Monthly Archives: mai 2015

Då reinsflokkane reiste gjennom Fron

Farleg å skremme reinsdyra når dei fôr gjennom Fron! Foto frå lothiane.wordpress.com

IVER PEDERSEN FOSSEHAGEN: Ei tid, truleg i tidsrommet 1840 til 1880, kom det store reindrifter frå området rundt Røros den gamle Rørosvegen til Kvarvet. Herifrå tok dei seg ned i dalen, gjekk over isen på Laugen, fór så opp Nørdre Lia og vidare i retning Valdres. Truleg var dette sist i januar eller februar, og reinen fekk da kvile i området innover mot Sveiphuslykkja og Toftsetra nokre dagar. Under snøen kunne reinen finne mose til mat. Det blir fortalt at ein gong hadde det møtt fram så myje folk ved Skillestad for å sjå på reinsdrifta at reinen vart skremt. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon

Da Iver Lo vart arg

Lo

Margit og Iver Lo i 1934. Foto frå Anne Mari Lo

ANNE MARIE LO: Iver Lo tok over garden i 1934. Det var harde tider her som mange andre stader. I ein periode var det så gale fatt på Lo at Iver ikkje visste korleis det hadde gått, om han ikkje hadde fått låne pengar av ein sambygding. For landbruket var mellomkrigsåra kriseår med gjeld, fallande prisar og overproduksjon. Menge gardar vart selde på tvangsauksjon. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

To dølastudenter i Oslo under krigen

Norges veterinærhøgskole i 1945

HELGE STORMORKEN OG HANS GOTFRED SANDBU: Vi skal mimre litt om livet fra høsten 1942 på veterinærhøgskolen i Oslo. Tor Jonsson beskrev bygdedyret. Vi opplevde at det også var et bydyr. Det var et annet, men ikke mer godartet. Byfolk hadde ikke stor sans for oss fra landet. Vi fikk oss en hybel. Vi hadde ikke kontakt med våre verter, unntatt når vi betalte husleie eller ville høre om det var ledig på do. Ikke en kopp varmt ble vi tilbudt under alle fem årene vi bodde der. Slike forhold skremte storparten av landsungdommen i Oslo til å samle seg i bygdelagene. Et tjuetalls lag ble stiftet. De hemmet nok i betydelig grad integreringen mellom land og by. Undrer det noen at det nå ikke går på skinner for dem som har et noe mer eksotisk språk enn dølamål? Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Flåklypa Skåbu

Bli med Arne Vestbakken og kjør Skåbu-Vinstra på fire minutt.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Flystyrt og villkjøring på Vinstra

Du trur ikkje at bilde lyg? Sjå kva for ei historie Fredrik Weikle fortel på videoen frå Sødorptunet. Men denne historia under, på same staden, er sann:

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Kongsvegen – ein slitsam ljoskastar

Litografisk reproduksjon av et maleri av Adolph Tidemand til Norske Folkelivsbilleder utgitt i 1854.

IVAR KLEIVEN: Konsgvegen, almannavegen frå Oslo  til Nidaros, var berre eit råk, ein skarve rideveg, som ikkje før 1700 vart farade med hjulkopp. Men denne kleine, bakkete, tungvinte vegen vart ein kulturberar, som til kvar tid førde med seg emne til framvekst både for åndsliv og næringsliv. Han var ein umissande ljoskastar for desse avstengde fjellbygdene og ga dei høve til å få ein og annan gløtt av liv og framvokst ute i den store verda. På denne måten har denne kronglete almannavegen gjennom heile medelalderen gagna dalen mer enn nokon kan tenkje seg. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Gammel espedøl funnet død i fjellet

Ola Paulsen: Dette kan vera Iver Karlsrud. (Gryttingslien). Hette det før han tok navnet Karlsrud. På dette bilde står det Anne Gryttingslien med sønn. Tatt 1898. Mor til Iver hette Anne. Bilde fra Maihaugen. Frå FB-sida Du væt du e frå Sør-Fron når…

En gammel mann fra Espedalen, føderådsmann Iver Karlsrud, tok 6. desember 1918 over fjellet til Fron, der han hadde et ærende å utrette. Forutsetningen var at han skulle være hjemme igjen i neste uke. Men da han ble borte lenger enn forutsatt, ble der telefonert til Fron etter ham. Her fikk man den beskjed at han hadde antydet å ville ta tilbakeveien om Fåberg og Lillehammer. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar

Gaalaa sæter

galaseter

Ragnhild Karen Wadahl: Gålå Seter var det opprinnelige navnet på Wadahl Høyfjellshotell. Ved siden av hotellet lå den opprinnelige Gålå seter, som var setra til Heggerud. Bildet er antakelig tatt rundt 1920. Heggerud-setra ble flyttet ned kvea etter krigen i forbindelse med at hotellet ble fradelt. Frå FB-sida Du væt du e frå Sør-Fron når..

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Setring, Verksemder

Korleis fekk frøningane salt?

Opp frå sjøbygdene på Vestlandet og over fjellet til dals. Bilde frå fengshuidana.com

IVAR KLEIVEN: Ein kan undrast på  korleis dølabygdene kunne nå sjøbygdene, som dei sikkert var nødde til, for å få det saltet dei hadde bruk for. Det var greit at dei øydde så lite av det slaget som mogleg, men til kjøt, smør og fisk var dei vel nødde til å ha salt, skulle dei berge desse matslagene noko tid. Og nokon særeigen måte å berge desse matvarane på var det vel knapt om dei kjende til i dei eldgamle tidene heller. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Ta vare på 17. mai-historia

De yngste barna på Skåbu oppvekstsenter underholder 17. mai . Vist på NRK Østnytt 18.5.11.

Korleis tar du dei gode 17. mai-bilda? NRK og Aftenposten gir deg tips

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon