Døden tapte kampen i myrholet

Ill.foto frå hest.no

JOHAN DALSEG: Hingsten med hoppefylgjet sitt hadde beita på vollane langs bekken og var på tur bort, da vi kom. Fylgjet sette over blautmyra, og tre av hoppene gjekk igjennom. To av dei baksa seg opp att med det same, men Raua til Edda Stebergløkken i Prestgarden vart sitjande fast. Ho strevde for å koma seg opp, men sokk berre djupare og djupare. Til sist var det berre hovudet og halsen med den drivkvite mana som stakk opp av myra.

For over 60 år sida vart det ein penvêrsdag planlagt ein fisketur frå sør Eldåsetra. Denne turen skulle bli godt hugsa av oss som var med. Turen gjekk til Rundhøbekken nord for Rundhøa, der bekken krøkjer seg gjennom smale, stille loner. Der desse lonene sluttar før bekken si vidare ferd nedover, går det inn ei trong «blindtarm», som munner ut i eit smalt, men blautt myrdrag. Her var det det skjedde.

Rådville stod vi der, men fekk samla tankane såpass at vi sprang opp til gamle Rundhøbua etter budøra, slik at vi hadde noko å stå på. Ufarleg var det heller ikkje  å nærme seg Rauna, som nok vona på hjelp, og baksa og tok i ekstra hardt da vi nærma oss.

Fyrst prøvde vi å bera stein frå ura like ved og fylle i myrholet, men dette monna så altfor lite. Vi stakk bambusstonga ned til tolvte leddet utan å kjenne fast grunn.

Da vart det bestemt at eg skulle forte meg heim til setra etter hjelp, mens Einar Rolvsbakken og Tosten skulle vera att for å passe merra, så ho ikkje fekk mulen ned i myra.

Det er ca fem kvarters veg frå Rundhøbekken og fram til Eldåsetra, og eg sprang alt eg orka og kjende nok blodsmak i munnen. På setra vart dei livredde for at noe reint gale hadde hendt oss, da dei oppdaga at eg kom springande einsleg, men eg fekk fort fortalt kva som stod på.

Til alt hell var brukaren i Nordre Eldåsetra, Roar Dalseg, på besøk. Godt utrusta med reip la Roar og far straks i veg innover. Sjølv fekk eg beskjed om å vera att på setra – det var vel ikkje så stor hjelp i ein elleveåring til å hale og dra på eit tungt dyr, men eg hadde nok tenkt eg skulle vera med.

Etter at Raor og far nådde fram, var det om å gjera å få festa reip på merra, og det var ikkje enkelt. Dei greidde å få eit reip under rumpetangen, og til slutt greidde også karane å koma såpass langt ned i myra at dei fekk reip under eine bogen. I tillegg hadde dei hovudet å feste i. Så var det å ta i og dra av alle krefter.

Gong på gong vart det prøvd å dra Raua opp av myra, men karane rikka ho ikkje. Til slutt vart dei samde om å hente meir hjelp. Ein av dei skulle gå inn til Vuludalen etter gjætaren, Ola Gundersen, og dei andre skulle hente meir hjelp heimanfrå. Etter at karane hadde sikra merra så ho ikkje skulle søkkje djupare og var på tur bort frå staden, så knegga Raua. Da var det at Roar snudde seg mot dei andre med dsse orda:

Oss prøve ein gong te!

Som sagt så gjort. Karane knepte seg i på nytt og drog merra opp på fast bakke så lett som berre det. Kvar kom kreftene frå? Roar ymta frampå om at nå måtte det vera «ein annan» som hjelpte til. Det vart spekulert ein god del på korleis det kunne gå til. Her som elles, når det gjeld underlege ting, var det leitt etter ei forklaring – ei forklaring som ein skjønar og kan godta. Teorien var at det kunne vore til dømes ein bergnabb langt nede i myra, der Raua hadde fått feste med framførtne og spent i med all krefter samstundes som karane drog.

Kanskje var det slik, men dette vart likevel berre gjetningar, og hendinga vart derfor ståande som eit lite under. Glade var vi for at det gjekk godt, og glad var han nok folen som fekk att mor si.

Seinare på sommaren da far trefte Edda,måtte han ta imot betaling for at Raua vart berga, Edda og far var syskenborn, så far ville ikkje sjølv ta imot pengar, men måtte ta med 50 kroner til kvar av oss andre. Det var ein pen slant den gongen.

Raua kom seg fort etter strabasene, men fekk ein noko stiv rumpetange til minne om da døden tapte kampen i myrholet.

Redigert utdrag frå ein artikkel i Fronsbygdin 2005. Publisert her første gong 15. mars 2015

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s