Kampen for vatnet i Sødorp

JOHANNES BRANDVOL: Få bygder har vore meir avhengig av vatning enn Sødorp i Nord-Fron. Her er åkrane solvende og ofte bratte. Med den tørkesvake jorda og den mest årvisse forsommartørken er det oftast vassmangel som sett grense for avlingane. Vatningsveiter kravde mykje vatn, og dette kom ofte frå ein bekk som tørka inn når det var mest bruk for vatnet. Tjønner som låg lagleg til, vart difor demt opp for å tene som vassreservoar, og Avstjønna på Sørdorpfjellet var ei av desse. Filmen viser korleis vatninga gjekk føre seg lenger nord i dalen.

vatning

Den veste elva Sula, som renn ut frå Avstjønna, er livåra som i turre somrar har gjeve grønfarge og avlingar i deler av bygda. Men elva har ei sterk vekslande vassføring og renn gjennom den tronge Ådalen. Den er så djup, bratt og ulendt at det er berre i nedste delen av bygda det er mogleg å få vatningsvatn rett frå elva.

For omlag 300 år sidan gjekk derfor 13 gardar i Sør-Fron saman om eit vatningsprosjekt, som fortsatt er i full drift. Desse gardane var: Uppigard Skoe, Nidgard Skoe, Ilstad, Nordgard Hågå, Søre Hågå, Uppigard Tokse, Nordgard Tokse, Nigard Tokse, Litlgard, Nordgard Brandvol, Sygard Brandvol, Nigard Brandvol og Moen.

I den vestre enden av Avstjønna vart det mura ein dam og grove ein kanal, slik at tjønna kunne demmast opp og tappast ned. Nedtappinga skjedde gjennom to ti-toms trestrutar i lik høgd, stengde med luker. Lukene var i ein mura brunn i dammen under eit lite timbra hus, nemnt som «teppinga» og «teppingshuset».

Også Søre Fjelltjønna vart regulert. Den ligg lenger inn mot Gråhøa. Restane etter dammen her er fortsatt synleg, men ingen hugsar å hå høyrt at den var brukt. Grautbekken stuper ned fra Fjelltjønna og renn saman med Sula framom Avstjønna. Frå Avstjønna er det 3-4 km fram til Hågådammen. Denne vart bygd for å dele frå vatnet som skulle til øverbygda.

Tradisjonen seier at dammen vart øydelagt av ein flom, truleg storflommen i 1860. Da dammen var oppattbygd, skulle det ha vore usemje om høgda på dammen og om plasseringa av utløpet til Hågåveitra, men det er ikkje funne dokumentasjon, korkje om dette eller om fordelinga av vatnet mellom dei 13.

Frå Hågådammen starta gravinga av Hågåveitra. Etter nye 3-4- km vart vatnet til Ilstad og Skoegardane leidd til Ilstadbekken, medan vatnet til Hågågardane og Solbjør held fram i Hågåveitra og sidan Hågåbekken. Solbjør deltok ikkje i reguleringa, men Hågåbekken renn nedover deira eigedom. Etter tradisjonen hadde Solbjør retten til «det vatnet som går gjennom eit navarhol.» Truleg var det litt vatn i bekken som kunne brukast til vatning også før reguleringa. Ved eit rettsforlik i 1857 fekk garden rett til 1/5 av vatnet i bekken før sankthans, 1/7 etter.

Gardane lenger ned i bygda tok vatningsvatnet rett frå Sula. Kvar gard hadde sin eigen timra dam. Frå dammane og ut av Ådalen rann vatnet i trerenner. Rennene låg på mura eller timbra/snekra bukkar, enkelte stader var dei festa med smidde jernboltar i fjellveggen. Vidare fram til gardane var det mest veitrer.

Fram til Litlgard og Brandvolgardane gjekk det fire renner og veitrer med liten avstand. Likeeins var det for dei tre Toksegardane.

Det er underleg at det etablerte samarbeidet ikkje heldt fram heilt til gards. Både anlegg og vedlikehald måtte vore langt rimelegare med fellestiltak, i alle fall til dei kom ut av Ådalen. Det ser ut til at var det nokro råd, ville alle ha kvar sitt.

Lengst nede var det fire vasstak som kom til  seinare. På nordvestsia av Sula var det veitra til Pina, Milsteinstugu (nå Fron bygdatun), Brustugu og klokkargarden Molykkja. På søraustsida var det fyrst veitra til øvre og nedre Sandbakken, Greina og Lykkjom, så til Gutu, Kirkvang og Gutubakken, og til slutt veitra til Svea.

Eigarane av kvar veiter heldt nøye greie på kven av dei som til kvar tid hadde retten til vatnet. Inntaksdammen til Svea, nå Soilbrå i Sørdorp, vart for nokre år sida sett i stand for å gje vatn til kvernhuset og oppgangssaga til historielaget.

Sjølv med reguleringa av Avstjønna og Fjelltjønna var dei ei avgrensa vassmenge dei rådde over. Og mykje av vatnet sokk ned både i Hågåveitra og i dei lange veitrene fram til gardane. I turre år, og det er dei fleste i Sødorp, må det ha vore «kamp» om vatnet. Enkelt var det ikkje å få delt frå rett vassmengde til Hågåveitra og Ilstadbekken. Vidare måtte dei hindra at dei med dei øvste vasstaka tok ut meir enn sin del. Som sagt manglar vi dokumentasjon om denne vassdelinga, men gjennom generasjonar må det ha utvikla seg truleg uskrivne reglar, som har fungert rimeleg bra.

Frå artikkelen «Tidleg vatning i Sødorp», Fronsbygdin 2012

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s