Daily Archives: 15. april 2015

Vardane brenn!

varde

Ikkje somne på vakt! Bilde frå bardal.info

TOR ILE: I Fron var det fem krigsvardar: På Steigskampen, ved Kjorstad på Skuteil’n, ovanfor Sandbu i Ruste, på Forbrigdskampen og på fjellet mellom Kvam og Heidal. I lange fredsbolkar kom vardane noko til nedfalls, men i utrygge tider laut dei vera i orden. Under tjueårskrigen (1700-1720) vart både vardar og vaktstuer sette i god stand. Vardevakta laut gardane ta etter tur og omgang; det var ei byrdefull plikt attåt alt det andre, serleg i langdryge ufredar, da vakta kunne vara i åresvis. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon