Domedag over Fron

Storofsen2(1)

Storofsen i Gudbrandsdalen. Teikning: Reidar Fritzvold, Norsk Skogmuseum

IVAR KLEIVEN: Ulykkeshendingane på Fron i Storofsen i 1789 er for ein stor del vorte bortgløymt i dei mannsaldrane som er gått, og av dei som ennå har helde seg i minne, er det nok berre eit bleikt bilete ein kan gjera seg av den fæle naturulykka. Storflommen gjorde stor skade i Fron. Bygda mista 20 menneskjeliv,  I Kvam heldt det på å forkomast eit menneskje; det låg ein plass som heitte Sletta i baksida midt for Kjørøm, og skredet tok både hus og jord, og ei 14 år gamal dotter, Tore Sletten, vart førd ut i Laugen, men ho hadde på eit eller anna vis helde seg opp til ho stana i ei bjørk ved Teigøya. Her hekk ho til far hennar, Tor Sletten, kom på ei flåte og redda ho. Ætta hennar er ennå til.Det var komen en ny eigar på Hundorp i desse dagane, ein sakførar Viborg, og på Haverstad sat ei enkje som heitte Kari. Nå da grenselina var borte, vart det usemje mellom dei to grannane. Da fekk ho Kari han Jens Lykkja, husmannen hennar, til å grave seg igjennom det djupe gruslaget og skulle prøve å finne marsteinen. Ho var med sjølv, ho Kari, og peikte ut kor Jens skulle grave. Det var ikkje så redt, og dei måtte prøve på fleire stader, men steinen fann dei til slutt, men det var 2 meter med grus over. «Det var da svært til nåsabein på den kjerringa!» sa Viborg.

Alle tverrelever, åer og bekkjer hadde grave og øyrt meir på desse tre dagane enn på hundre år, teke seg nye far og lagt opp øyrbankar på halve hushøgdar. Fossåa huserte på farleg vis nedover vollen. Ekre, som låg i vegen og var en bra gard, var att med berre noke få mål da ulykkesdagane var over. Hundorp og Haverstad-vollane var gjømde av øyre og delelinene var borte.

På Sveipe og Muriteigen tok skred alle husa, men folket på både gardane flytta frå i god tid, så ingen liv gjekk med. Straks nord for Sveipe er det ein heim som heiter Brettingen, og der var det trygt for skred, der samla folk seg og såg på korleis det eine fæle skredet etter det andre braut ut og flømde stein og grus utover. Stua på Sveipe vart ståandest til sist, og da det drygdest før ho reiste, tykte kjerringa på garden at ho lyt freiste på å berge nokre klede som hang att i rama. Ho fekk med seg ein til å ro, for Laugen gjekk like innåt husa. Dei fekk med seg kleda og kom seg ut i båten att, men da kom eit stort skred og tok stua, og det var berre på ei hekte at det ikke nådde båten.

Mellom Isum og Muriteigen gjekk det eit skred så veldig at det rakk over Laugen til Laugøyra. Når Laugen er liten, stikk det opp over vassflata over 20 store steinar, som skredet la att etter seg. Gusten før skredet var så sterk at den sprengde glasrutene på Prestmoen i solsida.

I Skurdalsgardane gjorde skred stor skade. Skurdalshaugen hadde den likaste åkeren sin nedmed elva, og der tok elva seg nytt far, beint på husa i Nigard-Skurdal og vidare nedover åkeren i nedre Nigard-Skurdal. Der gjekk flomvatnet til midt på veggen på eit tvihøgt stabbur, som dei brukte å ha til kornbu i nedre høgda. Vatnet løfta eit stort kornkjer opp i øvste høgda, som ikkje var golva, og her vart kornkjeret attståande på ein golvås da vatnet minka, og kornet var reint uskadd.

Rolstad-gardane mista så mykje av jordvegen at gardsskulda vart nedsett. Ommundlia som ligg på vestsida av Frya, midt i mot Venabygda, reiste med hus, folk og krøtter. Her gjekk det fleire menneskjeliv, men kor mange, er ukjend, da kyrkjebøkene er brunne. Det var eit fælt skred som tok Ommundlia, og frå det ôg var gusten så sterk at glasrutene sprengdest ut i husa i Venabygd på andre sida av Frya.

I Kvam fór Leingardane stygt ille. Dei samla seg på Sigstad, for der tykte dei det måtte vera trygt for skred, men rett som der var, synte det seg ei stor revne, som heldt på å åpne seg i jorda ovanfor garden, og dei venta tid for tid at det skulle sige ut ei fæl jordmokke. Til all lykke braut ho ikkje ut. På Veikle øydela flom og skred 8-9 lyueng, og på Koloen gjekk det til eit menneskje, Nils Ruststugun. Han heldt på å ro seg over Laugen, og så braut det ut eit stort skred ned i elva med slik kraft, at flodbølgen kvelva båten.

Øvst i Skåbu løp det ut nokre fæle skred som syner seg den dag i dag, og i Skåbugardane fór åker og eng ille, og ikkje betre var det i Kvikne. Heile bygda var grimete og svartranda da ulykka var over, og det skulle ikkje finnast ein gard som hadde sloppe skadeslaus.

Tone hadde ei seter oppe i Espedalen, og der låg det to gamle folk med både ku og geit om sommaren. Eit skre løsna oppe i fjellet og sopte med seg husa på setra, og dei to gamle vart grave ned i den abragdslege grushaugen. «Toneskredet» syner seg den dag i dag, stokkende og sundknust trefang av seterhusa står ennå opp av grusmengda.

I setra til Nistugun Skåbu i Hinnøgllia låg kjerringa sjøl på Setra. Ho hadde med seg einaste barnet sitt, ein årsgamal guttunge, elles låg ho einsleg på setra. Så kom ofsedagane, og regnet sette på å ause ned uten opphald, dag og natt, det flømde rundt alle veggane, og jorda dissa kor du skulle setje foten. Rønnaug NIstugun var ikkje vel til mot og tok til å misse vona om å få sjå folk meir. Men om natta andre regnværsdagen kom bror hennar og ein mann med han opp på setra, men det sto hardt å baske seg fram over stygge skredfar og ville bekkjer – på fleire stader måtte karane våge livet.

I dei fæle dagane mellom den 20. og 23. juni mista bygda 20 menneskjeliv, 34 naut, 7 hestar og 79 småkrøtter. 809 hus vart heilt øydelagde og 270 var skadde meir eller mindre. 2014 mål åker vart nedøyrt og øydelagd og 550 øydelagd for lange tider. 13655 mål med eng og engemakt vart heilt forinkja, og 2901 mål øydelagd for nokre år. Det var bare Vågå som for så ille av bygdene i dalen.

Det var eit regnvær som folk aldri har sett makan til og ein tordslått så hard at det hørdest ut til at berga skulle renne ihop. Både gamle og unge tok til å tru at det var domedag som heldt på å kome over verda. Lågen voks og voks for kvar time og såg ut som han ikkje ville helde opp før han fyllte dalføret til ein einaste innsjø.

Da det endeleg gav seg den fjerde dagen, den 23. juni, og været kaulna så flommen gjekk attende, var det eit fælt syn folk fekk for auga, når dei såg ut over den gamle bygda, som hadde ligge der så vakker. Ho var ikkje til å kjenne att: djupe, svarte skred låg og gapte i alle lier, og jordmokka hadde løpe ut, reidt til og øydelagd åker og eng, store vidder på flatene var nedøyrt med jord, grus, stein og skogfang. Her og der var ein heimstad vorte borte, og jordvegen sto att som eit stygt, steinete ulende – gamle hus var knasa, flytta av tuftane og strødde utover, så stokkende og spikje peikte til alle leier. Somme stader var husa svinga til ymse kantar og sto att skakke og skeive, krokrygga og salrygga om ein annan. Slik hadde ingen drømt om at Fron skulle koma til å sjå ut, og folket tykte det såg vonlaust ut å tenkje på, nokon gong å røkke til å få vêlt om alt som desse tre ulykkesdagane hadde øydelagd, skipla og omskapt.

Ofsen i 1789 er vel dens tørste ulykka som nokon gong har gått over Gudbrandsdalen etter han vart bygd og busett, og folket i dei bygdene som fór mest ille, trudde ikkje i dei første tidene etter ulykka et skadane lot seg bøte på, slik at gardane kunne bli slik dei var før ofsen, korkje i avling eller krøttertal. Og vonlaust såg det ut med det same: store vidder av den beste åkerjorda og engmarka såg ut som det argaste, urydda ulende. Men folk gjekk ikkje og stura og var oppgjeve lengje. Dei tok til å grave så fort det let seg gjere, og vêlta om og jemna til att. Og på nokre år var det retta mykje av det verste.

Da ein mannsalder var gått, heldt avling og budskap på å koma i det gamle støde heilt ut, og ved jordbruksteljinga i 1836 hadde gardbruka gjort eit nok så stort framsted til alle leie. men det hadde kosta stort strev og mykje slit å slette ut alle dei stygge merkja Ofsen la att etter seg, både på jordvegar og hus.

I 1860 hadde Gudbrandsdalen ein uturmåta stor flom den 17. og 18. juni, og både Laugen og fleire av tverrelvane gjorde skade. Men det gjekk ikkje skred som i 1789, og skadane vart derfor ikkje så store at dei stogga den økonomiske framgangen. Både Laugen og fleire av elvene i dalen nådde på det aller næraste i 1860 att målet frå 1789, og på mange stader såg det alt anna enn vakkert ut.

Først publisert her 15. august 2014

2 kommentarar

Filed under Jordbruk

2 responses to “Domedag over Fron

  1. Fin og interessant artikkel om et fryktelig uvær som rammet dalen. Og, som det har vist seg etter utgravingene i forb. med ny E6, har tilsvarende og større(?) flom rammet dalen flere ganger i eldre tid.
    Storofsen har alltid fascinert meg siden jeg var liten, da merkesteinen over vannstanden stod rett nedenfor der jeg vokste opp i Øyer. Imidlertid så må det vel ha sneket seg inn en liten slurvefeil her. Storofsen var i Juli og ikke i juni 1789.

  2. CHG

    Ja, storofsen var i juli, men Ivar Kleiven insisterer på at det var i juni, og jeg har gjengitt ham trofast.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s