Dei var mjuke nå

tyskeslutt

Tyske soldatar på veg heim i mai 1945. I Sødorp budde dei på skolen og på Sulheim. Foto: Mabel Hage.

RAGNAR ØVRELID: Ein som var ung i maidagane 1945 fortel:

Utover dagen var gatene på Vinstra fulle av folk. Alle skjønte at noko var i gjære. Av Johan Dahl på telefonsentralen fekk vi vite meir etter kvart. Om ettermiddagen vart det klart at tyskarane hadde gitt seg. Flagg kom fram. Nå skulle det festast. Kunne vi skaffe oss noko å drikke? Brennevin fanst ikkje. Men vi kjende tannlegen. Ein av oss gikk op til han og kom tilbake med ein porsjon 96%. Ikkje så mykje, men nok til oss, uvande som vi var med den slags.

Ved Vinstra hotell budde kjøthandlaren. Han var NS-mann og hadde radio. Vi drog dit. Han sat og spelte sjakk med ein tyskar frå hotellet. Dei var mjuke nå, så vi fekk kome inn og høyre nytt. Blendinga var oppheva, meldte radioen. Ein av oss strauk rett heim, reiv ned blendingsgardinene og trakka dei ned i vedkassa så alt brotna.

Så bar det ut att. På «Skåbu», annekset til Vinstra hotell, høyrde vi det var dans. Vi opp. Rommet var fullt av dansande mannfolk, alle hadde drukke.

Lensmannen budde på hotellet. Vi ville ha tak i han. Tyskarane som heldt til her, sa ingen ting da vi henta han. Han låg til  sengs i berre makkoen, med ein colt på nattbordet. Han var liten av vekst og vart nærast boren til dansesalen. Han fann seg i behandlinga, og ingen lei overlast.

Feiringa tok verdigare former etter kvart som folk vente seg til den nye fridomen.

Kommenter innlegget

Filed under Krig

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s