Daily Archives: 17. august 2015

Reir for dei revolusjonære og for kaksane

Kaksereiret på Vinstra. Sommaren 2010 vart Bøndenes Hus lagt ut for sal. Etter det GD erfarer vart det bodrunde mellom Arne Wadahl, Gudbrandsdal Energi og ein person frå Skjåk. Til slutt fekk Wadahl  det for 1,2 millionar kroner. Arne Wadahl vil pusse det opp og drive utleige. Foto: Knut Storvik, GD

RAGNAR ØVRELID: Dei staselege bygningane Folkets Hus og Bøndenes Hus på Vinstra, berre eit par steinkast frå kvarandre, bygde omlag samtidig, står i dag som monument over det klassedelte fronssamfunnet i mellomkrigsåra. Det var utenkeleg den gongen at arbeidarlaga og «distriktets jordbruksinteresser» skulle ha gått saman om eitt forsamlingshus. For bøndene stod Folkets Hus som symbol på revolusjonære omveltningar i bygda, på dei nye tider som hadde rista det gamle maktgrunnlaget deira. For arbeidarar og småbrukarar var Bøndenes Hus eit kaksereir, eit fortidsminne om herredøme over bygda. Les meir

2 kommentarar

Filed under Verksemder