-Neiggu om det går an å drepa denna kar’n

OLE CHR. RISDAL: Fløytaren Anders Brustugun kom frå ein liten plass attmed Skåbyggja som heitte Brustugu. Han vart vitne til ei dramatisk hending. Ein dag hadde ein tømmerlunne festa seg like ovanfor Hinøgelsbrua. Elva gjekk grøn og stri i vårflaumen. Fossefallet utanfor brua mulla og mol så det høyrdest lang lei. Fleire karar dreiv utpå lunnen og skulle freiste å få den løyst. Mellom dei var Kristian Finnsand, ein østerdøl som var tømmerhusbond hos Carlson Foss. Rett som var losna lunnen og utover fossen bar det med bulder og brak. Det var som heile lia skolv og vasspruten stod himmels høgt. Det var eit leven så voldsomt at ein kunne tru domedag var komen. Alle hadde kome i land, så nær som Finnsand, for han vart med utover fossen. Ingen trudde dei skulle få sjå han i live meir. Litt om senn løyste lunnen seg opp i hølen utanfor fossen. Plutseleg dukka Finnsand opp, tok seg til lands, rista av seg det meste av vatnet og var like god. På ein bergpall stod han Anders som hadde vore vitne til det heile. Han stod lenge og såg på Finnsand, og så sa han: – Neiggu om de går an å drepa denna kar’n é vatn på anna måte hæill’n koke é hæl’n.

Vasskrafta har vore utnytta i Skåbu heilt sidan 1600-talet, da fyrst og fremst i kvernhusdrift og sagbruk. Men på slutten av 1800-talet vart det starta opp fleire tømmerdrifter i Skåbu. Handelsmenn med kapital kjøpte opp tømmer for så å selje det til treforedlingsindustrien rundt om i landet. Dei fleste arbeidarane kom frå Skåbu, men det kom óg folk frå Østerdalen og Sverige.
Den fyrste større tømmerdrifta vi kjenner til, vart starta av handelskaren P. Carlsen Foss innpå Murudalen i 1875. Ein indikasjon på at dette var den fyrste, er at mange husmenn forsvinn om lag på denne tida, og denne verksemda mogleggjorde at husmenn kunne kjøpe seg ut for å bli sjølveigande.
Det er dessverre ikkje så mykje stoff om denne drifta, kor mykje som vart dreve ut osv. Men det ein veit, er at P. Carlsen Foss fekk økonomiske vanskar og gjekk konkurs berre ni år etter starten, og at kommunen tok over skogteigane hans. Dette kom av at dei som hadde skog, ikkje hadde råd til å løyse den inn att.
Mesteparten av tømmeret kom frå Murudalen. Tømmeret vart da fløytt etter Murua og ned i Hinøgla. Da vassføringa i Murua var heller lita, vart det nødvendig å byggje fleire demningar, som det syner restar etter den dag i dag. Etter at det kom ned i Hinøgla, var det ikkje lang veg til Slangen. Der vart tømmeret samla inn i lenser. Desse lensene kunne dei ikkje frakte på annan måte den gongen enn at dei var avhengige av naturkreftene. Dei måtte liggje og vente på medvind, før lensene vart sleppt. Frå der vart tømmeret fløytt ned i Olstappen. Her vart det óg samla tømmer som kom frå Espedalen. Tømmeret som vart dreve ut her, vart samla på Langvatnet, Breisjøen og Ramstjønna, for så å bli fløytt etter Espa.
Fløytinga frå her og nedover Vinstraelva var eit farefullt arbeid, og det krevde óg menneskjeliv. Elva var stri og storsteinut, med høge berg og tronge juv. Det kunne byggje seg opp digre lunnar, som det var svært arbeidskrevjande å få løyst. Ein heil del av dette tømmeret vart fløytt den lange vegen til treforedlingsfabrikkane som låg attmed vassdraga.

fløting1

Tømmerfløyting på Breisjøen. Arkivfoto: Vinstra Kraftselskap.

Kvardag og fest
Det er fleire dramatiske historiar frå denne tida. Men det som er særskild, er at fløytarane kunne sjå det komiske og det artige i fleire av desse episodane. Dette var nok svært viktig i den elles så harde og vanskelge kvardagen for folk flest. Denne tida gav óg rom for ordhittuge originalar som kunne ljose opp i mørke stunder.

Det var på slutten av ei julehelg, og det hadde vore vel mykje turing på Hølmyra. Dei som var med skulle vere ein tømmerhusbond til Carlsen, ein del av hoggarane hans som låg der, samt eit par bygdekarar. Det lei så langt uti jula at drifta skulle vore i gang att. Men karane hadde enno att ein kagge med brennevin som dei sat og godgjorde seg med, og somme hadde nok sovna óg.

Carlsen budde da på Nesset i Svatsum. Truleg hadde han ana uråd. Han hadde ein gamp som dei kalla «Kveksen», som var så kåt og lettfløygd at det gjekk ord om det. Det var sagt at han ikkje var god å stane etter at han var kome på floget. Einaste måten var da å vikja han mot eit tre eller ein husvegg. Jau, Carlsen hadde nå sela på «Kveksen» og kom i tråv og i renn etter Essdalsvatna. Han kom reint uventa på karane på Hølmyra, som enno hadde att ein del på kaggen sin. Men nå var Carlsen ikkje sein. Han sette seg over skrevs på kaggen, reiv opp ein revolvar, og tappa ned kvar ein dråpe som att var. Det var saktens hardt for dei som såg på, men det var ingen råd med det. Nå var jula slutt, og det var på tide tide å byrje att med drifta. Carlsen Foss gjekk til slutt konkurs, men det var nok ikkje på grunn av julefeiringa på Hølmyra!

Skogskoier
Arbeidarane som ikkje fekk husly på setrene og dei hyttene som stod i området, måtte byggje sitt eige husvære. Dette var ofte dårleg isolerte koier, med den følgje at fløytarane ofte lei vondt. Frå seinare tømmerdrifter (Dørumdrifta) er det fortalt fleire historier som illustrerer livet i desse koiene, som var heimen til skogsarbeidarane. Dei fortel kor harde og vanskelege forhold desse folka levde under. Men det ein fyrst og fremst legg merke til når ein lyttar til folk som har opplevd slike tider, er at det ikkje er eit negativt ord å spore. Dei klaga ikkje, og det er kanskje derfor at dei kom igjennom dei vanskane som oppstod.

Kjelde: Torger T. Risdal

Publisert her første gong 31. januar 2015

Éin kommentar

Filed under Verksemder

One response to “-Neiggu om det går an å drepa denna kar’n

  1. Ivar Myrrusten

    Vi fløy langs lågen og så på de løp på tømmer lunna så farlig ut ja for oss gutta

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s