Daily Archives: 24. juni 2015

Forteljarglede i levande bilde

Fron er full av folk med livserfaring, kunnskap og glede over å fortelje. Det er berre å leike seg med bilde og lyd. Bruke videokameraet, eit levande ansikt, lyset, stemninga, det overraskande. Så redigere – sette saman film, bilde, nytt og gammalt, legge på lyd, musikk, tekst. Skape eit dokument for framtida. Du har laga ein lokalhistorisk video som kan gje deg 5000 kronar i premie. Eller 3000 kronar. Eller ein tredjepremie på 2000 kronar. Over ser du eit døme på korleis det kan gjerast: Arvid Møller fortel frå Skåbu.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon