Krigstytebær

MoltebilRAGNAR ØVRELID: Ei kvinne i Sør-Fron førte dagbok under krigen. Her er ei skildring av ein tytebærtur frå Sør-Fron til Atna i 1942. Det vart sett opp buss frå Ringebu:

Søndag 4. oktober. Stod opp klokka halv fem om morgonen. Det var mørkt ute. Smurte mat og sykla for full fres til Ringebu. Kom ca fire minuttar for seint. Eg kom meg opp i bussen. Det var ikkje mange kjende, men eg kjende friserdama. Vi bila i ca. tre timar og kom endeleg til Atna. Det såg ut til å vere mykje bær. Men først måtte vi kvile litt, det var rim på marka, og bæra var tela. Vi tok til å plukke ca. kl 10. Veret avr kaldt og surt, det snødde og regna lit, og gikk inn og bvermde meg medan strømpene tørka. Så bar det ut att.

Vi reiste tilbake ca kl halv sju. Da hadde eg plukka 12 liter. Når det var godt ver, kunne vi plukke 20, sa folka der. Før hadde dei funne 100 liter på dagen. Det var dumt at vi kkje hadd reist dit tidlegare. Vi reiste så heim, velnøgde med bære lell. Hyggelig folk alle. Kom til Ringebu kl 10. Sykla så heim og kom heim kl halv elleve. Det var mørkt, men eg trefte ingen, og alt gikk bra. Eg var temmeleg mør da eg la meg.

Frå Historia om Fron, bind I, publisert her første gong 13. desember 2014

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s