Stal Johannes pengane på nikkelverket i Espedalen?

nikkelverket

Styrar David Forbes måla nikkelverket i Espedalen. Ill henta frå boka «Nikkelverket i Espedalen» av Iver Forseth, Dølaringen boklag 2004.

IVER FORSETH: Midt i oktober 1849 var det fest på nikkelverket i Espedalen, og det kom mye folk for å slå seg laus på den nye dansesalen. Det ser ikkje ut til at leiinga ved verket har hatt noko med denne festen å gjera. Styraren, David Forbes, var ikkje der. Ved to-tida om natta var dei fleste gått til sengs. Da overstigar Fahlvig kom til kontorbygningen tidleg måndag morgon, var døra broten opp, og den store pengekista på kontoret til Forbes var stolen.

Kista var stor og tung, det måtte ha vore to mann for å få ho ut. Tjuvane hadde bore ho bort til Breisjøen og slått eit hol i botnen på ho. Holet var stort nok til å få ut pengane, 1500 spesidalar. Men holet i kista var så trongt og hadde så spisse kantar at det ikkje skulle gå an å få ut pengane utan at handa og armen fekk sår.

Tjuvane hadde søkkt jernkista ned i Breisjøen på grunt vatn. Folket på verket fann ho. Pengane var borte.

Med 300 arbeidsplassar på verket og i gruvene var 1500 spesidalar nok til drift i 14 arbeidsdagar. Beløpet var omtrent verdien av ein liten gard, og dobbelt så mye som frøningane kjøpte allmenningen i Espedalen for seks år etterpå.

Styrar Forbes kalla inn arbeidsfolk og ville ha greie på kva som hadde gått føre seg under festane i helga. Johannes Nilsen Kolloen og bror hans vart sterkt mistenkte, og måndagskvelden måtte Johannes møte i storstua hos Forbes. Forbes hevda etterpå at Johannes var uvillig til å syne fram hendene sine og ta av seg uniformskjolen (jakke med militært snitt), slik at dei kunne sjå om han hadde rifter eller sår på armane. Johannes hadde rifter både på handbakane og på armane, men nekta for å ha noko med tjuveriet å gjera. Såret på handa hadde han fått ved å kaste ein skjærsteinsklump i smeltehytta dagen før, fortalte han.

Forbes hevda at Johannes vart bleik under forhøret og fleire gonger var nær ved å svime av.

Etter at Johannes var forhørt, kom han ut i kjøkkenet. Overstigar Fahlvig syntes han oppførte seg rart. Johannes banna og svor på at han hadde vore på rommet sitt på brakka da pengekista vart stolen. Fahlvig ville ha greie på om det var slik at Johannes visste når kista vart stolen. Etter det vart Johannes stille.

Styrar Forbes meinte han hadde ei god sak og sendte Johannes ned til lensmannen på Fron. Han sette Johannes i arrest. Sorenskrivar Randklev sto for det fyrste forhøret på lensmannsgarden Stokke i Fron, 27. oktober 1849. Vel ei veke seinare vart forhørsretten sett på verket med Randklev sin fullmnektig som administrator.

Det hadde vore fullt av folk på rommet til Kollo-karane om nettene. Ingen av dei som låg der, hadde sett eller hørt at Johannes eller nokon annan hadde vore ute etter at dei la seg.

Amtmannen fann ikkje opplysingar i forhøret som synte at Johannes var skuldig og ga ordre om at han skulle settast fri. Dette vart vanskeleg for Forbes. Nå måtte han stå til rette for eigarane i England, og midt i desember 1849 ba Forbes om at fogden skulle sende saka til justisdepartementt «med anmodning om sakens videre forfølgelse.»

Sorenskrivar Randklev fekk ei skrape frå Justisdepartementet. Dei meinte at forhøret på «vesentlige punkter lider af en beklagelig ufuldstendighed». Sju punkt vart lista opp, og brevet låg på bordet til Randklev da han kom heim frå vårtinget, 27. februar 1850. Johannes vart sett inn att i arresten, og i mars og april var det fem nye forhør, fleire av dei på verket. I alt 44 personar ga forklaring for sorenskrivaren. Mange av dei vart innkalle fleire gonger, útan at eg kan sjå at det kom fram noko nytt.

Departementet si avgjerd kom 15. mai 1850 i brev til amtmann Weidemann:

Der er for tiden ikke tilstrækkelig grund til justis-sags anlæg mod den for bemeldte tyveri mistænkte Johannes Nilsen Kolloen.

Johannes vart nå endeleg sett fri for godt etter sju vanskelege månader.

Etter det Peter Megrund skreiv i boka si om Espedalen (Espedalen, 1972), var det to østerdølar som stal pengekista. Dei reiste snart frå verket, og på heimstaden sette dei opp ei mølle. Etter ei tid vart den eine karen sjuk, men før han døydde, tilsto han at det var han og kameraten som hadde stole pengane.

Redigert utdrag frå artikkelen «Da kassa på nikkelverket vart stolen» i Fronsbygdin 2005.

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

One response to “Stal Johannes pengane på nikkelverket i Espedalen?

  1. Unni Vibeke Svarstad

    Finnes det noen beskrivelse av denne kisten?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s