Her er ein teknofil007 som prøver ut dronefotografering over Vinstra, Fefor, og Peer Gynt-speleplassen Gålå i mai i år:
Her er ein teknofil007 som prøver ut dronefotografering over Vinstra, Fefor, og Peer Gynt-speleplassen Gålå i mai i år:
Logoen til Fron historielag, teikna av kunstnaren Ragnvald Frøysadal etter ein gamal kyrkjering frå Steig i Sør-Fron.
Carl Henrik Grøndahl
carlhenrikgrondahl at gmail.com
Fron historielag gjer ein viktig frivillig innsats for lokalsamfunnet, storsamfunnet og ufødde generasjonar. Med å ta vare på det som har vore: bygningar og reiskap som tidlegare generasjonar nytta, spor dei sette i naturen, lagnader dei levde, draumar dei drøymde, tankar dei tenkte og ikkje minst: dei minna som berre finst i hovudet på folk, og som må ned i skrift eller på videoopptak.
Slik medverkar historielaget til at nye generasjonar kan vere i ein naudsynt og skapande dialog med fortida.
Her ligg det både lærerike og morosame oppgåver, ikkje minst for ungdom med interesse for nett og videoproduksjon.
"Frøningane held oppe framifrå årbok-kvalitet. Det er imponerande kva årbokredaktørane får fram av stoff."
GD
Dei som lagar årboka Fronsbygdin: Frå venstre: Redaksjonssekretær Gard Espeland, redaktør Hildegunn Maria Haanes Ruset og redaktør Rasmus Stauri. Foto: Dølen
Kvams eigen eidsvollsmann av Arild Teigen
Berre to gudbrandsdølar møtte på Eidsvoll i 1814. Det var Anders Lysgård, født i Øyer, men busett på Biri. Og Paul Harildstad Aamodt, født i Heidal, men gardbrukar på Sjoa.
Kyrkjene vart brukt til vallokal også i Fron av Rasmus Stauri
Sør-Fron kyrkje vart brukt til vallokal da det skulle veljast valmenn som skulle velje utsendingar til Eidsvoll.
Eit lite samfunn som nesten er borte av Odd Jan Skriubakken
På plassane under Dalsegg, på vestsida av Laugen ved Breivegsbrua på Sør-Fron, budde eit trettitals personar i 1865. I dag er fleire av dei små plassane borte.
Omgangsskulelæraren i Langli´n av Tore Fevolden
I 1838 tok Engebret Bakken til som omgangsskulelærar i Langlia – ei stilling han hadde i 41 år. I 1840 kjøpte han garden Bakken som sidan da ofte har vore kalla Skulmesterhaugen eller Skulmesterbakkin.
Gamle segn og soger frå Skåbu av Georg Megaarden
Ein jotun som kasta stein på Skåbu-kyrkja. Tre brør som sette lite pris på presten. Og ein uvanleg fiskefangst. Dette er tre soger frå Skåbu som Georg Megaarden fortalde om i Arbeiderbladet in 1930.
Da det vart sleppt yngel i Fossåa av Gard Espeland
Frå 1900 og utover var det stor interesse for å sleppe fisk i elvar og i fjellvatna. I Sør-Fron har det vore tre klekkeri – på Svelle, på Valseter og i Baukholsgrenda.
Tamreindrift i Fron av redaksjonen
Brekka skule – ein av dei nedlagte av Oskar Letrud
I 1913 vart det bygd nytt skulehus i Brekka like sør for Kvamsporten i Nord-Fron. Det avløyste det gamle frå 1886. Barn frå båe sider av Laugen gjekk på denne skulen som vart lagt ned i 1984.
Innmarksnamn på Tåkåstadgardaneav Sigurd Grytting
Innmarksnamn – namn på åker og eng – kan fortelje om friftsmåtar, om terrenget, eller om tidlegare eigarar. Med mange folk i arbeid var slike namn nødvendige. Nå er mange av namna i ferd med å forsvinne.
Opp og ned med Vinstra vidaregåande skule av Olav Bratland
For Vinstra vidaregåande skule har det vore uheldig med den sterke utbygginga av dei andre skoletilboda i Dalen. Det som ein gong var eit kjent landsgymnas, er ikkje lenger ein skole for heile dalen.
Kalkbrenning i Kollodalen> av redaksjonen
Halvdan Krag – ingen dusingvare av Hans Odenrud
Mange vaksne frøningar hugsar Halvdan Krag som levde mellom 1901 og 1976. Han bygde båtar, og han teikna og produserte prefabrikkerte hus. Han var ein mann med humor, sjølvironi og poetiske evner.
Lidarheim-butikken i Lia av Gard Espeland
I 1897 hadde Amund J. Rudi frå Sør-Fåvang tent så mykje på skreppehandel at han kunne kjøpe Lidarheim i Lia i Sør-Fron. Her opna han landhandel, og her var det butikk i over 100 år fram til 2004.
Kjøpmann og musikkentusiast - om Magnar Rudi av Gard Espeland
Olai – kuffertkremmar og lagstav av Gunnar Lien
Olai Olsen som budde på Breivegen, var ein kremmar som fòr rundt i bygda med kufferten sin og selde ymse varer. Også var han kjent for å vera ein lagstav, ei skravlebytte, utanom det vanlege.
Mitt Arktis i Fefortraktene av Sigrun Slapgard
I området opp mot Fefor kunne barn i Riste dra på polarekspedisjon, og i skogen ned mot Laugen kunne dei leike at dei var indianarar. Vart nokon skadde, kunne dei leggjast inn på sjukestova på låven.
Golo – ei elv i Ruste av Anders Haugen
Golo er inga stor elv, men likevel har ho vore til god nytte for rustværane, som har fiska, saga bord og male korn. Men elva har også skapt strid, og vore tema for bitre rettssaker.
Da Holocaust kom til Fron av Kjartan Ruset
I 1918 busette den jødiske familien Karpol seg på Harpefoss i Sør-Fron. Hausten 1942 vart dei tre barna, Klara, Samuel og Ester sendt til utryddingsleir i Tyskland. Frå der kom dei aldri att.
Sør-Fron sangkor 100 år av Vegard Bjerke
Sør-Fron sangkor vart stifta 25.februar 1914. Det har gått opp og ned med aktiviteten, men koret har sunge for kong Haakon, og saman med Ytre Suløen Jazzensemble, med Dolly de Luxe og Hanne Krogh.
Storfremmon i Kvam av Geir Beitrusten
Gjennom åra har mange kjende personar gjesta Kvam – alt frå kongar til popstjerner. Den kriminelle forfattaren Arthur Omre brukte til og med Kvam som base for smuglarverksemda si.
Ord og uttrykk i fronsmålet av Magne Malerbakken
Fårråreppen sett frå Kjønås av Jon Ødegård
For dei som budde på Nørdre Kjønås var det stuttare å dra til butikken på Frya enn til Vålbrua. Ved riksveg 50 skjedde det mykje spennande. Men ein slik tur kunne også vere skummel for ein som var liten.
Froon, Ffroon, Fraaen og Fraun av Tore Fevolden
Gravminne i Fron. Av Arnfinn Engen
Frå siste delen av 1700-talet vart det meir vanleg at det vart sett eit minne på grava med namn og dato for fødsel og død. Spesielt i åra 1820 til 1850 vart det laga gravsteinar av kleber i Fron.
Husmannsplassane under Ulberg. Av Odd Jan Skriubakken
Garden Ulberg på vestsida mellom Harpefoss og Lia har hatt husmannsplassar. Det er Skinne, Skinnehaugen, Reire, Dokka og Huse - i ein kortare periode også Estinlykkja og Jørnslykkja.
Slik levde vi i Huse. Av Odd Jan Skriubakken
Den siste familien som budd på husmannsplassen Huse, hadde ikkje berre nok til det daglege brød. Dei hadde òg råd til å abonnere på Ukens Nytt. Barna var med og skar åker frå dei var seks år gamle.
Ei gravferd i 1940. Av Oskar Letrud
Før var det relativt faste reglar for korleis ei gravferd skulle vere. Til middag måtte det helst vere ferskt kjøtt. Det måtte vaskast og bakast, og nokon måtte gå i skogen for å finne granbusker og granbar.
Nedregata før ´Terian kom. Av Per Ottesen
I 1950-åra var ikkje Nedregata på Vinstra berre hovudvegen mellom Oslo og Trondheim. Ho var også den viktigaste møteplasen i bygda og handelssentrum i Nord-Fron kommune.
Søndagsmiddag på Kafeterian. Av Gard Espeland
I 1950-åra gav ein bil fridom - fridom til å reise til Vinstra for å kjøpe seg søndagsmiddag på den ultramoderne Peer Gynt Kafeteria. Den gongen Vinstra var Nedregate, og all trafikken på riksvegen passerte her.
Kringle på Pettersens kafé. Av Per Ottesen
Frå 1945 til 2002 var Pettersens kafé ein viktig møtestad på Vinstra. Kaféen og Anna var “berømt” for den gode kringla si. Her kunne både gymnasiastar og lokal ungdom møtast.
“En kjekk 90-åring i Sør-Fron”. Ved Eivind Holen
Marit Tagestad Holen , som fylte 90 år i 1938, kunne hugse både kongeferda i 1860 og storflaumen i Laugen same året. Dette kunne ho fortelje om i eit intervju som avisa Laagen hadde med henne.
Oppvekst under den kalde krigen. Av Gunnar Lien
Under krigen var det stor aktivitet på Frya, med ammunisjonslager, soldatar og krigsfangar. Etter krigen måtte grenda finne attende til kvardagen, med i lang tid var spora etter krigen der.
Spilte A-lagsfotball i 27 år. Av Geir Teigøyen
Nils Røssummoen blir av mange regnet som Gudbrandsdalens beste fotballspiller gjennom tidene. Hans spilte førstlagsfotball i hele 27 år- og selvsagt scoret han også i sin siste kamp.
Vanskeleg å lese gotisk handskrift. Knut Tvete i samtale med Rasmus Stauri
Vegane i Skurdalsgrenda. Av Eiliv Enget
I 1920-og 1930-åra fekk Skurdalsgrenda ny veg. Bilane måtte kome fram til hotell inne på fjellet. Framleis kan vi sjå spora eter Gammelvegen mange stader.
Stadnamn etter Gålåvegen. Av Eiliv Enget
Ein av dei fyrste bileigarane. Av Eiliv Enget
Han samla eventyr for Asbjørnsen. Av Velle Espeland
Ein gong rundt 1850 sende lærar Peder Nielsen to eventyr frå Fron til Peder Christen Asbjørnsen. Det eine-“Den kloge høne” – vart liggjande i arkivet og har aldri før vore trykt.
“Så halmballer og gjerdestolper skvatt!” Av Steinar Larsen
Øyvind Hernæs´store interesse var motorsport. I 30 år kjørte han billøp, og konkurrerte med samtidens mest kjente bilførere som Kjetill Gudim og Trond Schea. Ofte kom han langt oppe på premielistene.
Sandbu stoppestad. Av Aud Sandbu
I 1914 oppretta NSB ein stoppestad ved Gammel-Sandbu. Trafikkgrunnlaget var mellom anna mjølkespann som skulle sendast til og frå ysteriet på Vinstra. Fyrst i 1966 vart haldeplassen lagt ned.
En lang låve på Steig. Av Nils Christian Steig
Låven på Steig i Sør-Fron er hele 62 meter lang og 11 meter bred på det bredeest, og enda har den vært større. Da den ble bygget rundt 1859, måtte tømmeret hentes langveisfra.
Gymnasiast på Vinstra i 1950-åra. Av Arne Finborud
Gymnaset på Furuheim hadde ikkje råd til vaktmester før i 1951. Ein nabo sørgde for vedforsyninga, men rektor måtte ofte i sving med primusar tidleg om morgonen for å tine opp dei to wc-ane.
Fagerhøy - setra som vart skule. Av Carl Henrik Grøndahl
Storhaugen, setra til Sygard Forr, vart bygd ut til Fagerhøy Sanatorium som opna i 1882. Frå 1969 har det vore leirskule i kombinasjon med vanlege turistar på den vêrharde staden 1018 moh.
Fra Frons eldre historie. Av Ingar M. Gundersen
Allerede for omkring 2000 siden ble det drevet jordbruk i dalbunnen ved Grytting, Frya og ved Breivegen i Sør-Fron. Men hyppige flomkatastrofer for omkring 1500 år siden kan ha ført til at gårdene ble oppgitt.
Fra Orkenøyene til London og Gålå. Av John R. Sclater
I flere generasjoner har familien Sclater feriert på Gålå der de kjøpte ei gammel seter i 1902. Men allerede i 1873 ferierte den unge Francis Saudersen Sclater i Vågå der han fant sin store kjærlighet.
Ny kjerring på gammel gard. Av Kari Bay Haugen
Ung og uten erfaring med gardsarbeid kom Kari Bay Haugen til den tradisjonsrike Sygard Forr som gardkjerring – en gard som hadde vært i slekta side 1745. Det var ikke bare lett.
Kunsthandverkaren Ragnvald Frøysadal. Av Kåre Hosar
Læraren og den allsidige og originale kunsthandverkaren Ragnvald Frøysadal kom til Sør-Fron for fyrste gong i 1956. Resten av livet vart bygda heimen hans – frå 1969 Almelykkja i Øverbygda.
Bispevisitas i Fron i 1620. Av Velle Espeland
Til minne om sivile som mista livet. Av Arild Teigen
Minneord over Asbjørn Fevolden
Årsmelding Fron historielag
Kulturprisar
Oversyn medarbeidarar i Fronsbygdin 2013
F.v. redaksjonssekretær Gard Espeland og redaktørane Per Ottesen og Rasmus Stauri.
Kjøp boka!
Byggeskikk i Fron
Av Arnfinn Engen
I alle fall dei siste par hundreåra har Fron vore eit brytnings-område mellom den tradisjonelle byggeskikken i dalen, og dei nye stiltrekka som kom inn frå sør tidleg på 1800-talet.
Men det var ikkje siste dans
Av Per Ottesen
På Bøndernes har både The Spectacles, Per Aabel, Oddvar Nygaard og Ola Opheim stått på scena. Gjennom 50 år var forsamlingshuset sentralt i forenings- og festlivet, men så var det slutt, eller …
Hans Joten – jernmann, rimsmed og samfunnsrefsar.
Av Gunnar Lien
Som smed var han vel berre så måteleg. Heller ikkje var det nokon stor poesi han kom med. Det var det store engasjementet han synte i dei sakene han trudde på, som gjorde han stor.
Frå Mælingen i Kvam til Minnesota.
Av Arild Teigen
Præriebrannar, store svermar med grashopper og iskalde vintrar. Mykje slit venta nybyggjarane frå Kvam som slo seg ned i Minnesota i 1869. Framleis har etterkomarane kontakt med heimbygda.
Skoekampsetra på Engeberget.
Av Oskar Letrud
Setra på Engeberget i Kvam har vore eigd både av kongen og av småbrukarar. Ei tid var det også planar om ei turistverksemd der. Men nå står husa til nedfalls slik som på så mange andre setrar.
Da Frya hadde eget 17. mai-tog.
Av Odd Ivar Storløkken
I 1949 hadde Frya sitt eget barnetog på 17. mai. Omkring 15 elever gikk bortimot 3,5 km før Theodor Bakken kjørte dem i lastebil til Hundorpgeilen slik at de kunne slutte seg til toget som kom fra Lia.
Vals te tusen.
Av Rasmus Stauri
Den 18. september 2010 fekk spelemannen og komponisten Oddvar Nygaard (1919–1985) sitt fysiske minnesmerke i Sør-Fron sentrum. Melodiane og musikargjerninga hans vil seint bli gløymt.
Da Nørdre Øverbygda fekk skule.
Av Anton Bjerke
I 1865 vart det innkjøpt ei tomt til ein skule for Nørdre Øverbygda i Sør-Fron. Skulen var i bruk heilt til 1961 da kretsen fekk skulehuset til forsamlingslokale. Dette fekk namnet Øvertun.
To døler på studenbenken.
Av Helge Stormorken og Hans Gotfred Sandbu
Etter halv ti skulle det være stille, og å gå på do etter den tid var slett ikke tillatt. Reglene var strenge for de to veterinærstudentene som delte en 15 kvadratmeter stor hybel i Oslo i åra 1942–1947.
På jakt etter storelgen.
Av Johan Dalseg
Budeiene på Sødorp-setrene skulle ha sett ein uvanleg stor elgokse i området, og jegerane året før oss hadde vore i kast med ein «bigse» der, så kanskje hadde Ole ein baktanke med å jakte i Frylia.
Låven som vart pilegrimssenter.
Av Rasmus Stauri
Ikkje mange hus har hatt eit så omskiftande tilvære som den gamle tømmerlåven frå Sigstadvolden i Kvam: sløydsal, internat, ungdomsherberge, turistinformasjon, butikk, og pilegrimssenter.
Den siste husmannsplassen.
Av Per Ottesen
Bakkestugu var den siste husmannsplassen i Nord-Fron. Her budde Rønnaug Sagboden til ho døydde i 1994, 99 år gammal. Ho levde eit nøkternt liv, og tente litt på å strikke – mellom anna «rosahoso».
Smiu åt Pettersen-karom.
Av Nora Stormyrbakken
Nesten alle i bygda hadde ærend til Ole eller Magnus Pettersen på Vinstra den tida alt som kunne reparerast, vart reparert. Pettersen-karane passa også brannbilen, og rykte ut når det var brann.
Ein tur Bortafor.
Av Gard Espeland
Bortafor kunne barn frå Lia oppleve spennande filmar og dødsryttarar ved kommunelokalet, dessutan eit intenst kaféliv på Svendsens kafé. Men det kunne også vere turar fulle av skrekk og gru.
Da sorenskrivaren ville ha seterveg.
Av Knut Fossehagen
I 1845 vart bøndene i Nørdre Lia på Sør-Fron samde om å byggje ny veg heilt inn til setra på Bjørnhaugen. Pådrivar var sorenskrivaren på Hundorp, men også presten gjekk inn for prosjektet.
Oppvekst på Kvarvet.
Av Trond Dalsegg
Også barna til bureisarane på Kvarvet måtte tidleg vere med i arbeidet. Det var ein stor dag da ein fekk vere med mor og far til Vinstra for å kjøpe armbandsur som takk for innsatsen.
Tårnbyggjaren som vart frøning.
Av Hans Odenrud
Byggmester Werner Olsen budde store delar av livet på Fron. Han restaurerte kyrkjer i mange bygder i Gudbrandsdalen. Men det var truleg ikkje han som bygde opp att Listadkyrkja i 1617.
Havfrua i Furusjøen.
Av Velle Esepland
I følgje ei gamal segn skal det ha vore ei havfrue i Furusjøen på Kvamskjølen. Og ikkje berre var ho vakker, ho kunne også gje svar på alt ein lurte på. Men møtet med ein reinsjeger vart dramatisk.
Da «Sjennin» skulle over Augla.
Av Fride Gunn Rudi
Det gjekk nesten gale da Einar Rolvsbakken og hesten «Sjennin» prøvde å gå Kalstigen beinast over Augla for å kome til Kile. Korkje før eller seinare har det gått hest på denne smale stigen.
Spennande leik ved Fossåa.
Av Tordis Irene Fosse
Ei elv som Fossåa er spennande og forlokkande, men også dramatisk og farleg. Medan dei vaksne kjører tømmer, skyl klede og hentar vatn, prøver barna ut grensene, og lærer kvar dei er.
Den gongen telefonen var manuell.
Av Gard Espeland
Hausten 1939 tok Inger Engum (Espeland) til som sentralborddame på Sør-Fron, 17 år gammal. Lønna var 25 kroner månaden, og arbeidet inkluderte også litt barnepass og enklare husarbeid.
Oppvekst på kraftanlegg i Skåbu.
Av Trond Bakkevig
Aller best likte jeg å være med Nils Sande når han kjørte rundt med sin Bedford lastebil, eller med beltebil om vinteren. Jeg var hjelpegutt når vi kjørte til Rauskaret, Sandvann eller Heimdalsvannet.
Jernalderfunn på Jetlund i Sør-Fron.
Av Svein Jetlund
I samband med utgreiingane kring ny trase for E6, vart det hausten 2008 og våren 2009 gjort arkeologiske undersøkingar fleire stader i Midtdalen. Mellom anna vart det gjort store funn på Jetlund.
Anonymt mellomalderhus i Sør-Fron.
Av Gard Espeland
På Haverstad i Søre Lia står eitt av dei aller eldste trehusa i landet – eit stabbur som opphavleg truleg hadde ei sval på alle fire sidene i andre høgda. Berre om lag 200 tømmerhus i Norge er så gamle.
Murar og tufter i Steindalen.
Av Mildri Een Eide
Etter synfaringane stod vi att med tre tolkingar. Var murane og tuftene spor etter ei bygdeborg? Kunne det vere spor etter ein husmannsplass utan jord? Eller var dette spor etter stor verksemd i steinbrotet?
Det andre Hundorp.
Av Gard Espeland
Ein sjeldan gong hender det at Hundtorp i Bardu i Troms blir forveksla med Hundorp i Sør-Fron. Og faktisk finst det eit slags samband mellom desse to stadene med nesten det same namnet.
Ny daterering av Fron-hus på Maihaugen.
Kan du Fronsmålet?