Å vera dotter til presten

img026 Bryllup i Prestegården i Nord-Fron først på 1900-tallet

Bryllup i prestegarden i Nord-Fron tidleg på 1900-talet (Bilde frå Rønnaug Hvattum/Vegar Skar)

SNØFRID SKAARE:  Som prestedotter har eg budd på to prestegardar, og det noko spesielt ved å  leva barneåra sine på ein prestegard. Prestegarden tente før som eit slag  herberge for reisande gjennom bygdene. Det var  mange stader vanskeleg å finne overnattingsstader, og i prestegarden var det som regel god plass. Som barn var eg måteleg fornøgd med desse gjestene. Dei var ofte alvorlege menn som heilt oversåg oss barna. Det einaste fine var den gode maten som kom på bordet når det var besøk. Men for husmora var det heller slitsamt. Husa skulle varmast opp, her gjekk det mykje ved.  På Dovre fraus vatnet kvar vinter. Klesvasken vart eit slit, bera vatn, varme opp og så skylje  i bekken  nedanfor. På slike dagar var det vakre bildet med teservering for sommarkledde gjester langt borte!

Mange slags løn

Presten  fekk ein del av løna si i naturalia, dvs kjøtt, poteter, ved, mjølk og meir. Det var forpaktaren som sytte for dette. Eg hugsar det vart sitert frå forpaktarkontrakten i Nord.Fron at ”melken skal leveres  ren og pen i prestegårdens kjøkken.” Det stod også noko om at veden skulle vera finkløyvd og lagt opp i vedaskålen. Og det var ganske mykje  av løna som kom i naturalia. Eg kjem i hug at presten på Vinstra skulle ha 10 liter mjølk kvar dag. All maten var sikkert heilt nødvendig i tidlegare tider da prestane ofte hadde store familiar. Presten Heggenhougen på Vinstra hadde 11 barn. Her skulle det store mengder mat til.

Sett med barneaugo

Som barn var eg ivrig med i alt arbeidet på garden.  Fjoset var ein triveleg stad å vera, ikkje minst om vinteren. Der var det godt og varmt, og kanskje kunne eg få lov til å mjølke også. Gina, kona til forpaktaren på Dovre, var ein god læremeister i alt gardsarbeid. Da eg vart større, fekk eg meir å vera med på. Det var mange arbeidsoppgåver å ta del i. Å vera med å sleppe sauane ut på beite om våren var kanskje det aller, aller mest spanande. Eg hadde min eigen sau, ei skjedde (søye) av Cheviotrasen. Den hadde eg fått som gåve av ein bonde, trur det var i samband med ei gravferd. Det spørst om ikkje dette var ein eldgammal måte å betale for kyrkjelege handlingar på? Far ville slett ikkje ha noko ekstra, og eg veit ikkje om han til slutt betalte for sauen. Men ho var i allfall mi, penaste skjedda på garden! Det var vondt da ho til slutt måtte late livet.

Å leva på ein gard, like før gardsdrifta vart fullt ut teknifisert, var ei utruleg fin oppleving for eit barn. Prestegardane eg budde på var store, fine bruk, med ei aktiv gardsdrift.  Eg såg dei gode sidene ved dette livet, slitet såg eg mindre til. Den gode lukta av tørka høy og for den del, av kumøkk utan silolukt, det var fint.  Da vi kom til Vinstra, var den moderne gardsdrifta stort sett innført der. Men å bu på ein stor gard med dyr av mange slag, det var ei god oppleving i alle fall.

Å vera prestedotter

Å vera  dotter til presten kunne vera litt spesielt. Når det var snakk om å få lov til noko, var det ikkje reint sjeldan at venninnene mine fekk spørsmålet: Får Snøfrid lov? Dersom svaret var ja, så fekk dei også lov. Det må i ettertid vedgåast at svara mine ikkje støtt var heilt 100% i samsvar med det foreldra mine hadde sagt. På Dovre voks eg opp som ein av dei andre ungane. Svært sjeldan vart det fokusert på mitt faderlege opphav. Heldigvis. Eg hadde inntrykk av at alle i grenda var godt forlikte, og nabokrangel var ukjent. Det var sikkert ikkje alltid korrekt, men for eit barn verka det slik. Eg kunne ha lyst til å sitere frå Aasen: «Heime var eg so vida kjend og slapp inn, kvar eg vilde. I kvart hus i den heile grend, um endaa folket kvilde»

Frå Dovre til Nord-Fron

img063 Se tekst nr. 64

Julie og Gudbrand Heggehougen med åtte av dei 11 barna. (Bilde frå Rønnaug Hvattum/Vegar Skar)

Eg var 14 da vi flytta til Vinstra. Her vart det ny skule, gymnaset, nye kameratar og ny bustad. Prestegarden var stor, 225 kvm. grunnflate pr etasje.  Det var faktisk ringeklokke i alle rom i 2. etasje. Desse fungerte ikkje da vi kom, men det seier vel litt om storleiken til huset. Og Heggenhougens med alle barna, dei hadde kanskje glede av ”calling systemet”? Prestebustaden hadde ikkje hadde vore vedlikehalde på mange år. Presten før far var gamal, og han, kona og ein vaksen son budde aleine i huset. Det var eit noko dystert hus. Men med oppattmåling og vøling vart det lettare. Hagen var mest som eit lite eventyr. Mange epletre, frodige rosebusker og ein noko skrøpeleg, men romantisk veranda.  Det var så vidt golvet der heldt, men det var ein idyllisk stad å eta frukost på. Her kunne ein drøyme seg attende til Camilla Colletts tid på ein  kvitmåla veranda med klatreroser rundt.

img060 Prest Heggenhougen med fire av sine Barn, se på datidens rullator.

Gammelprosten Gudbrand Heggenhougen med datidas rullator (Bilde frå Rønnaug Hvattum/Vegar Skar)

Gamleprosten, som han vart kalla, hadde ikkje hatt så mykje kontakt med bygdefolket den siste tida. Både han og kona var pensjonistar, dei hadde ikkje heilt god helse, og hadde vore lite ute blant soknebarna dei siste åra. Derfor vart det litt vanskeleg til å byrja med å koma inn i bygdemiljøet, i alle fall tykte eg det. Ein gong fortalde far at det gjekk rykter om at prostens hadde vore på kino. Sensasjon! Men det var altså vi som hadde vore på barnefilm, slett ikkje gamleprosten. Men det var tydeleg at slik som kino, det burde nok ikkje prestefolk gå på.

Den som lettast og best glei inn i miljøet, trur eg var veslebror min, skulestart med jamnaldringar gjorde alt lettare for han.  Men sidan mor var frå nabokommunen, hadde foreldra mine alt ei mengd kjenningar i bygda, og dei fann seg snart godt til rette. Eg starta på gymnaset, i ei triveleg klasse, med gode lærarar og godt miljø. Snart var det mange nok å vera saman med. Og ingen brydde seg med at far var prest.

Det skrymtar!

Når gamleprosten er nemnd, må skrymtet også nemnast. Far la seg som regel sist om kvelden. Eg la merke til at om lag 10 min. etter at han hadde lagt seg, så var det steg opp trappa. Kvifor flyg du ned i første etasje kvar kveld etter du har lagt deg, spurde eg? Men han hadde slett ikkje vore nede att. Vi kom til å nemne dette for prostinna noko seinare, og svaret ho var: «Det er ånder det», sa ho, «men det er berre gode ånder her.» Ja, det slo vi oss til ro med. Den nøkterne og fornuftige forklaringa er sikkert at treverket gjev seg. Men akkurat i det rommet som ligg nær trappa, har fleire gjester høyrt same stega. Og nå må det leggjast til at eg bur i den gamle Sundet prestegard også i dag, men den er flytt sju km frå der han opprinneleg var. Ei av kusinene mine og svigermor mi  nektar plent å sova på dette gjesteromet. Dei er båe heilt overtydde om at i det rommet er det noko uforklarleg som hender.  Men kva gjer det, huset har mange soverom, og alle skikkelege  prestegardar har sitt skrymt!

Diskresjon

Ein prestegard er meir enn ein vanleg bustad. Før hadde presten heimekontor, og alle som skulle ha attestar og andre papir måtte hente dei i prestegarden. I dag har vi prestekontor på line med andre offentlege kontor. Det kan vel vera både fordelar og ulemper ved det. Arbeidet går fortare og meir effektivt på eit kontor, men det kan vera meir triveleg og personleg  i prestegarden.  Da var det slik at alle som hadde ærend til presten, måtte innom for å få kaffi. Det var triveleg og gav kanskje høve til ei ekstra samtale med presten.  Eg lærde tidleg at det som skjedde på kontoret, eller dei som var innom der,- det måtte aldri talast om. Nå var sikkert over 90 % av samtalene heilt utan noko behov for pålagt diskresjon, men likevel, det som skjedde på kontoret, skulle aldri nemnast.

Mange gjeremål

Etter kvart tok stadig fleire kontakt på telefonen, og den vanlegaste grunnen var at dei bad om dåpsattest. Den måtte ein ha for å søkje på skular, få sertifikat, gifte seg og mykje anna. Det var ofte eg som tok telefonen, og ikkje sjeldan ville dei som ringte ha meg til å ta mot ”ordren”, dersom far ikkje var heime. Eg lærde snart kva slag opplysingar eg måtte be om: Kva for ei kyrkje dei var døypte i, når fødd, og når døypt. Eg vart ein habil ”klukkar” ettter kvart.

Det hende at  folk kom i triste og vonde ærend. Dei vart med ein gong viste inn på kontoret  til far. Men heldigvis galdt dei aller fleste besøk berre trivelege saker.

Ved eit par høve tok far meg med der han meinte eit barn ville roe situasjonen. Og det trur eg han hadde rett i. Eit barn kan vera ei hjelp, i visse høve. Med eit barn til stades, var folk ofte rolegare, og alt vart meir daglegdags. Eg trur ikkje eg hadde vondt av å sjå dei ymse sider av livet relativt tidleg, snarare tvert imot.

Det var ikkje så reint få som gifta seg på prestekontoret. Eg hugsar godt eit par som kom gåande opp til prestegarden på Dovre og ville bli vigde. Dei hadde alle papir med seg, og det kunne gå fort og greitt. Dette var eit triveleg, litt vakse par frå Vestlandet. Dei ville sikkert ikkje ha fest og mange gjester. Dei hadde teke turen over fjella for å gifte seg i fred og ro. Men da kjende dei ikkje mor mi: Eit bryllup utan blomar og musikk? Aldri! Ville brura ha blomar? Ja da! Dei hadde berre ikkje funne blomebutikk nokon stad. Straks vart ei av rosebuskene  våre skamklypt, kontoret pynta, og dei kunne starte. Det dei ikkje visste var at i naborommet stod pianoet, og der sat fetteren min, habil pianist alt da. Han sette i med «Bryllupsdag på Trollhaugen» av Edvard Grieg. Etterpå vart to-tre salmar sunge, med akkompagnement. Og til slutt Mehndelson. Brura gret, og brudgommen pussa nasen alt i eitt. Men gifte vart dei, og lykkelege med, så vidt vi kunne forstå. Vi fekk i alle fall ei flott julegåve seinare, m.a. ein stor keramikkvase og eit brev fullt av takk.

Det kunne vera riktig mange fine, muntre, så vel som meir alvorlege hendingar å ta med frå livet på ein prestegard. Ein vinterdag kom eit par av romanifolket  til prestegarden på Dovre. Dei var i 30-åra og hadde med ei lita dotter på om lag eitt år. Dei var beskjedne og hyggelege folk. Dei sat i lengre tid, drakk kaffi og prata med foreldra mine. Så spurde dei om ikkje mor og far ville ta til seg dottera. «Her får ho det mykje betre enn på landevegen», sa dei. Det kom vel for overraskande på foreldra mine, og det er ikkje sikkert at resten av familien deira hadde gått med på dette, men det vart i alle fall ikkje noko av. Seinare høyrde vi at bestemora hadde teke til seg barnet. Eg sørgde over den vesle systera eg ikkje fekk den gongen. Men så enkelt er vel ikkje livet at ein kan gje bort eit barn utan vidare.

Gjestebod på prestegarden

Før var presten og familien hans bedne til mest alle bryllup som var. På Dovre var det middag på Kirkestuen, dersom ikkje folk hadde gjestbodet heime da. Menyen på Kirkestuen var nokså fast: Fiskepudding i rekesaus, kalvesteik og karamellpudding. Alt saman god, heimelaga mat. Bordplasseringa var fast med presten for bordenden. Familien til presten vart også beden. Da eg var ca sju-åtte år, var eg og far i bryllup. Mor var av ein eller annan grunn ikkje med. Eg sat ved sida av bror til brudgommen.  Han sa veldig mykje rart og søla kvit saus over seg og bordet. Far vart noko betenkt, såg eg, men eg tykte karen var rett underhaldande. Det eg ikkje skjøna den gongen, var at han var relativt påsegla. Så vidt eg minnest, vart vi ikkje så lenge i selskapet.

Eit stort hus

Gjestene på ein prestegard kunne vera av forskjellig slag. Mange kom innom i ”embedets medfør”, dvs. dei reiste for eitt eller anna misjonsselskap, religiøs organisasjon, eller dei kom i samband med  kyrkjeleg  arbeid. Emisærar var så mangt, nokre dystre og dei sa lite, i alle fall ikkje til eit barn. Dei takka for seg ved å skrive bibelsitat i gjesteboka. Andre, spesielt misjonærar, kunne vera svært gode til å fortelja frå misjonsmarkene. Det var heilt tydeleg at dei hadde opplevd mykje, sett mykje, og hadde stor menneskekunnskap. Dersom dei hadde med seg ting frå misjonsmarka, var suksessen sikra. Eg gløymer ikkje ho frå China som hadde med små sko til snørde føter, eller han frå Afrika som hadde med eit slangeskinn. Men dei aller mest populære var Frelsesarméfolka. Dei spela og sang så fint, både ved samankomster heime og på Menighetshuset. Og vi ungdomane gjekk gjerne lange vegar for å høyre dei, eller vera med på basar. Det var ikkje store krav til underhaldning da…

Kjendsfolk kom innom

Kjende menn frå det offentlege livet var også innom. I første rekkje dei som var knytta til bispedømmet. Både biskop Kristian Schjelderup og professor Hallesby var hos oss, men ikkje samtidig!  Hallesby var forresten ein triveleg og omgjengeleg mann. Det var det nok ikkje alle som trudde. Schjelderup var utruleg blid og venleg. Det same var biskop Johnson og biskop Hille. Det var naturlegvis veldig spanande for oss barna når desse karane var på besøk.

Elles var det nok fleire gjester hos oss enn vi barna sette pris på. Vi ville helst ha foreldra våre for oss sjølve, men det vart det lite av. Dei var prestefolk, og dei hadde sine plikter. Når vi hadde gjester, var det oftast ikkje få, helst 20-30, når det først skulle vera. Vi hadde hjelp til dette, men likevel vart det ein del arbeid på oss også, ikkje minst på mor mi. Men vi hadde også i mange år Karen til hjelp ved slike høve. Ho greide på sin rolege måte å ordne opp med det meste, spesielt var ho ei utruleg god kokke. Eg ser for meg henne som ein av dei siste av dei gamle husbestyrarinnene som alle embetsfolk hadde.

Å høyre til i ein prestefamilie vart meir eller mindre eit yrke for alle i husstanden. Nokre  gonger kunne det vera litt keitt, men aller mest har det vore  fint. Å bu i dei vakre, gamle husa med så mykje historie i veggene har vore  eit privilegium. Kaldt, tungvindt ja, men på varme sommardagar, ein vidunderleg stad å vera. Livet på prestegarden har vore spanande, lærerikt og i alle fall ikkje kjedeleg. Det har heller aldri vore eit einsamt liv, bygdefolket har, både i tidlegare tider og i dag, teke godt vare på presten og familien hans.

Sundet blir privatbustad

Prestegarden på Vinstra vart seld, og ny bustad oppsett. Vi var heldige som fekk kjøpe det vakre, gamle huset. Dette skjedde i 1970-åra. Ønsket frå prest og prestegardsstyret var å få eit moderne, lettstelt hus. Og det kunne vera forståeleg nok. Ut med dei gamle hus  som var upraktiske, tungdrevne, og etter mange sitt syn, uegna til bustad. Visst var huset kaldt og trong mykje renovasjon, men tømmeret var fint, og det er mykje historie i desse veggene. Det er berre synd at bygda ikkje tok vare på huset der det stod, slik at heile kyrkjelyden kunne ha glede av det. Vi er glade over at det vakre huset er delvis intakt, og at vi kan bu her. Det var nære på at det vart stykka opp til hyttevyrke.

Publisert her første gong 17. desember 2013

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s