Oss var i grunnen priviligerte

tora

Kvar laurdagskveld «tora» eg. Det var god tå ha ein fløtskvett på lager. Ungane likte godt å koke seg karamell. Foto: Anton Løkken

MARGIT LYKKJOM OG ANTON LØKKEN: Oss låg på seter´n til midt uti september, som oftast. Om hausten vart det travelt. Bærplukking og kvearbeid. Alt høyet måtte i hus. Ungane hadde det morosamt når dei fekk hoppe i høyet, men det var mye arbeid for dei, au.  Etter at oss var ferdige med alt kvearbeid, ha oss kua på kvea. Mot slutten ville kyrne heim, dei visste at dei da fekk gå på jordet og eta enda meir hå. Eg hugsar at hå-mjølka smaka litt stramt, ungane likte ikkje så godt mjølka dei fekk, når kyrne et hå-gras.

Buferdsdagen var støtt litt vemodig. Det var slik klår og fin luft om hausten. Fargane var så fine. Eg plukka ofte med med kjerringkjørr og andre planter heim. Eg likte godt å binde kransar med fargerike haustvekster i når det var gravøl etter folk ein kjende.

Det er my godt å tenkje attende på. Sjøl om det var arbeid frå morgon til kvelds, både i ørken og i helgene, var alt arbeidet meiningsfullt. Oss var ein del av ein lang og viktig tradisjon .

Fritid og arbeidstid hekk liksom i hop. Det var aldri spørsmål om kor lang tid alt arbeidet tok, ein laut bruke den tida som trongst. Og heile familien, gjerne fleire generasjonar, arbeidde saman. Oss var i grunnen priviligerte slik. Arbeidet vårt var heime, heimen vår var arbeidsplassen. Og arbeidet vårt fylte livet vårt på ein slik måte at arbeidet gav livet meining.

Frå ein artikkel i Fronsbygdin 2003  (Dette stykket er sett saman av notat etter mor mi, Margit Lykkjom (1923-2003) Publisert her første gong 20.3.2015

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Setring

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s