Da Iver Lo vart arg

Lo

Margit og Iver Lo i 1934. Foto frå Anne Mari Lo

ANNE MARIE LO: Iver Lo tok over garden i 1934. Det var harde tider her som mange andre stader. I ein periode var det så gale fatt på Lo at Iver ikkje visste korleis det hadde gått, om han ikkje hadde fått låne pengar av ein sambygding. For landbruket var mellomkrigsåra kriseår med gjeld, fallande prisar og overproduksjon. Menge gardar vart selde på tvangsauksjon.

Slakting og sal var lenge eit problem for bøndene i Fron. Mange slakta heime, men prisen dei fekk, var dårleg. Ivar fortalde at oppkjøparane som kom til gards, forventa både servering og dram. Dei sat gjerne og akkederte heile dagen for så å gje lite eller ingenting attende.

Etterkvart vart det levering til Kjøtthallen i Oslo. Barnebarnet Erik H. Sønstelie gjenfortel levande ei historie som vart svært viktig for Iver sitt engasjement i landsbrukssamvirket:

Det er i de harde 30-årene. Iver er reist til kjøtthallen i Oslo med slakt. Det er mange selgere, mange dyr. Støy, bråk og handel. Men gårdbrukerne, som er kommet fra mange kanter av Østlandet, er fullstendig prisgitt karene i skalkhatt, som går rundt og skambyr på dyrene. Den unge gårdbrukeren fra Nord-Fron blir etterhvert så arg at tårene presser på. Det er ren utbytting, regelerett ran: Skal han få solgt, må han nærmest gi fra seg grisene. Iver laster opp dyrene på bilen igjen. Det er et siste desperat forsøk på å få bedre pris for grisene han har med seg. Da blir han budt åtte kroner. Åtte kroner! Iver sier tvert nei, snur sint og såret på hælen, setter seg inn i bilen – og drar hele veien hjem til Vinstra. Pokker heller, han nekter å legge seg flat. Uken etter selger han i smått – for tolv kroner!

Denne historia fortalde Iver gong på gong gjennom åra. Det var slike erfaringar som fekk han til å erkjenne at bøndene måtte samle seg, så dei kunne stå sterkare.

Rett etter at krigen var slutt, tok Iver initiativet til ein slakteriorganisasjon i Nord-Gudbrandsdalen.

Frå artikkelen «Iver Lo – ein framsynt stridsmann» i Fronsbygdin 2005

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s