Peer Gynt – mykje måking av kumøkk

stangenesNå er det full fart og fullt hus ved Gålåvatnet. Men korleis tok det heile til 10. august 1989? Da lukta kyrne nyslått høy frå hesjene på Hægstadtunet, brydde seg lite om provisorisk inngjerding og la etter seg kuskit over heile området. Det vart mykje måking av kumøkk den første tida. Til den første forestillinga hadde arrangørane skaffa eit parti lecablokker til sitteplassar. Etter bruken vart blokkene pent oppstapla, dagen etter var ein pall stolen. RAGNAR ØVRELID fortel morosamt om starten.

Forspelet til Peer Gynt-forestilIinga ved Gålåvatnet blir i mangt ei historie om ideane og arbeidet til Reidar Stangenes. Han kom inn i Per Gynt-nemnda i 1985, da stemnet hadde hatt ein tendens til å gå på rutinen. Ein del nye innslag hadde rett nok kome til, og fleire av dei var populære. I 1986 måtte folk avvisast frå eit par arrangement, lokala var fullsette.

Men på dei inntektsgivande programpostane svikta publikum. Økonomien var svak, gielda auka på, og dei frivillige eldsjelene heldt naturleg nok på å tape gløden etter mange års mas. Tida var inne til å forsøke nye tankar og kanskje stramme inn på programopplegget.

Medlemmene i nemnda var slitne etter å ha prøvd ut mange slags idear, som ikkje alltid hadde slått til. Og da Stangenes kasta fram tanken om at stemnet skulle satse på ein kjerne av hovudtema, fekk han aksept. Han foreslo Alf Prøysen som eit første forsøk, og det vart gjennomført på stemnet i 1988, ved sida av dei vanlege programpostane. Amatørteateret i Skjåk viste fram Trost i taklampa, det var Prøysen-program for barna, og dei mange deltakarane i handelsopptoget gjennom Nedregata brukte kjente Prøysen-sitat som motto for det dei drev med, og vilIe selje.

Tema-stemnet var ein freistnad på noko samlande nytt. Ideen tok likevel ikkje heilt av.

Men Stangenes hadde ein Plan B. Han kunne tenke seg at tida nå var moden til at stemnet kunne blåse liv i dei gamle og opprinnelege planane – heilt tilbake til nystarten i 1967 – om ei heilstøypt framføring av Ibsens Peer Gynt. Den første lauslege tanken hans var eit «vandrespel», der publikum skulle flytte seg med aktane, etter mønster frå noko liknande Morten Jostad hadde giort på Maihaugen. Stangenes tenkte seg tre tablå, det første på ei scene, med Mor Aase, Hægstadtunet osv., det andre ute i naturen med Dovregubben, Bøygen osv., det tredje på ein setervoll.

Han såg seg om etter høvelege lokalitetar, og hadde først området kring Sulheim i tankane, med bygdatunet, elva, kapellet, og med sjølvaste Hågå som bakteppe. «Peer Gynt i skog og mark» var arbeidstittelen han hadde i tankane. Men så såg han det nye bustadfeltet bakom, ein ungdom på moped freste forbi,  dieselmotorar bråka seg oppgjennom Sødorpvegen mens han sat der og planla, så den draumen slokna. Heldigvis, får vel vi seie, i ettertid.

Den neste tanken var eit spel på fjellet. Jostad, som var ein erfaren teatermann og sjølv hadde framstilt Peer på Fryvollen,  vart spurd hausten 1988. Om han kunne lage eit vandrespel? Men Jostad meinte planane var for stortenkte og takka høfleg nei.

Stangenes festa seg så ved stranda på sørsida av Gålåvatnet. Der var det eit terreng som kunne nyttast og utbetrast til eit stasjonært amfiteater, der var dei eventyrlege bakgrunnskulissane ferdige frå naturens hand, der var det god veg og parkeringsplass. og ikkje minst: der var det tilgang til elektrisk straum frå skisenteret. Planane fekk nytt namn: «Peer i sin egen fjellheim». Og Stangenes tok ein telefon til Per Tofte, innfødd odelsgut frå Sør-Fron, nå skodespelar ved Riksteatret. Han hadde også hatt ei Peer Gynt-framføring på Fryvollen nokre år tidlegare, og han hadde gjort lykke med sin eigen kabaret: «Peer, du lyver!». Nå sa Tofte ja til å vere med på dei høgtflygande tankane til Stangenes. Tofte såg nok alt da potensialet i planane, enda dei framleis var nokså skissemessige, ikkje minst dei økonomiske sidene ved prosjektet.

Tre problem melde seg straks. Å spele heile Peer Gynt tar minst fem timar. Stykket måtte skjerast til, det måtte gjerast eit utval av scener, slik at dei fekk fram både innhaldet og den underliggande meininga med «lesedramaet», som jo også frå Ibsens hand er nokså episodisk. Per Tofte sette i gang med tekstrevisjonen, valde ut, knappa ned, og batt saman, og la dermed grunnlaget for ei Ibsen-framføring som var overkommeleg i speletid og likevel forståeleg.

Redigeringa måtte tilpassast det neste spørsmålet: skulle det brukast amatørar eller profesjonelle? Kva kunne amatørane makte å gjennomføre? Dei måtte ha fagleg hjelp. Men kven kunne dei få med av yrkesaktørar midt i ferietida? Per Tofte og teaterkonsulent i Oppland, Anne Bjørkvik, hjelpte til, og skaffa løfte frå Rut og Pia Tellefsen, Lars Andreas Larssen, og Geo von Krogh. Og Per Tolte skulle naturlegvis vere med, som sjølve Peer.

Det tredje spørsmåIet var språkbruken. Nå hadde Gunnar Jenshus frå Sør-Fron allereie tillempa store deler av dramaet til fronsmåI. (Nils Bjørge i Gausdal hadde tidlegare gjort det same, og oppført Peer Gynt på gausdaldialekt).

Nøkkelpersonen Per Tofte ville gjerne bruke fronsdialekten her i heimbygda. Han hadde alltid følt ein viss avstand til den unge bondeguten Peer som snakka korrekt riksmål på scenen. Dessutan hadde Tofte sjølv forsiktig modulert og framført «Bukkerittet» på fronsmål. Men kva med dei profesjonelle aktørane som ikkje greidde dialekten? Resultatet vart at Tofte skulle bruke sin eigen dialekt når Peer var heime i bygda, mens han skulle nytte Ibsens eigen tekst på Peer som verdensmann. Dei lokale amatørane skulle også snakke frøning, det ville bli for kunstig om dei skulle stå på scenen og knote Ibsenspråket. Mor Aase fekk også uttrykke seg etter lbsens eigen tekst: ho kunne ha vore ei bydame som hadde gifta seg inn på garden og i familien Gynt. Altså: dialekt i dei første og siste scenene, i dalen, og Ibsens eigen tekst i mellompartiet.

Desse første planane vart til på ettervinteren 1989. Men det måtte skaffast folk til spelet heime i Fron også, erfarne amatørar til viktige roller, vaksne og barn som statistar og dansarar, musikk, dirigent og orkester måtte stablast på beina, og velvillige sjeler som kunne ordne med kulissar kostymar og alle slags praktiske oppdrag.

Og det begynte å haste som berre pokker. Den 10. august skulle alt vere klart. Heldigvis kunne Stangenes og nemnda dra nytte av lokale krefter frå ungdomslag, spelemannslag, leikarringar, bygdeungdomslaget og musikkskolen. Men deltakarane skulle leitast fram og ovetalast.  Stangenes reiste omkring og samla inn folk. Solveig møtte han i Nedregata på Vinstra og fekk henne med, songtalentet Gro Anita Hansen frå Kvam. Til det viktige innslaget «Prestens tale» henta dei inn ein ekte sokneprest frå Gausdal, Arne Sand.

Henry Eggen tok på seg dirigentjobben og gjorde ein stor innsats. Han komponerte mykje av musikken sjølv, mellom anna til Aases død (Solveig fekk bruke Grieg), og han arrangerte høvelege folkemusikktonar. Til Afrikascenene brukte han jazzinnslag for å sprite opp stemninga. Han fortel at han i juni sat på eit skoleseminar på Granvollen og skreiv ut og tilpassa notane til det spesielle orkesteret han hadde tilgang til: jazzklubben «Stråhatten jazzband», ein fløytist frå Otta, og feler frå spelmannsmiljøa i Skåbu og i Sør-Fron.

Eggen hadde ansvaret for musikken i tre år. I 1992 tok Eldar Nilsen over. Det første året dirigerte han Eggens musikk. Orkesteret var da litt utvida, men framleis var strykarane mest vant med tradisjonsmusikk og ikkje så godt inne i noteterminologien. Dei drog bogen same kva som stod på papiret. Eldar braut av og sa han gjerne ville ha eit tema med «pizzicato». Spelmennene skjønte ikkje ordet og strauk bogen som før, heilt til Arne Risdal snudde seg og kviskra: «Han vil de skal klunke på, kara.» Da retta det seg.

Kulissar laga Stangenes og nemnda sjølve. Dei fekk tak i ei halvgjort stove frå eit tømmermannkurs i Skåbu, henta den på lastebil og fekk på bordkledning. Saman med ei lita leikestove skulle dette forestille eit slags Hægstadtun, med tilhøyrande skigard (som aktørane sjølve sette opp på prøvene), hesjer og høyvogn.

Elles fekk fjellnaturen stå for stemning og illusjon. Dei gikk ut i avisene og bad om å få låne gamle klesplagg, somt fekk dei også frå Maihaugen, frå Nationaltheatret og frå Lillehammer amatørteater. Det hjelpte å ha gode kontaktar, og å ha Ingrid Skurdal som ansvarleg. Ho hadde dessutan lagerplass til kostymane på kunstsmia.

Teater i friluft krev skikkeleg mikrofon-, høgtalar- og lysanlegg. Nemnda fekk profesjonell hjelp frå Lillehammer frå ungdommane Børre Lindberg og Jan Terje Walmann, og frå Nationaltheatret.

Det er eit under at alt dette, og meir til, kunne improviserast og klargjerast frå grunnen av på eit knapt halvår, og i ferietida.

Teater i open utmark kan også freiste ubedne folk til å ta seg til rette. Til den første forestillinga hadde arrangørane skaffa eit parti lecablokker til sitteplassar. Etter bruken vart blokkene pent oppstapla, dagen etter var ein pall stolen. Andre ting vart også borte. Vakthald ved Borgen måtte til, og frå 1990 fekk Per Gynt-Gyntnemnda ei ordning med Sør-Fron Røde Kors. Dei påtok seg å halde nattevakt så lenge spelet varte, og under dei fire framføringane, i starten for 12 500 kroner. Nå var det ikkje nasking frå spelplassen det verste for vaktene. Dei hadde større problem med dyra som beita i området. Kyrne lukta nyslått høy frå hesjene på Hægstadtunet, brydde seg lite om provisorisk inngjerding, og la etter seg kuskit over heile området. Det vart mykje måking av kumøkk den første tida.

Teaterintruktør Anne Bjørkvik og Per Tofte tok seg av amatørane, og leseprøver kom i gang på Vinstra vidaregåande skule.  Imens hadde Stangenes møte med dei profesjonelle skodespelarane i Oslo. Dei skjøna etter kvart at det var nødvendig å få hjelp av ein erfaren regissør til oppsettinga, ein som kunne sjå aktørane utanfrå og dirigere dei til ein samspelt einskap, både med instruksjon av enkeltrollene og med arrangeringa av massescenene.

Larssen, Tofte og Tellefsen fann så fram til Svein Sturla Hungnes, som dei meinte hadde akkurat desse evnene, og som sjølv hadde spelt Peer Gynt to gonger tidlegare. Hungnes vart spurd, han forandra på ferieplanane sine og sa ja, og fekk med seg Gro Lystad som assistent og koreograf. Dei avsluttande fellesprøvene mellom amatørane og dei profesjonelle kom vel ei veke før forestillinga.

Og her hjelpte det ikkje med bøner, her skulle det øvast realistisk, og ikkje berre markerast: skulle du kaste deg i søla på forestillinga, måtte du gjere det nå også.

Så det var ein entusiastisk, men sliten gjeng som endeleg kunne gjere seg klar til «Peer Gynt i eigen fiellheim» den 10. august 1989, klokka halv åtte. Eg har alltid trudd at dette klokkeslettet var ein liten genistrek, valt for å få med symbolikken med solnedgangen til Aases død, og skiftinga frå lys til mørke i dei dramatiske sluttscenene. Men Stangenes kan fortelje at tidspunktet også hadde meir kvardagslege årsaker: spelet kunne ikkje ta til før etter fjøstid! Både blant publikum og blant aktørane var det mange som var bundne av krøtterstellet.

I tillegg har altså forestillinga fått ein ekstra bonus med innlagt soleglad og tiltakande mørke.

Publisert her første gong 30. juli 2014

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s