OLE CHR. RISDAL/TORGER T. RISDAL: I 1870 drog Ola T. Skabo (f. 1835) åt Amerika med kona si og fleire slektningar. Han var fødd i Øvre Skåbu og var den yngste av fleire sysken, og skulle vere ein kar med særs gode evner. Gifta si hadde han frå søre Prestgarden i Heidal, der han dreiv med landhandleri ei tid. Men etter nokre år var det ein auksjon på Prestgarden der han og kona selde det meste av eignelutane sine før dei drog. Brevet, som her er gjengitt, har Ola Skabo skrivi like etter at dei var komne over åt Amerika. Som ein ser er det stila åt broren Iver Skabo og svogeren Tore Prestgarden. Dessverre er siste delen av brevet kome bort, men ein får da høyre om reisa over havet, heilt til dei nådde fram til slektningar og landsmenn i det nye landet. Les meir
Monthly Archives: juni 2015
Per Gynt utan telefon

Nemda fekk attpåtil delt ut årets Peer Gynt i 1977: Rolf og Birgit Sunnaas, som oppretta Sunnaas sjukehus.
RAGNAR ØVRELID: Det er 1977. Formannen i Per Gynt-nemnda har ikkje telefon. Skal nemda bestille til han? Det er tre ledige nummer på Vinstra-sentralen. Formann Harald Rudi fekk telefon til heimekontoret i store deler av året. Elles foregjekk det meste av arbeidet med Per Gynt-stemnet i andrehøgda på turistkontoret. Der hadde dei adgang til ein skrivemaskin. Arbeidet i nemnda var improvisert, tilfeldig og personavhengig. Mange av programpostane vart til etter innfallsmetoden rundt eit møtebord, mens klokka tikka og gjekk mot stemneopning. Det er nesten som eit under at det vart resultat av det, til og med gode resultat, betre og fyldigare år for år. Les meir
Filed under Kunst og handverk, Litteratur, Musikk, Verksemder
Forteljarglede i levande bilde
Fron er full av folk med livserfaring, kunnskap og glede over å fortelje. Det er berre å leike seg med bilde og lyd. Bruke videokameraet, eit levande ansikt, lyset, stemninga, det overraskande. Så redigere – sette saman film, bilde, nytt og gammalt, legge på lyd, musikk, tekst. Skape eit dokument for framtida. Du har laga ein lokalhistorisk video som kan gje deg 5000 kronar i premie. Eller 3000 kronar. Eller ein tredjepremie på 2000 kronar. Over ser du eit døme på korleis det kan gjerast: Arvid Møller fortel frå Skåbu.
Filed under Informasjon
Å selje vaskemaskiner i Heidal
Ein liten angstfordrivar, ei seng på stabburet, ei snuseske som vart med busserullen ned i vaskemaskina. Tor Sæthersmoen hadde mykje å fortelje på årsmøtet i historielaget tidlegare i år.
Filed under Biografiar, Menn, Verksemder
Knut var en nådegave fra Gud
E. GARLID: Nytår 1871 flyttede jeg som folkeskolelærer til Øvre Svatsum og Espedalen og blev der som sådan i 3 1/2 år. I Espedalen havde jeg 9 ugers skole om året nær Vis-Knuts hjem Erlandshusene og havde således anledning til å omgåes ham ikke så ganske lidet. Nogle træk om ham fra denne tid skal jeg så nøkternt og sandt som jeg er istand til, nedenfor nedskrive, da det muligens vil være til nogen belysning af hans person og virksomhet. Les meir
Filed under Biografiar, Folketru, Menn
Markering i Øvre Skar

Øvre Skar.. (Bilde: Nordisk kulturlandskapsforbund)
Sundag 28.06.15 kl. 12.00 inviterer Harpefoss IL og DNT Gudbrandsdalen til markering av at restaureringsarbeidet i Øvre Skar er kome så langt at det første huset kan takast i bruk i tursamanheng. Det er det vesle eldhuset som nå er rusta opp. Her er ein video frå Øvre og nedre Skar. Her finn du glytt frå ein barndom i Nedre Skar. Du får enkel servering og litt både å sjå og høyre. Les meir
Filed under Informasjon, Jordbruk
Et møte med Håkon Sveen
Kari Bay Haugen laget dette portrettet av Håkon Sveen for TVØst:
Vi møter her humoristen, forfatteren, fotballspilleren og læreren Håkon Sveen fra Vinstra, som gjennom mange år har levd av å underholde og lære andre. Håkon har gjennom et langt liv blant annet vært med å forme Peer Gynt ved Gålå, ved å lære kjente skuespillere til å snakke fronsdialekt. Han har også skrevet boka N’Jalmar Ringenes Precident. Her får dere et lite innblikk i Håkon Sveens rike liv.
Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn
Frigjeringsdagen i Kvam
Frigjeringsdagen 1945 vart markert også i Kvam. Motstandsmannen og kanonkommandøren Thor Sæthersmoen frå Vinstra fekk tildelt regjeringas krigminnemedalje. Maurits Opsahl laga denne reportasjen for TVØst:
Filed under Biografiar, Menn
Kva skjedde da Frøningheimen brann?
CARL HENRIK GRØNDAHL: Her er eit godt døme på at aktivitet på sosiale medier, her Facebook, kan vere av stor verdi for innsamling av lokalhistorie og ei kjelde for framtidige historieskrivarar. I 1943 brann ungdomshuset Frøningheimen ved Jensbakken. Ragnar Øvrelid skriv om brannen i Historia om Fron, bind 2:
Innbu og ein snekkarverkstad brann. I andre høgda var det også lagra 300 beslaglagde radioapparat frå Fron. Dei drog ut vindauga med brannhakar, og med hakane fekk dei også drege ein del av apparata ut, og ein del av dei uknuste vart unnalurte, enda det var streng vakt på staden. Men mesteparten av radioapparata brann.
Så la Øivind Bjørnsgård ut dette bildet frå brannen på Du væt du e frå Sør-Fron når… 18. juni 2013. Da kom det mykje interessant informasjon: Les meir
Filed under Informasjon
Historisk hending frå heidersplass!
OLE CHR. RISDAL Den 7. juni 1945 stod Arne Risdal frå Skåbu (1923-2015) på ein balkong i Oslo, og fekk med seg at kongefamilien endeleg kom attende etter fem forferdelege år. Det er sagt at det var over ein million menneske i hovudstaden den dagen. Takka vere ein god ven fekk han eit minne for livet da han fekk moglegheit til å oppleve dette på nært hald. Høyr Arne fortel om dette sjølv:
Filed under Krig