Her var det ingen som tenkte på redningsvestar!

saubåt

«Vi rodde sau over til solsida når den skulle til fjells. Då var det så trongt at det var vanskeleg å få brukt årene. » Anders H. Sandbu (1875-1962) har lasta ferja med sau ein vårdag i midten av 1950-åra. Foto: Anna Sandbu, utlånt av Aud Sandbu

OSKAR LETRUD: Vi som budde på Baksida mellom Kvam og Vinstra før det var veg og bru, måtte krysse Laugen ofte fleire gonger om dagen og til alle årstider. Verst var det om hausten, når det vart kaldt før isen la seg. Då var det å dra med seg båten utover isbrua og hoppe i båten med det same ein nådde ope vatn, som då kunne gå full med krav (nyfrossen is), som fraust fast på båten, slik at han vart ekstra tung. Etter overfarten var det å vera klar med båtshaken når ein nådde iskanten på andre sida, slå ned isen og lage ei ope råk inn til dit isen var så sterk at ein våga seg utpå. Så var det å dra båten opp på isen, og då var det godt å ha broddar! Så fort isen var sterk nok ved land, og vi fekk ein stabil kuldeperiode, vart det hogd ut isbru. Det var nok dei som fekk seg eit kaldt bad i denne jobben, men vi hadde ikkje nokor alvorleg ulukke som eg minnest. Med isbrua på plass kunne vi nytta isvegen både langsmed og tvers over elva. Høy som skulle ned frå setra, mose frå fjellet, ved og bygningsmaterialer – alt skulle fraktast på isvegen. Var det planar om støyping av ein eller annan mur, så var det å få kjørt grus med bil, ta den att med hest, spa den opp i kjerrkista som var sett på sleden, og spa den att når ein var komen dit han skulle brukast. Ikkje akkurat lettvint! Fram til vi fekk hengebrua ved Kvamsporten og seinare ei skikkeleg bru ved Kvam, var robåten og ferja heilt naudsynte framkomstmiddel. Når eg nå tenkjer attende på denne trafikken over elva, er det eit under at det ikkje skjedde noko uhell. Her var det ingen som tenkte på noko slikt som redningsvestar. Vi var ikkje gamle før vi fekk prøve oss som skipparar og rodde sjølve når vi skulle på skulen. Etter kvart vart vi så kjende med kvar båten skulle fortøyast, at vi rodde rett på om det så var mørkt. Frå eit konfirmasjonslag hadde eg tolv personar i båten då eg rodde heim om kvelden. Vi rodde sau over til solsida når den skulle til fjells. Då var det så trongt at det var vanskeleg å få brukt årene. Sauen var som regel roleg i båten, men det hende av og til at det gjekk sau over bord. Det var verst om hausten då ulla var lang, for det var det tungt å få sauen opp i båten att. Ein gong vi var med og rodde over sauen til Ragna Brustuen (1916-2004), reiste to sauer to-tre hundre meter før dei kom seg på land på Hølmøya, der vi kunne henta dei att. Noko av det verste eg var med på å frakte med båten, var ei grisepurke som skulle til rånen. Vi la plankar på balet (båtripa), som vi sette griskassa på, men det var tungt å få ho dit, for purka og kassa vog til saman eit par hundre kilo. Hesten batt vi ofte etter båten når vatrnet ikkje var for kaldt og elva passe stor. Mjølka som skulle leverast på ysteriet, måtte fraktast over elva, og vi måtte hente att tomspanna om ettermiddagen. Om våren og fram til omlag sankthans var det tømmer som skulle nedover Laugen. Det kom store mengder med tømmer, og det kunne av og til skape problem viss ein var åleine i båten. Var det to, kunne den eine stå framme i baugen med båtshake og dytte stokkane unna. Det hendte ôg at vi tok ekstra fart og rodde over stokkane viss dei var små. Lenger sør var det fast rorskar til skuleborna. Johan Veikleenget (1881-1871) hadde denne jobben i mange år. Hit kom det då born frå både Sorperoa og Øldalen som skulle på Brekkaskulen.   Første utdrag frå Fronsbygdin 2012

Første gong publisert her 30. september 2014

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s