CARL HENRIK GRØNDAHL: Prestens tale i Peer Gynt handlar om ein kar som skar av seg ein finger i ung alder for å sleppe militærteneste. Henrik Ibsen skal ha lese om ei slik hending i Morgenbladet da han var i Italia, og han la historia inn i det dramatiske diktet Brand, som han skreiv før Peer Gynt. Som eksempel på feige nordmenn, som ikkje ville vera med og slåss, da tyskarane gjekk til krig mot Danmark i 1864. Men han tok guten ut av Brand og sette han inn i Peer Gynt i staden. Og nå som noko heilt anna. Ein mann som var seg sjølv og knapt står som krøpling for sin Gud. Men nokre frøningar meiner Ibsen henta også denne karen i Fron.
Iver i Toksekleiva gjekk noko grundigare til verks. Han hogg av seg heile armen i ein krangel med bror sin. Sidan heitte han Einhendingen, gjekk i alle åra med post og traska gjerne i veggrøftene for å spare skosålene. Han levde til ut på 1900-talet. Melder Aftenposten 31. januar 1970.