Gåvmild veteran

Tor Sæthersmoen, Linda Myromslien og Hans Petter Kleiven i Gudbrandsdal Krigsminnesamling. Foto: Dølen

Fredag 8. mai, ved 70 års-markeringa for frigjeringsdagen i Kvam, skal ordføraren dele ut regjeringas krigsminnemedalje til Tor Sæthersmoen som takk for innsatsen han gjorde under krigen. Historielaget har nå lagt ut seks utdrag om krigstida frå biografien om Tor Sæthersmoen på denne sida.  I 1940 var han for ung til å bli soldat. Han og kameratane sat i utkikkstårnet på Hedmarktoppen og såg på flya som bomba Elverum på jakt etter konge og regjering. I 1942 hjelpte han russiske krigsfangar med komme seg over til Sverige. Han måtte sjølv flykte. Så, endeleg, i 1944 kom han seg over til England. Der vart han send til kommandosoldat-kurs i Skotland. Dølen melder nå at Tor Sæthersmoen gir bort krigslitteratur og effektar til Gudbrandsdal krigsminnesamling og håper gåva kan gi fortgang i planane om ei utviding av krigsminnesamlinga.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Krig, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s