
Dei skifta namn i september. I oktober 1896 opna dei Vinstra stasjon. Finst det eit bilde av Sødorp stasjon?
RAGNAR ØVRELID: Sommaren 1896 dampa dei første jernbanetoga gjennom Fron. Toget stoppa på stasjonane Hundorp, Harpefoss, Sødorp, Kvam og Koloen. Det var ein del usemje i Fron om plassering av stasjonane, og kva dei skulle heite. Planen frå 1892 hadde plassert Hundorp stasjon på Jetlund. Sør-Fron ville ha stasjonen ved sundstaden. Statsbanene bøygde seg. I Nord-Fron vart det ein dragkamp mellom Byre og Sødorp. Ole Brandvol ville gi gratis grunn dersom stasjonen vart lagd til Sødorp. Men fleirtalet i kommunestyret heldt på at stasjonen burde ligge så nær det nye senteret kring Sundbrua og kommunehuset på Byre som råd. Les meir