IVAR KLEIVEN: Ulykkeshendingane på Fron i Storofsen i 1789 er for ein stor del vorte bortgløymt i dei mannsaldrane som er gått, og av dei som ennå har helde seg i minne, er det nok berre eit bleikt bilete ein kan gjera seg av den fæle naturulykka. Storflommen gjorde stor skade i Fron. Bygda mista 20 menneskjeliv, I Kvam heldt det på å forkomast eit menneskje; det låg ein plass som heitte Sletta i baksida midt for Kjørøm, og skredet tok både hus og jord, og ei 14 år gamal dotter, Tore Sletten, vart førd ut i Laugen, men ho hadde på eit eller anna vis helde seg opp til ho stana i ei bjørk ved Teigøya. Her hekk ho til far hennar, Tor Sletten, kom på ei flåte og redda ho. Ætta hennar er ennå til.