Monthly Archives: juli 2015

Domedag over Fron

Storofsen2(1)

Storofsen i Gudbrandsdalen. Teikning: Reidar Fritzvold, Norsk Skogmuseum

IVAR KLEIVEN: Ulykkeshendingane på Fron i Storofsen i 1789 er for ein stor del vorte bortgløymt i dei mannsaldrane som er gått, og av dei som ennå har helde seg i minne, er det nok berre eit bleikt bilete ein kan gjera seg av den fæle naturulykka. Storflommen gjorde stor skade i Fron. Bygda mista 20 menneskjeliv,  I Kvam heldt det på å forkomast eit menneskje; det låg ein plass som heitte Sletta i baksida midt for Kjørøm, og skredet tok både hus og jord, og ei 14 år gamal dotter, Tore Sletten, vart førd ut i Laugen, men ho hadde på eit eller anna vis helde seg opp til ho stana i ei bjørk ved Teigøya. Her hekk ho til far hennar, Tor Sletten, kom på ei flåte og redda ho. Ætta hennar er ennå til.

Les meir

2 kommentarar

Filed under Jordbruk

Dei gamle ville ha det slik

gamleELDRID LISTAD: Eg var styrar på Sør-Fron pleiehjem på Lillehove. Eller «Hjemmet» som det oftast vart kalla. Vi likte det. Dette var ein stad og ein heim der uttrykket «dei gamle» var eit naturleg ord. «Pensjonær» og «bebuar» kjendest framand og litt uverkeleg. Dei gamle som var der den tida, hadde små fordringar. Tida dei hadde vakse opp i, lærte dei det. Det viktigaste for dei var ei varm seng, mat, klede, omsorg og å vita at nokon var der, når livet var på hell. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn, Verksemder

Teigekjerringa vart einøygd

«Denna gjorde som spratt tå, tok dei vare på, og ho skal vera på Teige den dag i dag.»

Ein gong langt atti tida vart ei jente på Teige i Kvam så søkkjande borte. Folk leita og leita, det vart ringt med kyrkjeklokkene au, men Teigejenta fanst ikkje og kom ikkje att, kor mykje dei leita og ringde. Så ein dag det lei på andre året etterpå, kom ein framandkar til gards og spurde mor hennar som burte var, om ho ville gjera så vel og sjå åt dottera si. Jau, det kan du veta mora ville, og vart med framandkaren så fort ho vart ferdig. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Jordbruk, Kvinner

Iver Einhending

pgprestCARL HENRIK GRØNDAHL: Prestens tale i Peer Gynt handlar om ein kar som skar av seg ein finger i ung alder for å sleppe militærteneste. Henrik Ibsen skal ha lese om ei slik hending i Morgenbladet da han var i Italia, og han la historia inn i det dramatiske diktet Brand, som han skreiv før Peer Gynt. Som eksempel på feige nordmenn, som ikkje ville vera med og slåss, da tyskarane gjekk til krig mot Danmark i 1864. Men han tok guten ut av Brand og sette han inn i Peer Gynt i staden. Og nå som noko heilt anna. Ein mann som var seg sjølv og knapt står som krøpling for sin Gud. Men nokre frøningar meiner Ibsen henta også denne karen i Fron. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Grublestad i Skåbu

Patrick Huse fekk Nord-Frons kulturpris for 2014. Møt han i dette innslaget frå TVØst.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

-Neiggu om det går an å drepa denna kar’n

OLE CHR. RISDAL: Fløytaren Anders Brustugun kom frå ein liten plass attmed Skåbyggja som heitte Brustugu. Han vart vitne til ei dramatisk hending. Ein dag hadde ein tømmerlunne festa seg like ovanfor Hinøgelsbrua. Elva gjekk grøn og stri i vårflaumen. Fossefallet utanfor brua mulla og mol så det høyrdest lang lei. Fleire karar dreiv utpå lunnen og skulle freiste å få den løyst. Mellom dei var Kristian Finnsand, ein østerdøl som var tømmerhusbond hos Carlson Foss. Rett som var losna lunnen og utover fossen bar det med bulder og brak. Det var som heile lia skolv og vasspruten stod himmels høgt. Det var eit leven så voldsomt at ein kunne tru domedag var komen. Alle hadde kome i land, så nær som Finnsand, for han vart med utover fossen. Les meir

Éin kommentar

Filed under Verksemder

Kampen om Sødorp-kyrkja

Sødorpkyrkja før ho vart flytta. Foto:  Simen Baardseth.

Sødorpkyrkja før ho vart flytta. Foto: Simen Baardseth.

RAGNAR ØVRELID: Ein fæl storm 7. mars 1822 bles tårnet av Sødorpkyrkja. Skaden vart reparert, og tårnet bygd opp att i mykje lågare fasong. Det tok rett nok tre år før arbeidet vart gjort. Da hadde det også meldt seg andre manglar ved Sødorpkyrkja:

Taket er nå så brøstferdig at nytt må legges.

Sokneprest Jarmann etterlyste det nye taket da han vart tilsett i 1868. Kommunestyret sa det ville vente til det vart avklara om kyrkja skulle gjennomgå ein større reperasjon eller flyttast og ombyggast. Kyrkja var for lita, meinte dei, og i miserabel stand. Kommunestyret hadde nå kome til den oppfatning at kyrkja burde flyttast og gjerast åttekanta! Dårlegare enn Sør-Fron ville dei ikkje vere. Nå måtte dei berre vente på teikning og kostnadsoverslag.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Folketru