Daily Archives: 26. juni 2015

Per Gynt utan telefon

Nemda fekk attpåtil delt ut årets Peer Gynt i 1977: Rolf og Birgit Sunnaas, som oppretta Sunnaas sjukehus.

RAGNAR ØVRELID: Det er 1977. Formannen i Per Gynt-nemnda har ikkje telefon. Skal nemda bestille til han? Det er tre ledige nummer på Vinstra-sentralen. Formann Harald Rudi fekk telefon til heimekontoret i store deler av året. Elles foregjekk det meste av arbeidet med Per Gynt-stemnet i andrehøgda på turistkontoret. Der hadde dei adgang til ein skrivemaskin.  Arbeidet i nemnda var improvisert, tilfeldig og personavhengig. Mange av programpostane vart til etter innfallsmetoden rundt eit møtebord, mens klokka tikka og gjekk mot stemneopning. Det er nesten som eit under at det vart resultat av det, til og med gode resultat, betre og fyldigare år for år. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur, Musikk, Verksemder