Per Gynt utan telefon

Nemda fekk attpåtil delt ut årets Peer Gynt i 1977: Rolf og Birgit Sunnaas, som oppretta Sunnaas sjukehus.

RAGNAR ØVRELID: Det er 1977. Formannen i Per Gynt-nemnda har ikkje telefon. Skal nemda bestille til han? Det er tre ledige nummer på Vinstra-sentralen. Formann Harald Rudi fekk telefon til heimekontoret i store deler av året. Elles foregjekk det meste av arbeidet med Per Gynt-stemnet i andrehøgda på turistkontoret. Der hadde dei adgang til ein skrivemaskin.  Arbeidet i nemnda var improvisert, tilfeldig og personavhengig. Mange av programpostane vart til etter innfallsmetoden rundt eit møtebord, mens klokka tikka og gjekk mot stemneopning. Det er nesten som eit under at det vart resultat av det, til og med gode resultat, betre og fyldigare år for år.

I mai 1977 er stoda slik: Trekkspeltreffet er klart. Dølakvelden er klar. Dei har ikke fått folk til litteraturseminaret. Per Tofte har nemnt Else Michelet med Peer Gynt-parodi. Ho kan ikkje. Halvard Grude Forfang bør spørjast. Barneprogrammet: Øyvind Sund burde vera med. Peer Gynt-kvelden: Orkesteret frå Gjøvik kjem ikkje. Teaterinnslaget er heller ikkje klart. Spørje Hålogaland Teater? Prøve å få songarane Noralf og Lilleba Lund som solistar? Kappleik: Odd Kjorstad og Per Amundstad møtest neste veke for å hjelpast åt med å ordne dette. Kva med å engasjere Gardens drilltropp til laurdagen og søndagen?

Fjellprogrammet: Kven kan foreslå ein prest til seterandakten? Kunstutstillinga heng i ein tråd. Vi er litt seint ute, ingen er ansvarleg.

Men sanneleg gjekk det bra dette året også.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur, Musikk, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s