
Ordførar Ole Muriteigen brukte bogesag da han opna kulturstigen. Heilt til høgre ser vi primus motor, Guri Skurdal Tofte.
Ole Chr. Risdal: Det blei ei verdig og flott opning av Skodalsåa laurdag formiddag. Ordførar Ole Muriteigen opna anlegget med å sage tvers av ein gammal staur. Ei symbolsk handling når ein veit kva slags rolle saga har spelt i denne samanheng. Han vart akkompagnert av sju aspirantar frå Harpefoss skulemusikk. Dei spelte ei fanfare som Emil Rolstad hadde komponert for anledninga. Les meir