Spenstig opning av Skodalsåa

Ordførar Ole Muriteigen frukte bågåsag da han opna kulturstigen. Heilt til høgre ser vi primus motor, Guri Skurdal Tofte.

Ordførar Ole Muriteigen brukte bogesag da han opna kulturstigen. Heilt til høgre ser vi primus motor, Guri Skurdal Tofte.

Ole Chr. Risdal: Det blei ei verdig og flott opning av Skodalsåa laurdag formiddag. Ordførar Ole Muriteigen opna anlegget med å sage tvers av ein gammal staur. Ei symbolsk handling når ein veit kva slags rolle saga har spelt i denne samanheng. Han vart akkompagnert av sju aspirantar frå Harpefoss skulemusikk. Dei spelte ei fanfare som Emil Rolstad hadde komponert for anledninga. Deretter gjekk turen opp til smia der resten av den offisielle opninga foregjekk. Her kom det helsingar frå Norsk Kulturarv ved Reidar Stangenes, Fron historielag ved Ole Chr. Risdal, Jarleif Haugen, som har stilt smia si til disposisjon, Kristen Brendhaugen, som har vore sjef for skilting og oppmerking etter turistforeininga sine standardar. Elles fortalde Guri Skurdal Tofte om gangen i prosjektet. Støttespelar Øystein Losnegard heldt den raude tråden i programmet, og han framførde også ei flott sjølvlaga vise om Skodalsåa. Etterpå var det kaffi, biteti og hyggeleg prat hos Guri på Saga Landhandleri.

Ein draum

Guri Skurdal har drøymt om dette i mange år og det var ho som tok iniativet til å settje i gang med arbeidet. Ho er oppvaksen like ved Skodalsåa og høyrde ofte faren, Arve, fortelje om verksemda langs åa. Han var eit levande leksikon og blei såleis ei hovudkjelde for prosjektet. Far omtala dette som eit industrisamfunn i miniatyr, fortel Guri. Ho er også svært glad for at ho fekk med seg Øystein Losnegard, Gunn Marit Brenden, Kristen Brendhaugen og Svein Stensrud i styringsgruppa. Alle har vore med på å dra lasset og sørga for at vi kom i mål, seier ho. Last ned og sjå kart over kulturstigen her: Skodalsåa Kulturstig

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s