Da fristen gjekk ut 25. september hadde ingen sendt inn ein lokalhistorisk video til konkurransen i historielaget. I fjor kom det inn tre videoar. Vi må berre slå fast at 10 000 kr i premiar, profesjonell vurdering og publisering som når mange tusen, ikkje er nok til å få frøningane til å fortelje historier på det mediet som står sterkast i samtida og har mest gjennomslag. Historielaget vurderer nå kva vi skal gjere med denne konkurransen i framtida. Nokon som har forslag?
Monthly Archives: september 2015
Ingen videoar!
Filed under Informasjon
Hans H. Lie hadde fem søsken, noen som vet?
H.H.Lie med familie. 12.06.1910. Fotograf Hans H. Lie ble født på garden Liodden i Hallingdal 27. mars 1867. Hans var den femte i rekken av seks barn. I midten av 1880-åra dro han til Kristiania, og kom i lære hos fotograf John Lund. Etter endt læretid, reiste Lie hjem til Hallingdal for å praktisere sitt nye yrke, men dro raskt videre til Volbu i Valdres – trolig for å fotografere det store hotellbygget som Sigurd Jørstad da var i ferd med å reise. Lie giftet seg etter hvert med datteren til Jørstad, og i 1896 flyttet de til Vinstra i Gudbrandsdalen. Hans H. Lie døde i 1918. Tekst og foto: Digitalt museum
MARIT HOLM: Hei! Dette er kanskje som å søke etter nål i en høystakk, men jeg er slektning av Hans H. Lie (hans tipp-oldebarn) og leter etter info og navn om Hans sine søsken? Har prøvd å finne hans etterkommere, men det er jammen ikke lett, er det noe hjelp å få her? Evt navn på noen som vet noe? Setter pris på svar uansett! Takk 🙂
Filed under Biografiar, Menn
De fanger den sulte ørret med ost
OLA EGGEN: I 1920-årene ble det lansert en ny metode å fiske med krok på om vinteren. Det var meieri på Masovn i Svatsum på denne tiden, og avfall fra osteproduksjonen (kjuke) ble tømt ut i meieridammen. En oppvakt kar fra Espedalen la merke til at småfisken i dammen stimlet sammen og tok for seg av denne delikatessen. Det ville han prøve på Espedalsvatnet. Les meir
Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Kunst og handverk, Menn
Skotet gjekk av så måsåspruten stod
JOHAN DALSEG: Det var berre eit par dagar att av reinsjakta om hausten. Da var det naboen, Sigurd Dalseghagen, dukka opp. Han hadde reinsjakt, men ikkje fått dyr, og spørsmålet var om eg ville vera med til fjells. Eg sleit med influensa, og tvilen var der om eg orka med dette, for eg visste at det var ingen spasertur eg ga meg ut på, sterk og fjellvant og lett på foten som Sigurd var. Les meir
Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn
Du må vera frå ein stad for å vera nokon

Ein stad å vera frå. Fronsbygdin 2015 blir lansert på Rudi Gard torsdag 29. oktober. Foto: XC Paragliding
RASMUS STAURI: Tor Jonsson skriv at når du kjem til ein ny plass, skal du gå på kyrkjegarden og lære deg namn. Da kjenner du plassen du har kome til med ein gong. Eg gjorde som Lomsdiktaren skreiv her ein dagen – gjekk på heimekyrkjegarden på Sør-Fron og såg på namn. Det slo meg kor mange kjenningar eg møtte – på steinane. Når eit gammalt menneske døyr, blir eit kunnskapsarkiv borte, seier eit gammalt ord. Ei dør mot fortida blir brått stengt att, og vi sit der med mange spørsmål som vi så gjerne skulle ha hatt svar på. Brått ein dag er det for seint. Les meir
Filed under Kunst og handverk
Skulestova har vore ein fin arbeidsplass!

«På den tida dreiv kommunen ein realskule på Furuheim. Der skulle læraren i fysikk og matematikk stelle i stand sprengstoff til første mai. Han blanda i hop svovel, kol og andre nødvendige ingrediensar. Då blandinga eksploderte under prosessen, vart han blind for ei tid. Slik hadde det seg at eg vart spurt om å vikariere. «
NILS OS FORTEL TIL OTTAR HOVDE: Det første møtet med Fron vart heller dramatisk. Ettersom kona mi, Else, var bunden opp av ein lærarpost på Vestlandet, kom eg åleine til Vinstra stasjon ein regnversdag i midten av oktober hausten 1945. På stasjonen fann eg ein buss med 25 sete, men dei var alle opptekne, så eg hamna på eit reservehjul oppe på taket saman med tre staute karar frå Kvikne. Les meir
Filed under Biografiar, Menn
Berre sju dagar att!

Denne sjekken kan bli din!
Nå startar innspurten i årets videokonkurranse. Neste fredag går fristen ut. Til å sende oss den lokalhistoriske videoen din. 10 000 kroner i premiar. Vilkåra finn du her. Og her er vinnarane i videokonkurransen 2014. Her finn du ôg det juryen hadde å seie om dei tre videoane. Du kan sjå kva juryen la vekt på.
Her er det berre å hive seg med!
Filed under Informasjon
Spenstig opning av Skodalsåa

Ordførar Ole Muriteigen brukte bogesag da han opna kulturstigen. Heilt til høgre ser vi primus motor, Guri Skurdal Tofte.
Ole Chr. Risdal: Det blei ei verdig og flott opning av Skodalsåa laurdag formiddag. Ordførar Ole Muriteigen opna anlegget med å sage tvers av ein gammal staur. Ei symbolsk handling når ein veit kva slags rolle saga har spelt i denne samanheng. Han vart akkompagnert av sju aspirantar frå Harpefoss skulemusikk. Dei spelte ei fanfare som Emil Rolstad hadde komponert for anledninga. Les meir
Filed under Informasjon
Sladrebok og kjærleiksbok på same tid

Eivind Holen sel Fronsbygdin på byfesten på Vinstra i august. Berre vel ein månad til du har Fronsbygdin 2015 i handa.
Fronsbygdin 2015 blir lansert torsdag 29. oktober. Interessa for lokalhistorie og slektsgransking aukar, skriv redaktøren i Syn og Segn, Knut Åstad Bråten, i ein Ytring på nrk.no. Bygdebøkene, og den nære slektningen Gardsboka, er sladrebok og kjærleiksbok på same tid. Litt leksikon. Litt Se og Hør. Eit titteskåp inn i vår nære og fjerne fortid. Kvart år blir det skrive nye bygdebøker for titals millionar kroner. Kanskje er dei ikkje store litterære meisterverk, men bøkene er underhaldande, gjev innsikt – og er med på å gje innhald til vår identitet. Les meir
Filed under Uncategorized
Skodalsåa kulturstig

Bilete frå ei orientering om prosjektet i oktober 2013. Her orienterer Guri Skurdal Tofte (til venstre), Arve Skurdal (med stokk) og Øystein Losnegard (raud og svart jakke) utanfor den gamle smia til Jarleif Haugen.
Fron historielag har gleda av å informere om at Skodalsåa Kulturstig opnar laurdag 12. september kl. 12.00. Les programmet her: Les meir
Filed under Informasjon