
Eivind Holen sel Fronsbygdin på byfesten på Vinstra i august. Berre vel ein månad til du har Fronsbygdin 2015 i handa.
Fronsbygdin 2015 blir lansert torsdag 29. oktober. Interessa for lokalhistorie og slektsgransking aukar, skriv redaktøren i Syn og Segn, Knut Åstad Bråten, i ein Ytring på nrk.no. Bygdebøkene, og den nære slektningen Gardsboka, er sladrebok og kjærleiksbok på same tid. Litt leksikon. Litt Se og Hør. Eit titteskåp inn i vår nære og fjerne fortid. Kvart år blir det skrive nye bygdebøker for titals millionar kroner. Kanskje er dei ikkje store litterære meisterverk, men bøkene er underhaldande, gjev innsikt – og er med på å gje innhald til vår identitet. Les meir