Frå Kvikne til Lillehammer i 1849

Kongslipostkost

«Men verst var vegen åt Kvikne. Frå Lo tok vegen oppigjennom Kongsli, og der kunne vi køyre berre med halve lass.» Postkort frå Kari Klevstadbakken/Vegar Skar.

PER ÅSMUNDSTAD d.e. (1839-1920): Å køyre frå Kvikne at Vetlhåmår tok minst to dagar. Det var berre ein gang om året vi gjorde bytur. Det var i mars. Vi køyrde nedpå isen synnafor Harpebrua og fòr som regel isen heilt nedpå utover Losna’n og åt Bådstø på Tretten. «Randkleivstromen» (strøm i Laugen ved Randkleiv i Ringebu) kunne vera farleg, men til vanleg køyrde dei der au. Tre og fire bønder slo seg i lag.  Ingen reiste åleine.

Vegen gjennom dalen var låk. Bakkane var tunge, slik som Måkrudbakkane i Øyer opp over Hunderfossen. Men verst var vegen åt Kvikne. Frå Lo tok vegen oppigjennom Kongsli, og der kunne vi køyre berre med halve lass.

Vi tok ut tidleg om morgonen og kom så langt som ned åt Kyrkjestugun i Fåvang til kvelds. Neste dag kom vi fram åt byen. I kyrkjestugun hugsar eg ei tyleg, snill kjerring som heitte Marit. Fyrste gongen da eg som ørliten gutunge følgde med sørover, fekk eg liggje i senga hennar. Køyrarane fekk plass på golvet med halm under seg. Hestane vart bundne ved lasset.
Hos kjøpmennene på Vetlhåmår fekk vi godt losji og gode senger. Det var fritt losji og kaffi både morgon og kveld. Ein dram fekk vi da vi kom og ein når vi reiste att. Det var helst salt, jarn, bomullsgarn, litt sukker og kaffi, ofte noko hamp og lin som vart kjøpt. Hamp avla vi au noko sjølve.
Kjøpmennene på Vetlhåmår og bøndene i Gudbrandsdalen hadde stor tillit til kvarandre. Vi tykte kjøpmennene var reale å ha med å gjera, og eg trur heller ikkje dei tapte mykje skilling på bøndene i bygdene Kvikne og Skåbu, der eg er best kjent. Slik var det nok òg i dei andre dølabygdene, skulle eg tru. Det vanlege var at kjøpmennene gav eitt års henstand utan å rekne rente. Når vi kom til byen for å gjera innkjøp, betalte vi for det vi hadde kjøpt året før og vart ført i rekning for nye innkjøp.
Kjøpmann Halla hos Thorstad fortalte meg ein gong om eit par karar frå oppi hos oss, Torstein Bækkesletten i Kvikne og Per Erlandsrud i Skåbu. Dei var så sikre med betalinga at Halla kunne rekne ut omtrent på dagen når desse to i følgje kom åt byen, betalte gjelda si og gjorde nye innkjøp.
Fyrste gongen eg var med far min at Vetlhåmår, var eg ti år. Sida den gongen har mykj endra seg. Eg tenkjer særleg på kor mange fulle folk eg såg der i gamle dagar. Og så leie og harmelege både ungdomane og borna var! Når lasskøyrarane skulle koma seg frå byen att, kasta dei seg oppå lassa, og det var reint farleg å jaga dei unna. Dei følgde med langt nordover vegen. Ja, så seint som etter at Samlaget (forløparen til Vinmonopolet) var opna, var området ved Mesnabrua noko heilt anna enn i dag. Det var der fylla synte seg verst. Byen må ha æra for at dette har endra seg.

Når folk drog oppover dalen att, hadde mange fått fylt på brennevinsdunkane sine. Av og til kom mange ikkje lenger enn åt Åsletten fyrste dagen…! Eg kan godt hugse at når han far kom heim att frå bytur, var det ikkje lenge før grannar og vener samla seg i stugun heime for å høyre korleis det stod til i byen og sørover i dalen. Da var det au gjernast det vanka ein dram!

Frå Fronsbygdin 2012. Per Thorson Åsmundstad skreiv dette ned i 1911. Sonesonen Per Åsmundstad har gjeve teksta ei noko meir moderne form. Publisert her første gong 1. april 2014

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s