RAGNAR ØVRELID: Det vart ikkje lovlause dagar i Fron etter 8. mai 1945. Heimestyrkane drog rundt i bygda med lastebil og henta NS-folk, som skulle arresterast. Det vart ingen samanstøytar. I Sør-Fron arresterte dei 30 personar, ein del slapp fri med meldeplikt. I alt vart 51 personar, alle menn, sette i varetekt i Fron. Dei vart internerte i 14 dagar på Folkets hus på Harpefoss under nokså kummerlege forhold.
Sidan overførte politiet varetekstfangane til folkehøskolen i Ringebu. Der vart mange sittande i flerie månader. Dei som tenker tilbake på denne tida, klagar ikkje så mykje over den behandlinga dei fekk. Men maten var elendig, og det var alt for lite av den. Ein som sat der, gikk ned 20 kg i vekt på fire månader. Ut på hausten kom fangane i Trararo på Lillehammer og fekk det nokre betre i matvegen. Les meir