Daily Archives: 18. mai 2015

Korleis fekk frøningane salt?

Opp frå sjøbygdene på Vestlandet og over fjellet til dals. Bilde frå fengshuidana.com

IVAR KLEIVEN: Ein kan undrast på  korleis dølabygdene kunne nå sjøbygdene, som dei sikkert var nødde til, for å få det saltet dei hadde bruk for. Det var greit at dei øydde så lite av det slaget som mogleg, men til kjøt, smør og fisk var dei vel nødde til å ha salt, skulle dei berge desse matslagene noko tid. Og nokon særeigen måte å berge desse matvarane på var det vel knapt om dei kjende til i dei eldgamle tidene heller. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon