Otrevnad dersom ikkje kjerringa breidde trevnad

«Ugjort arbeid i eit hus hemnde seg sjølv.» Hanna Moen på Haugsetra. Bilde frå Alice Tungen, Kvam Historiske Forening

IVAR KLEIVEN: Ei kjerring og husmor på ein medels gard hadde nok å gjere til alle tider og var gjerne den fyrste som var oppe om morgonen og den siste som roa seg om kvelden. Og kravdest det omtanke av mannen på ein gard, så kravdest det kanskje enda meir av ei husmor, som gjorde alvor av å ha den beste gjerd´a på alt kvinnfolkstellet på garden.

Heile gardsdrifta kom det kôt og otrevnad på, dersom ikkje kjerringa, husmora, matmora var liksom den som breidde trevnad og hugnad over dagliglivet på garden. Ho sørgde for mat og klede, og ho laut ha augo etter alt på kvinnfolksida, både ute og inne.

Kosthaldet i eldre tider på bondegardene var endeframt, men dagane i eit år er mange, og måla er fleire, og den som er husmor og skal berge seg det lange året igjennom med det som avlast på garden, fær ikkje ause ut forutan å tenkje på dagane som kjem. Laut mannen på ein gard ha alle trådane i si hand, så laut visst kjerringa ha dei i hendene på kvinnfolksida, og ho fekk ofte ennå fleire strengjer å halde greie og strake, enn mannen sjølv. Det var maten, og det var kleda å ha i tankane, både for tida som var og den som kom, og det var om å gjera å nytte tida og stunda for å ha unnagjort eller førebudd alt som til ymse tider laut gjerast, for ugjort arbeid i eit hus hemnde seg sjølv.

Det var aldri stans i arbeidsdriften på ein velstelt gard, arbeidet rokkte året omkring både ute og inne, og ingen i huset som var helsaug, fekk gå og slengje.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s