Brura stygg, udugeleg? Ikkje så farleg, berre ho er rik.

Kongsli1903

«Dei var ikkje småkarar, bøndene på dei store gardane. Dei kunne lett måle seg med embetsmennene. Sjølv om prestegarden i Fron kunne fø 8 hestar og 36 kyr i 1723, hadde kvart av dei to Kongsli-bruka samtidig 10 hestar og 42 storfe.»

RAGNAR ØVRELID: Presten Hjorthøy klagar i 1781 over at fronsbøndene er «meget overdådige i mat og drikke, hvilket de anser for deres fornemste goder i livet.» Når bondesønene skal gifte seg, ser dei helst på det brura eig, og på det ho kan vente i arv, skriv han, «om hun er grim eller udugelig til husets gjerning, derpå sees ikke, når hun kun får godt hjemmegifte.» Schnitler skriv i 1816 om bøndenes «luksus og overdådighet, såvel i kledesdrakt som i equipager (kjørestell), i hvilke ting de ei give embetsstanden noget etter.»


Å døme etter dei eldste jordbøkene frå 1647 og 1657 ser det ut til at verdiane i bygda var nokolunde jamt fordelte, utan den store standsforskjellen. Vel var det nokre bruk som vi kunne kalle storgardar etter forholda i dalen. Men dei fleste bøndene høyrde til mellomsjiktet, dei med to-tre hestar per bruk.

Så aukar folketalet, og etterspørselen etter jord. Dei gamle øydegardane blir tekne opp att, folk ryddar nye bruk i meir tungvint terreng, mange gardar blir delte. I 1647 var det 172 skyldsette bruk i Fron, i 1803 hadde det blitt 290. I 1818 vart mange nyrydningar og fleire plassar skyldsette, slik at fronsbygdene da hadde 365 gardsbruk.

I 1802 åtte 30% av bruka 70% av den samla jordverdien i bygda. Og den tredelen av bøndene som sat på dei store gardane hadde 2/3 av hestane. 23 gardsbruk hadde ikkje hest.

Det har skjedd ei utvikling til tydeleg sosial lagdeling i bygda, mellom dei større gardane og dei mindre bruka, serleg i Sør-Fron. Vi møter den sosiale eliten i andre samanhengar og. Dei som fekk offentlege verv, medhjelparane til presten, medlemmene i skole- og fattigkommisjonen blir gjengangarar, gardsnamn som Steig, Isum, Segelstad, Rolstad osv. går igjen. Vi ser også tydeleg korleis bondeeliten stadig samspeler med embetsmennene, og serleg med presten. Hadde vi hatt kyrkjebøkene for Fron frå 1700-talet ville vi nok fått dokumentert korleis denne eliten rekrutterte seg sjølv gjennom giftarmål, eller ekteskapspolitikk om vi vil.

Dei var ikkje småkarar, bøndene på dei store gardane. Dei kunne lett måle seg med embetsmennene. Sjølv om prestegarden i Fron kunne fø 8 hestar og 36 kyr i 1723, hadde kvart av dei to Kongsli-bruka samtidig 10 hestar og 42 storfe.

N. C. Lassen noterer i dagboka si frå 1777 at Ole Steig åtte 6000 riksdalar. Ole var da også gift innanfor sin stand, med Guri Graffer frå Lom, og vart vel ikkje fattigare av den grunn.

Embetsmennene, «de fornemme» i bygda, som fronspresten kallar dei i 1743, var likevel interesserte i å halde ved like avstanden til velhavande bønder, i ekteskap, i språk, i daglegskikkar og i bygningsskikk.

Utover 1700-talet skilde dei store gardane seg ut i bygningsskikken også. Staselege driftsbygningar og to-etasjes våningshus kom opp, med vakre møblar, som i velstand og smak ikkje stod tilbake for «de fornemme».

Publisert her første gong 10. november 2013

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s