Velkomen til Sødorp stasjon

Vinstrastasjon1896

Dei skifta namn i september. I oktober 1896 opna dei Vinstra stasjon. Finst det eit bilde av Sødorp stasjon?

RAGNAR ØVRELID: Sommaren 1896 dampa dei første jernbanetoga gjennom Fron. Toget stoppa på stasjonane Hundorp, Harpefoss, Sødorp, Kvam og Koloen. Det var ein del usemje i Fron om plassering av stasjonane, og kva dei skulle heite. Planen frå 1892 hadde plassert Hundorp stasjon på Jetlund. Sør-Fron ville ha stasjonen ved sundstaden. Statsbanene bøygde seg. I Nord-Fron vart det ein dragkamp mellom Byre og Sødorp. Ole Brandvol ville gi gratis grunn dersom stasjonen vart lagd til Sødorp. Men fleirtalet i kommunestyret heldt på at stasjonen burde ligge så nær det nye senteret kring Sundbrua og kommunehuset på Byre som råd.

Statsbanene hadde foreslått stasjonsnamna Vinstra, Kvam og Sjoa. I 1892 fann Nord-Fron kommunestyre namna Vinstra og Sjoa kunstige. Som stadnamn hadde dei ingen tradisjon. Kommunestyret ville heller ha stasjonsnamna Sødorp og Koloen.

Igjen bøygde Statsbanene seg for den lokale meininga. Men i 1895 hadde kommunestyret skift meining, Nå ville dei ha namna Sjoa og Vinstra likevel,

da man finner at denne benevnelse er mest stemmende med andre stasjonsnavn på Tretten-Sell-banen.

Banen vart opna med stasjonsnamna Sjoa, Kvam og Sødorp. Men alt i september 1896 vart Sødorp stasjon omdøypt til Vinstra.

Frå Historia om Fron, bind 1, publisert her første gong 17. september 2014

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s