Diktarane på folkehøgskulen

Professor Francis Bull og styrar Are Stauri

RASMUS STAURI: Der folk møtest, blir det også historier. Folkehøgskulen på Kvam og på Hundorp var i drift i åra 1902-1987. Frå starten i Kvam i 1902 fram til 1970-talet var brevet den vanlege kommunikasjonsforma mellom styrarfolka og verda utanom.

 Her er nu influensa på gården. Går jeg fri av den og befinner mig vel, så kommer jeg lørdag 16de. Det er kanske muligt , at jeg taler samme kvæll. Så taler jeg atter søndag. Bjørnstjerne.

Det skriv Bjørnson til folkehøgskulen på Kvam. I arkivet etter folkehøgskuleåra på Hundorp ligg det brev etter folkehøgskuleideologen og presten Christopher Bruun, Kristoffer Janson, diktarane Bjørnstjerne Bjørnson, Marie og Knut Hamsun, Sigrid Undset, Tore Ørjasæter, Olav Aukrust, professor Fredrik Paasche og frå fleire skulefolk.

Nokre brev lyfter seg over kvardagen og har absolutt interesse i dag – ikkje uventa i ei skuleform der den historisk-poetiske forståingsideologien var så sterkt understreka.   Denne dokumentasjonen teiknar bilete av ei skuledrift som desse brevskrivarane ikkje stilte seg likegyldig til, anten bakgrunnen var vennskap eller faglege spørsmål.

I det handskrivne brevet får ein tid til å tenkje etter og å grunne over mangt og mykje. Ja, ein får også tid til å vera personleg på ein annan måte enn i ei rask SMS-melding eller ein samtale på telefon, kanskje. Brevet er ein langsam sjanger. Og det kan vera ein kunstnarisk og poetisk sjanger. I norsk litteraturhistorie er det mange gode og store brevskrivarar. Det er nok å nemne Alexander Kielland, som skreiv brev som om det skulle vera noveller. Det er perler av skrivekunst. Rørande lesnad med stor tids – og personleg verdi er dei mange Amerika-breva som ligg att rundt om. Det er dokument frå dei som laut reise ut for å finne levebrød og klare seg i der borte på 1800- og 1900-talet. Det er ofte hjarteskjerande lesnad om naud, lengt og varm kjærleik til dei i familien som vart att her i landet. Brevsjangeren femner vidt og har hatt stor verdi for  ettertida. Både for forskarar, men også for han som bryr eg om familiehistorie, eller for ho som er interessert i lokalhistorie.

Fredrik Paasche (1886-1943)

I brevsamlinga åå folkehøgskulen ligg det mange brev etter professor Fredrik Paasche,  som frå 1917 og fram til han døydde i Uppsala var ein svært nær ven av folkehøgskolen, og med dei som dreiv skulen på Hundorp. Han kom ruslande inn på gardsplassen etter å ha kome frå Kristiania ein sommardag i 1917 med desse orda. «Mitt navn er Fredrik Paasche. Jeg er bedt om å holde noen foredrag her».  Seinare vart besøka mange, og han vart til god hjelp i skuledrifta. Som brevskrivar er han varm og forståingsfull. Han vart den sanne venen som let mange ord dekkje den inderlege vennskapen han kjende til høgskulefolket og til den historiske staden Hundorp. Han snakka systematisk om «det høie Hundorp!». Og han skreiv nokre av bøkene sine på folkehøgskulen, ikkje minst den banebrytande boka om Kong Sverre vinteren 1919/1920. Boka kom i 1920 og vart fort utseld. Fleire av dei mange breva frå Paasche er av meir privat karakter og eignar seg ikkje i denne samanhengen, men stiltonen og utttrykksmåten frå Paasches gode penn kjem kanskje fram i dette vesle personlege dokumentet frå 1923: «

Kjære, takk for ditt snille brev, og takk for sist. Jeg er begravet i Eddadigning. Jeg kan visst ikke række opover før ca 26-27. Da telegraferer jeg. Tilgiv mig denne kortheten. Det er gamle Voluspaas skyld. Din hengivne Fredrik P.

Men sine omfattande kunnskapar og sitt vennlege sinn vart han ein framifrå omvisar og foredragshaldar, der emna var mange frå norsk litteratur og historie. Sommarstid kunne han gå dag etter dag blant kulturminna frå førkristen tid og dele kunnskapen sin med dei mange som følgde etter i historiske fotspor. Paasche kjende seg heime blant kulturminna frå førkristen tid. Det er sagt at han ein gong etter ei omfangsrik omvising til slutt fekk dette spørsmål frå ein interessert medfølgjar: «Si meg, Paasche,- er husene også fra Dale-Gudbrands tid?» Da var det at Paasche på sitt vennlege vis svara: «Ikke husene, frue, men grunnen!» ”Min kone er et usedvanlig fint og hyggelig menneske” sa Paasche, I aprildagane 1940 stod han og ein til på ein av gravhaugane på Hundorp og såg eit tysk  fly styrta litt lenger sør i dalen. Da var det Paasche kommenterte: ”Men dette tror jeg vil glede henne umåtelig!”

Bjørnstjerne Bjørnson (1832-1910)

Somme brev som ligg att grip i større grad inn i ein debatt, som to brev av Bjørnstjerne Bjørnson (1832-1910). La oss ta til med eit brev frå diktarhovdingen på Aulestad i Bjørnson-året. Etter unionsoppløysinga i 1905 vart målspørsmålet viktig; kva for språk skulle det frie Norge ha, og kva skulle ein kalle dei to variantane av det skriflege utttrykket her i landet. Dei ideologiske frontane spissa seg til, og Noregs mållag vart stifta i 1906 og Riksmålsforbundet året etter. Bjørnson dreiv ein einsidig og til dels primitiv agitasjon mot landsmålet og var nok i mangt redd folkehøgskulefolket og folkehøgskulen i målspørsmålet. Der kom dei ikkje overeins. Bjørnson var den fyrste formannen, som det heitte den gongen, i Riksmålsforbundet i 1907, tre år før han døydde 78 år gammal. Han vart i 1907 invitert til Vik i Kvam og svara på denne måten i brevform, skrive i april 1907. Han tek til slik:

Aulestad 1907 27/4

Kjære Stauri,  jeg vet at jeg samler folk når jeg mælder mig til ta del i ungdoms-møtet. Jeg må, uten ubeskjedenhed gå ut fra det, når jeg gjør det til et vilkår, at jeg vil ikke være med å samle folk til ytterligere agitation mot vort kultur-sprog, hværken direkte eller indirekte. Skal der ved siden av mig nogen træde op i denne agitationens tjeneste, direkte eller indirekte, så kommer jeg ikke. I motsat fald kommer jeg for å tale om forholdet mellom den norske skole og den norske kirke. Deres Bjørnstjerne Bjørnson

Han hadde ingenting å frykte, og han kom. Det var vanleg å samle mykje folk rundt omkring på skulane til såkalla «folkemøte», og dette vart siste gongen Bjørnson tala på ein folkehøgskule før han vart sjuk og døde i 1910. Ein legg elles merke til at han ikkje var følgjestreng i rettskrivinga ut frå dei reglane som galdt den gongen, men det er ei anna historie! Det ville ikkje likne han å følgje påbod frå styresmaktene når det galdt rettskrivingsreglar.

Tore Ørjasæter (1886-1968)

Det finst att brev frå andre diktarar som gjennom fleire år vitja skulen anten som gjest eller som foredragshaldar. Ein slik kar er Tore Ørjasæter, som i fleire år budde i Øyer, gift som han var til Skaaden i Øyer med si Rønnaug. Han var i fleire år, ikkje minst ved dei nordiske pedagogiske sommarkursa fast gjest ved skulen som foredragshaldar. Det tør vera kjent at det nok har funnest meir praktiske folk enn Tore Ørjasæter, men sjølvirioni og distanse til eigne lyte var ikkje framand for han. Det er fortalt at han ein sommardag kom til gards berande med eit sneis egg med følgjande utsagn: ”Sjå kå ho ha sendt med meg kjerringje; eg skulle freste å selja desse så døkk skull´sjå at eg er til nogo, eg au!” Det var han så absolutt, sjølv om desse orda ber preg av humor og sår distanse, og med tydeleg sjølvironi.

Skjåkveren og gudbrandsdaleslyrikaren Tore Ørjasæter var ein farande mann, og fararmotivet er eit grunnmotiv i forfattarskapen hans. I 1930-åra var han i Tyskland etter at Hitler hadde teke makta og terorregimet synte seg tidleg fram med sitt inhumane menneskesyn. Ørjasæter skriv i eit brev til Lise Stauri:

Tysklandsturen var forvitneleg nok. Den nye mentalitet der nede var noko å bistne på for ein framand. Og vi nordiske vart svært godt mottekne. Det var mest for mykje av det gode. Vi skulle vera av rein rase forstår seg. Det var eit reint Eldorado for litt halvstygge mannfolk av nordisk type. Då hadde ein  Landschaft i andlete. Eg var jamvel so heppeleg at eg hadde nokon stive håttuster på nasen, ”Nasenwald”, og det var reint framifrå. Og da kann du tale um fotografering! Minst ein hundrad gonger, med skrukker og hår og pipe og alt. Det var store vide fotoflak som brødleivar. Men eg torde kje sende heim nokon av dei til kjerringi, for eg vilde kje skræme henne i utrengsmål der ho budde i einsemdi. Det var på voni um ho var fyrebudd på te sjå meg att som Urmench (ordet er understreka). Og brev frå raseforskar og alt! Hø! Det var ei ugreide! Eg har kje svara på noko av det, og har dertil vondt for te klare retskrivingi på Urspråket. Heppelegvis er eg heime att. Tufsar meg elles burt med småbruket, trur aldri eg kjem so langt at eg kann ha ei høne eller geit for ikkje te tale um um ku. Har drive eit halv år med ei vatsleidning, men har kje fått det i orden endå. Ja, ja det fæ våge seg. Du fær ha det riktig bra, og helse alle Dine. Med dei aller beste helsingar frå Tore Ørjasæter

 Ein gong han kom, sa han: ”Eg ha´vore i Danmark, eg nå». ”Kå du ha gjort der da,” vart det spurt. ”Eg ha vore på kurs”. ”Kå gjekk det kurset ut på da?” ”Det va nå forskjellig litteratur, det da”, svara Ørjasæter. ”Så var det ein nordmann som bar fana”, sa han.”Kå han hadde skrive, da?” ”Han hadde skrivi ei bok om fotsveitte!” svara diktaren.

Notat frå Marie og Knut Hamsun (1959-1951)

Året er 1931. Eit lite notat frå Knut Hamsun ligg i brevsamlinga. Det fortel mykje om diktaren Knut Hamsun – ikkje lite nevrotisk i karakteren. Bakgrunnen er denne. Beste mor mi, Lise Stauri, hadde skrive til Marie Hamsun og bede om eit pengebidrag til ei dotter av Hamsuns brorson, Martin Olsen. Jenta var elev ved folkehøgskulen, men makta ikkje gjera opp for seg. «Brevet» frå Hamsun er eit notat til Marie, som truleg skulle skrive det om og sende det til Lise Stauri. Men i staden hadde Marie Hamsun lagt ved Hamsuns notat. Der skriv diktaren:

Du faar sende 50.- Men det skal ikkke sies at det er fra mig. Forresten heter ikke den Piken Hamsun. Hendes Far har hverken i Amerika eller i Norges nogensinde hett Hamsund. Han var ikke fra Gaarden Hamsund, men fra en Plass som hette Rønningen, han kaldte sig aldrig anden end Martin Olsen. Hans Bror Ottar begyndte at kalde sig Rønning, han er nu død. Pigen vil klænge sig ind paa mig, det er Saken. Men jeg faat litt for meget av Slektskapet med mine Brorbørn og mine Brødres Børnebørn. Faar hun Lov av sin Bestefar kan hun kalde sig Rønning. Hansundnavnet er for hende et Falskneri.

Marie Hamsuns følgjebrev har dette innhaldet.

Nei, kjære bed den piken ikke takke. Hun kan jo takke Dem og de har jo takket mig. Knut vilde ikke like å få brev fra henne – han er rædd alle mennesker, tør ikke vise en vennlighet for ikke i næste øieblikk å måtte avslå bønn om penger. Da vi nu kom tilbake efter 3 ukers reise, lå her en dynge på noen og sytti tiggerbrev! Det er de dårlige tider. K. blir syk av all den elendighet som vi umulig kan ta oss av. Si til piken at der er takket nok! Deres Marie Hamsun.

Herman Wildenvey

Det finst brev frå Herman Wildenvey også, og det er nok fordi han var ein del nytta som foredragshaldar og opplesar rundt 1950 og frametter på 1950-talet på dei nordiske sommarkursa kvart år. Wildenvey var ein svært populært lyrikar og hadde eit høgt verdsett namn i samtida. Det er heller ikkje ukjent at han hadde eit godt auga til kvinner og kvinnene mislikte heller ikkje å vera der han var. Særleg var det å få høre dikt frå hans diktarpenn ei oppleving, kunne mor fortelja. I månadsskiftet juli-august 1949, nokre dagar før denne skrivaren såg dagsljoset fyrste gongen dreiv mor høggravid og strauk klede ute på gardsplassen medan Wildenvey sat attmed og las dikt i solsteiken. Dette gjekk svært heilt til diktaren ikkje las meir. Mor kom til å vende seg mot han  og spurde kva som var gale. «Er du sjuk?» Da var det han svara medan tårene rann nedover kjakene: «Det finnes ikke noe vakrere enn enn vordende mor!»

Wildenvey likte ikkje at folk kom og prata for mykje med han – han ville sjølv vera den som søkte dei han ville prate med. Det var ein gong ein lærar på eit sommarkurs som flaug i helane på diktaren,- han gneg og grov. Ein dag gjekk han bort til diktaren og sa: «Ja, du Wildenvey, eg har lese alt du har skrive!» Da svara Wildenvey i det han kikka over brillekanten: «Virkelig?»

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn, Språk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s