Daily Archives: 29. april 2015

Frøningar var med og berga det skandinaviske gullet

Skjermbilde 2015-04-29 kl. 21.16.44NRK har send eit dansk tv-program om gullet frå den danske og den norske sentralbanken, som såvidt vart berga frå tyskarane våren 1940. Programmet går svært så lett over den dramatiske norske gulltransporten. Du kan lese Hans Petter Kleivens spennande forteljing her. Og sjå programmet fram til 29. mai ved å klikke på bildet.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Krig

Da Vis-Knut vart mishandla i Fron

visknut

Knut Rasmusson Nordgarden. Foto: Jørgen N. Elstad

OLE M. STUBBERUD: Ein gong Vis-Knut (1792–1876) var på Sør-Fron og heldt møte, gjekk det reint gale. Midt på natta medan Knut låg i senga si, kom lensmannen med ein kaptein, ein løytnant, ein underoffiser og 5 mann med skarpladde rifler og braut seg inn på romet hans. Dei for stygt åt med han. Han vart rive opp or senga, og klæda braut dei på han, medan den eine fangrida (epileptisk anfall) tok han og den andre slepte han. Attåt spotta dei han og gjorde narr av han alt dei kunne. Då dei endeleg hadde fått på han klæda, drog dei han ut og la han på ei langslede og gjorda han fast med 3 reip. Men gong på gong gjekk reipa opp att som av seg sjølv, og han fekk slike fangrider at han spratt ende til vers og langt bort frå sleda.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Folketru, Menn