville kommunen miste refusjonen på 75 %, trur eg det var, av dei totale utgiftene. Eg meinte likevel at det var rett å gå vidare med saka.

Saka skulle leggast fram for formannsskapet. Per Mellesmo, nestformannen i komiteen, og eg vart valde som talsmenn. Vi gjekk bort på Messa, der formannskapet sat samla til møte. Straumen var borte den kvelden, slik at dei sat med talglys, men det var fullt frammøte. Vi la då fram saka, og eg sa som mi meining at sjølv om resultatet skulle bli at kommunen måtte dekke alle utgiftene sjølv, ville det vere verdt det! Eit einstemmig formannskap støtta dette synet, og bygget vart reist. Seinare vart også utgiftene refunderte! Eg ville gjerne halde fram denne saka for å vise kor vanskeleg det kan vere å vere med i både kommune og nemnder når det er nokon som skal sitte over og som skal bestemme til slutt. Men sjølvsagt må det vel vere slik.

Det beste

Tilleggsutdanning i matematikk og biologi gjorde at eg søkte nye utfordringar. Arne H. Ebbing oppmoda meg til å søke stilling ved gymnaset, som då heitte Gudbrandsdal offentlege landsgymnas. Det gjorde eg då, og vart tilsett der i 1960, i første omgang i mellombels stilling. Eg underviste i norsk i første klasse, dertil hadde eg biologi, matematikk, geografi og historie. Den gongen var det skule også på laurdagar, og eg minnest at det var svært mykje å gjere. Til tider måtte eg ta natta til hjelp. Heimestilane i norsk kunne vere på opptil 25 sider. Ein søndag sat eg med ein bunke i eitt frå klokka åtte om morgonen til elleve om kvelden. Men det var ei fin tid, og du verda kor trivelege elevar vi hadde!

Gjennom alle år, i barneskulen, framhaldsskulen og i gymnaset møtte eg berre kjekke elevar. I grunnen er det ingen ting eg angrar på. Og spør du meg kva som var best, vil eg svare at alt var best! Likevel vil eg nemne spesielt kor gildt det var å ta i mot nye, forventningsfulle elevar om hausten. Ja, skulestova har vore ein fin arbeidsplass, og eg er glad for alle eg har fått møte der, born så vel som ungdom. Når eg tenkjer tilbake på ei fin tid og på kor heldig eg har vore, gjer eg det med stor takksemd!

Publisert her første gong 4. 9. 2014

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s